Talande våpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den tyske byen Eberbach har eit talande våpen med ein rebus: Eber ('villsvin') og bach ('bekk').

Talande våpen er ei nemning brukt i heraldikken om våpenskjold som har figurar og/eller fargar (tinkturar) som viser namn gjennom ordspel eller rebusar. Praksisen er kjend frå mellomalderen, og har blitt vidareført til moderne tid, og ein finn dei i skjolda til stader, slekter og personar.

Talande landskapsvåpen[endre | endre wikiteksten]

Våpenet til Castilla y León samansett av kastell (slott) og løve. Segl frå 1300-talet

Talande våpen er kjend frå fleire stader i Europa frå mellomalderen av, til dømes dei spanske områda Kastilla med eit kastell og Leon med ei løve.

Det finst ei lang rekkje talande våpen for utanlandske stader, til dømes Falkenberg med ein falk på eit berg, Łódź (polsk for båt) med ein båt, Bern og Berlin med bjørnar, og Oxford ('oksevad') med okse og bølgjesnitt.

I norske kommunevåpen finn ein fleire talande våpen, mellom anna Skien med ski, Porsgrunn med porsblom, Moland med ein dobbel sparre som liknar bokstaven M, og Ringerike med ein ring.

Talande slektsvåpen[endre | endre wikiteksten]

Gjedde brukt som heraldisk symbol for Ove Gjedde. På ein lysestake i Tjølling kirke.

Fra norsk mellomalder kjenner ein til ein med personnamnet Hauk som hadde ein hauk i skjoldet i seglet sitt. Frå 1600-talet av blei det populært å ta våpenfigurar og slektsvåpen som viste til slektsnamnet, til dømes Bergh uttrykt med berg (fjelltoppar), Heyerdahl med en hegre på to fjell, Holberg med eit uthola berg, Leopoldus og Løvenskiold med ei løve, Morgenstierne med ei stjerne, Post med ein vasspost, Teilmann med ei trane som held ein teglstein og mange fleire.

Namn frå våpen[endre | endre wikiteksten]

«Talande våpen» kan også tidvis brukast om tilfelle der ei slekt har teke namn frå eit våpen med bilde av noko. Dette skjedde særleg då den dansk-norske unionskongen gav adelen påbod om å ta faste slektsnamn i 1526. Slik fekk slekta Bjelke namnet sitt frå to «bjelkar» (liner i våpenet), Huitfeldt (raud skråbjelke på sølvbotn, altså eit kvitt felt) og Rosenkrantz (roser i hjelmteiknet).

Slektsforskarar i nyare tid har somme tider gjeve «heraldiske namn» til slekter ut frå skjolda deira. I desse høva er «talande våpen» ei mindre treffande nemning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hallvard Trætteberg: Norske by- og adelsvåben, utgitt av Kaffe Hag, Oslo 1933
  • Hans Krag: Norsk heraldisk mønstring fra Fredrik IV’s regjeringstid 1699-1730, Drøbak 1942 - Kristiansand S 1955
  • Hans Cappelen: Norske slektsvåpen Oslo 1969 (2. opplag 1976)
  • Herman L. Løvenskiold: Heraldisk nøkkel, Oslo 1978
  • Hans Cappelen og Knut Johannessen: Norske kommunevåpen, Oslo 1987
  • Harald Nissen og Monica Aase: Segl i Universitetsbiblioteket i Trondheim, Trondheim 1990
  • Ottfried Neubecker: «Heraldik. Kilder, brug, betydning», København 1979 (omsett og omarbeidd for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)