Symfoni nr. 12 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 12 i G-dur
K. 110/75b
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1771
Typisk lengd 15:27
Satsar 4

Symfoni nr. 12 i G-dur, K. 110/75b, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart komponert i Salzburg sommaren 1771. Symfonien vart visstnok førebudd i vente av den andre reisa til Mozart til Italia, som fann stad mellom august og desember 1771.[1] Symfonien er i fire satsar og opninga allegro er den lengste satsen Mozart hadde skrive til då. Han er den «første av ei gruppe verk måla på eit større lerret og med større individualitet enn dei tidlegare musikkverka hans.».[2]

Satsar og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Instrumenteringar var: strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar, 2 fløytear, 2 fagottar, continuo[1]

Menuetten inneheld ein kanon mellom høge og låge strykarar med eit intervall på ein enkelt takt. Mozart lærte truleg denne teknikken frå Joseph Haydn sin 23. symfoni frå 1764 (òg i G-dur).[3]

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner ikkje til når verket vart framført første gong. Det er mogeleg at symfonien først vart spelt på ein konsert i Milano den 22. eller 23. november 1771.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zaslaw, s. 209–12
  2. Kenyon, s. 156
  3. H. C. Robbins Landon, Haydn: Chronicle and Works, 5 vols, (Bloomington and London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]