El Lisitskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lodwick i 1914

Lazer "El" Markovitsj Lisitskij (russisk: Эль Лисицкий; eigentleg Лазарь Маркович Лисицкий) (23. november 189030. desember 1941) var ein russisk målar, grafikkdesignar, arkitekt, typograf og fotograf, samt polemikar. Han var ein viktig aktør i den russiske avantgarden, ytte sitt til å utvikle suprematismen saman med Kasimir Malevitsj, og designa tallause kunstutstillingar, framsyningar og propagandaarbeid for Sovjetunionen. Stilen hans kom i si tid til å prege formutviklinga. Størst innverknad hadde verksemda hans på kunstrørslene Bauhaus og De Stijl, samt kunstretninga konstruktivisme som han var med på å grunnleggje.

Lisitskij prøvde seg med talrike, heilt ulike metodar og idear. Mange av dei hadde stor innverknad på samtidskunsten, særleg innanfor område som grafikkdesign, utstillingsformer og på arkitekturen. Geometriske element vart forvandla til lettfattelege, politiske symbol. Lisitskij forkasta blysatsen, som han fann formmessig innskrenkande, og varsla slik overgangen til fotosats. Lisitskijs aktivitet basert seg på ei tru påat kunstnaren kunne vere ein agent for endring, seinare oppsummert med hans programerklæring, "das zielbewußte Schaffen", den målbevisste skapinga.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lisitskij var fødd i småbyen Potsjinok. Etter barne- og ungdomsår i Vitebsk og Smolensk søkte han i 1909 plass på St. Petersburgs kunstakademi, men vart avvist ettersom han var jøde. Berre eit avgrensa tal jødar fekk plass. Til liks med mange andre russarar i same situasjon reiste han deretter til Tyskland og studerte 1909-14 arkitektur på den tekniske høgskulen i Darmstadt under professor Joseph Maria Olbrich. Han avslutta studiane i 1915 med ingeniørdiplom.

Sommaren 1912 reiste Lisitskij gjennom Europa, brukte tid i Paris og gjekk mange mil til fots i Italia. Han lærde seg sjølv i dei skjønne kunstar og laga skisser over bygningar og landskap han vart interessert i. Interessa hans for gammal jødisk kultur oppstod i kontakta med ei gruppe russiske jødar som heldt til i Paris. Skulptøren Ossip Zadkine, ein livslang venn av Lisitskij frå barndomen av, var leiande i gruppa som overfor Lisitskij berrla konfliktar mellom ulike grupper i diasporaen. Same året, 1912, vart verk frå hans hand for fyrste gong tekne med i ei utstilling, halden av St. Petersburgs kunstnarforeining. Han budde i Tyskland til utbrotet av 1. verdskrigen. Saman med mange landsmenn vart han då tvinga til å reise til heimlandet, ei ferd som gjekk gjennom Sveits og over Balkan.

I Moskva arbeidde Lisitskij for arkitektane Boris Velikovskij og Roman Klein, samstundes som han studerte ved eit polyteknisk institutt. Eksamen som ingeniørarkitekt tok han i 1918.

I 1917 oppheva Kerenskij-regjeringa eit dekret som forbaud trykking av hebraisk litteratur. Lisitskij gjekk då i gang med jødisk kunst, stilte ut arbeid av lokale jødiske kunstnarar, reiste til Mahiljov for å studere tradisjonell arkitektur og ornamenta på gamle synagogar, og illustrerte mange barnebøker på jiddisch. Hans fyrste bokdesign kom i 1917 med boka Sihas hulin: Eyne fun di geshikhten (Ein daglegdags samtale). Her fanst hebraiske ord i ein stil som viste sans for art nouveau. Neste boka hans var ei visuell gjenforteljing av den jødiske Passover-songen Had gadya (Ei geit). I denne boka viste Lisitskij ei typografisk oppfinning som han seinare nytta ofte. Han integrerte bokstavar og bilete gjennom eit system som matcha fargane til karakterane i soga, med ord som refererte til dei same karakterane.

I oktoberrevolusjonen 1917 såg Lisitskij ei kunstnarisk og sosial nybyrjing for menneskeheita. Temaene i verka hans tok sterkt preg av den politiske innstillinga hans.

Avantgarde. Suprematisme[endre | endre wikiteksten]

Bokomslag frå 1922

I mai 1919 vart Lisitskij invitert til Vitebsk for å undervise i grafiske kunstar, trykking, og arkitektur på den nystarta Folkets kunstskule. Invitasjonen kom frå den jødiske kunstnaren Marc Chagall, som hadde skapt skulen etter å ha vorte kommissær for kunstsaker i Vitebsk i 1918. Lisitskij vart engasjert i utforming og trykking av propagandaplakatar. Han var ein aktiv og drivande læremeister. Mengda av desse plakatane er nok til å rekne dei som ein eigen sjanger i Lisitskijs arbeid.

I oktober 1919 kom også Kasimir Malevitsj til skulen i Vitebsk. Han var full av idear, Lisitskij vart inspirert av mange av dei. Derimot støytte ideane mot synet til det lokale publikum og hos kunstnarane som likte figurativ kunst. Malevitsj bytta ut klassisk undervisning med sitt eige og spreidde sine suprematistteoriar og -teknikkar. Chagall heldt på klassiske ideal og Lisitskij, lojal mot Chagall, vart sliten mellom desse to syna på kunst. Til sist valde Lisitskij Malevitsj si suprematisme og braut med jødisk tradisjonskunst. Straks etter forlet Chagall skulen.

Lisitskij gjekk heilhuga inn for suprematismen, godt støtta av Malevitsj utvikla han stilen vidare. Kanskje det meste kjende verket av Lisitskij i denne perioden var propagandaplakaten «Slå dei kvite med den raude kilen» frå 1919. Biletet av den raude kilen som smadrar det kvite formidla ein kraftfull bodskap som ikkje etterlèt tvil om intensjonen. Med sin politiske symbolikk var arbeidet eit av Lisitskijs viktige steg bort frå Malevitsj sin gjenstandsfrie suprematisme, og over til ein særeigen stil.

Vinteren 1920 vart Listskij med i kunstnargruppa UNOVIS (Utøvarar av ny kunst). Under Malevitsj si leiing arbeidde gruppa med ein «suprematistballett», koreografert av Nina Kogan, basert på futuristoperaen Siger over sola av Mikhail Matjusjin og Aleksej Krutsjonykh frå 1913. Operaen vart laga utan original orkestermusikk. Gruppa tok samla æra og ansvaret for verket, nesten alle delane vart signert med ein svart firkant. Dels vart dette gjort som ei hylling av eit liknande arbeid av Malevitsj, dels ei symbolsk tilslutning til kommunistidealet.

Gruppa vart oppløyst i 1922, men var avgjerande for spreiinga av suprematistidear i Russland og utanlands. Ho var viktig for Lisitskijs posisjon som ein av dei leiande i avantgarden. Signaturen El Lisitskij kjem til syne for fyrste gongen i det handlaga UNOVIS Miscellany, i to utgåver frå våren 1920, med hans manifest for bokkunsten; «boka kjem inn i skallen gjennom auga, ikkje øyra».

Med sine såkalla proun-bilete gjekk Lisitskij eit steg vidare. Bileta vart komponert av geometriske figurar, der siktemålet var å skape ei oppleving av rom på ei todimensjonal flate. Utdanna som arkitekt såg Lisitskij på arbeida sine som samhandlingar mellom arkitektur og biletkunst.

Proun[endre | endre wikiteksten]

1o Kestnermappe Proun, 1923

Lisitskij heldt fram og utvikla sin eigen suprematiststil, beståande av ein serie abstrakte, geometrisk måleri som han kalla Proun. Kva som meintest med omgrepet «Proun» vart aldri heilt klarlagt. Nokre hevda det er ein samandraging av «proekt unovisa» (designa av UNOVIS) eller «proekt utverzhdenya novogo» (design til stadfesting av det nye).

Proun var i hovudsak Lisitskij si utforsking av det visuelle språket i suprematismen. Suprematismen hadde til dess halde seg til flate, todimensjonelle former. Lisitskij med sitt blikk for arkitektur og andre tredimensjonelle konsept, prøvde å take suprematismen vidare. Prounverka hans spenner over eit halvt tiår og utvikla seg frå vanlege måleri og litografi til tredimensjonelle installasjonar. Desse la grunnlaget for dei seinare eksperimenta med arkitektur og utstillingsdesign. Måleria var i seg sjølv kunstnariske, dei hadde likevel større verknad som rampe for å presentere dei arkitektoniske ideane hans. I desse verka vert basiselementa i arkitekturen, volum, masse, farge, rom og rytme, underlagt formlar tilpassa suprematist-ideala. Gjennom sine proun utvikla Lisistskij utopiske modellar til ei ny og betre verd. Denne tilnærminga, der kunstnaren skapar kunst til eit sosialt definert føremål, samsvara med programmet hans om den målbevisste skapinga.

Retur til Tyskland[endre | endre wikiteksten]

I 1921 byrja suprematismen å kløyve seg i to ideologisk motstridande leirar. Den eine gjekk inn for ein utopisk, åndeleg kunst, den andre for ein meir utilitaristisk kunst som tente samfunnet. Lisitskij var ikkje på linje med korkje og forlet Vitebsk i 1921. Han fekk jobb som russisk kulturattache og flytta til Berlin, der han skulle etablere kontaktar mellom russiske og tyske kunstnarar. Medan han var der, arbeidde han som forfattar og designar for internasjonale magasin og aviser, samt hjelpte fram avantgarden gjennom ulike gallerishow.

Under opphaldet utvikla Lisitskij dugleiken sin som grafisk designar med viktige verk som bøkene Dlia Golossa (Til røysta), ei samling dikt av Vladimir Majakovskij, og Die Kunstismen saman med Jean Arp. I Berlin vart han kjend med andre kunstnarar, som Kurt Schwitters, László Moholy-Nagy og Theo van Doesburg. Året etter publiseringa av dei fyrste proun-seriane i Moskva i 1921, fekk Lisitskij gjennom Schwitters innpass på galleriet Kestner-Gesellschaft i Hannover. Her heldt han si fyrste separatutstilling. Den andre serien av proun-verk, trykt i Hannover i 1923, nytta nye trykketeknikkar og var ein suksess.

Utstillingar på 1920-talet[endre | endre wikiteksten]

Layout for tidsskrift, 1924

Lisitskij vart sjuk i oktober 1923. Få veker seinare fekk han diagnosen lungetæring. I februar 1924 fekk han plass på eit sanatorium nær Locarno i Sveits. Under opphaldet laga han reklameplakatar og eksperimenterte med typografiske utformingar og med fotografi. I 1925 returnerte Lisitskij til Moskva, då Sveits nekta han forlenga opphaldsløyve. Åra fram til 1930 underviste han i interiørdesign, metallarbeid og arkitektur på ein høgskule i Moskva som samordna kunstnarisk og teknisk arbeid. Han slutta heilt med proun, og vart stendig meir oppteken med arkitektoniske former og propagandadesign.

I denne perioden designa Lisitskij utstillingane ved Sovjetunionens paviljongar på internasjonale utstillingar, heilt til verdsutstillinga 1939 i New York. Ved framsyninga under den polygrafiske utstillinga i Moskva august-oktober 1927, leia Lisitskij designteamet og installeringsmannskapet ved avdelinga for fotomontasje.

Ved sidan av utstillingsdesign, byrja Lisitskij på nytt å eksperimentere med trykksaker. Kanskje var arbeidet hans med å gje form til bøker og tidsskrift det mest fullenda og det som vekte mest åtgaum. Han lanserte radikalt nytt, både i typografi og fotomontasje. Nokre av hans mest nyskapande arbeid innan bokutforming skulle elles kome i hans seinare år. Han oppfatta bøker som varige objekt fylt med makt. Denne makta var unik, sidan ho kunne overføre idear til folk uavhengig av tid, kultur og interesser, på eit vis ingen andre kunstformer kunne.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I 1932 forbaud Josef Stalin dei frie kunstnarforeiningane; tidlegare avantgarde-kunstnarar måtte tilpasse seg totalitære krav eller verte svartelista. Lisitskij bevarte ryet som ein meister i utstillingkunst til sist i 1930-åra.

Lisitskij leia i 1937 arbeidet med utsmykkinga til den komande landbruksutstillinga. Kunstarbeida hans låg milevis unna den modernistiske kunsten frå 1920-åra, her viste han sin velvilje for den sosialistiske realismen. Ei ikonlik statue av Stalin framfor hovudpaviljongen var foreslått av Lisitskij sjølv: «denne vil gje plassen både hovud og ansikt».

Også stalinistpropaganda utførte Lisitskij. I eit tidsskrift kom nokre av hans villaste eksperiment i bokdesign. Kvar utgåve krinsa om eit særskilt emne, eitt som Stalin var oppteken av; bygginga av ein ny dam, reformer i lovverket, Den raude arméen, framsteg med meir.

I 1941 forverra tuberkulosen seg. Mellom dei siste arbeida til Lisitskij var ein propagandaplakat til støtte for Russlands strid i andre verdskrigen, med oppropet «Davaite pobolsje tankov!» ('Gjev oss fleire tanks!') Han døydde 30. desember 1941 i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: El Lisitskij