Symfoni nr. 1 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symfoni Nr. 1 i Ess-dur,
KV. 16
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1764
Typisk lengd12:03
Satsar/akter3
ToneartEss-dur

Symfoni Nr. 1 i Ess-dur, KV. 16, vart skriven i 1764 av Wolfgang Amadeus Mozart då han berre var åtte år gammal.[1] På denne tida var han alt kjend i Europa som eit vedunderbarn, men hadde komponert lite musikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stykket vart skriven under danningsreisa til Mozart-familien i Europa i London, då dei møtte flytte til Chelsea sommaren 1764 etter at faren Leopold vart sjuk.[1][2] Huset ved 180 Ebury Street, som i dag ligg i Westminster, der symfonien vart skriven, er markert med ein plakett. Symfonien vart første gong framført den 21. februar 1765. Verket syner påverknad frå fleire komponistar, mellom anna faren og sønene til Johann Sebastian Bach, særleg Johann Christian Bach, som var ein tidleg viktig symfonikomponist som Mozart hadde møtt i London.

Det signerte partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Symfonien er skriven for eit orkester av to oboar, to horn og strykarar (vanlegvis første og andre fiolin, bratsjar, celloar og kontrabassar). Han er bygd opp av tre satsar, ein rask, ein langsam og ein rask att.

  1. Molto allegro, 4/4
  2. Andante, 2/4 i C-moll
  3. Presto, 3/8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface) (2005). Die Sinfonien I. Sett om av Robinson, J. Branford. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. IX.  ISMN M-006-20466-3
  2. Sadie, Stanley, Mozart: The Early Years 1756-1781, s 64-65, Oxford University (2006), ISBN 978-0198165293

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]