Symfoni nr. 40 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 40 i g-moll
K. 550
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1788
Typisk lengd 28:05
Satsar 4

Wolfgang Amadeus Mozart skreiv sin Symfoni nr. 40 i g-moll, KV. 550, i 1788. Han vert stundom kalla «Den store g-moll-symfonien», for å skilje han frå «Den vesle g-moll-symfonien», Nr. 25. Desse to er dei einaste symfoniane Mozart skreiv i moll.

Den 40. symfonien vart ferdig den 25. juli 1788 i ein særs produktiv periode i løpet av få veker. I same periode skreiv han ferdig den 39. og den 41. symfonien òg.[1]

Symfonien er skriven for fløyte, 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn og strykarar. Her finst ikkje trompetar og pauke.

Verket er i fire satsar, i det vanlege arrangementet rask-langsam-menuett-rask:

  1. Molto allegro, 2/2
  2. Andante, 6/8
  3. Menuett – Trio, 3/4
  4. Allegro assai, 2/2

Det første temaet er særs kjend:

Mozart 40.png

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Verket har kalla fram forskjellige tolkingar hos kritikarane. Robert Schumann meinte verket hadde ein «gresk lettheit og ynde». Donald Francis Tovey såg kjenneteikn frå opera buffa. Den vanlegaste tolkinga i dag er at symfonien har ein tragisk tone og er særs kjenslemessig. Til dømes har Charles Rosen (i The Classical Style) kalla symfonien «eit verk av lidenskap, vald og sorg».

Sjølv om tolkingane er forskjellige er symfonien utan tvil ein av dei mest kjende til Mozart og vert fote framført og innspelt.

Ludwig van Beethoven kjende symfonien godt og kopierte 29 taktar frå partituret i ei skissebok.[2] Ein trur at opningstemaet i den siste satsen kan ha inspirert Beethoven til å komponere den tredje satsen i hans femte symfoni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deutsch 1965, s. 320
  2. Hopkins, 1981

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Symphony No. 40 (Mozart)