Symfoni nr. 41 av Mozart
| Symfoni nr. 41 i C-dur K. 551 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
| Periode | Wienerklassisismen | |
|---|---|---|
| Komponert | 10. august 1788 | |
| Typisk lengd | 32:31 | |
| Satsar | 4 | |
Symfoni nr. 41 i C-dur, K. 551, er ein symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart som han skreiv ferdig den 10. august 1788.[1] Det var den siste symfonien han komponerte.
Verket har fått kallenamnet Jupiter-symfonien. Dette namnet kjem ikkje frå Mozart, men truleg frå impresarioen Johann Peter Salomon[2] i eit tidleg arrangement for piano.
Den 41. symfonien var den siste av tre symfoniar som Mozart skreiv i rask rekkefølgje sommaren 1788. Den 39. vart ferdig den 26. juni og den 40. den 25. juli.[1] På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolinsonatina.
Det er ikkje kjend om symfonien vart framført medan Mozart levde.
Verket er skrive i fire satsar og arrangert som ein tradisjonell symfoni frå klassisismen.
- Allegro vivace, 4/4
- Andante cantabile, 3/4 i F-dur
- Menuett: Allegretto - Trio, 3/4
- Molto Allegro, 2/2
Det uvanlege med denne symfonien er ein fugato for fem stemmer (som representerer dei fem dur-temaa) mot slutten av den fjerde satsen. Det er fugale-seksjonar gjennom heiel satsen. Hovudtemaet består av fire notar:
I ein artikkel om Jupitersymfonien skriv Sir George Grove at «det er i finalen Mozart slepp laust alt han har heldt tilbake av det han har lært, og all krafta, som ingen ser ut til å ha hatt i same grad som han sjølv, og bevart denne vitskapen og gjort det til ein reiskap for musikken, som er like behagleg som lærerik. Ingen stad han oppnådd meir.»[3] Musikkvitarar er sikre på at Mozart studerte Michael Haydn sin Symfoni nr. 28 i C-dur, som òg har ein fugato i finalen.[4]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 41 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press.
- George Grove (January 1906). «Mozart's Symfoni i C (The Jupiter)». The Musical Times (The Musical Times, Vol. 47, nr. 755) Vol. 47 (nr. 755): s. 27–31. doi:10.2307/904183.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sinfonie in C KV 551: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 41: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Jupiter in the Age of Enlightenment, Program Notes on Symphony No. 41 by Ron Drummond
|
|
|
|---|---|
|
1 · 2a · 3b · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 (Paris) · 32 · 33 · 34 · 35 (Haffner) · 36 (Linz) · 37c · 38 (Praha) · 39 · 40 · 41 (Jupiter) |