Tara i County Meath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Tara Hill i County Wexford.
Tara i County Meath
Collinaditara.jpg
Høgd over havet 197 moh
Ligg i/på Meath i Irland Republikken Irland
Fjellkjede Wicklowfjella
Primærfaktor 180 m
Koordinatar 53°34′39″N 6°36′43″WKoordinatar: 53°34′39″N 6°36′43″W

Tara (irsk Teamhair na Rí (Kongeåsen), engelsk Hill of Tara eller Tara Hill) er ein ås i County Meath i Republikken Irland. Han ligg nær elva Boyne og er ein lang og låg rygg av kalkstein som går mellom Navan og Dunshaughlin. På åsen ligg det fleire gamle monument og i følgje segnene var åsen sete for Árd Rí na hÉireann eller overkongen av Irland.

Forminner[endre | endre wikiteksten]

Lia Fáil (Skjebnesteinen)

På toppen av åsen, nord på ryggen, ligg ei oval bygdeborg. Ho er 318 meter frå nord til sør og 264 meter frå aust til vest og er omringa ev i grøft. Borga er kalla Ráith na Rig (Kongeborga). Innanfor området går det ein jordvoll mellom to ringfort kalla Teach Chormaic (Cormac sitt hus) og Forradh eller Drottsete. I midten av Forradh står det ein bautastein, som ein meiner er Lia Fáil (Skjebnesteinen) der overkongane vart krona. I følgje segna ville steinen skrike når når den komande kongen hadde utført ei rekkje utfordringar. Kongen ville så ta på steinen som då gav frå seg eit skrik som ein kunne høyre over heile Irland. Nord for ringforta ligg ei lita ganggrav frå yngre steinalder kalla Dumha na nGiall (Vollen til gislane), som er om lag 4000 år gamal.

I nord, like utanfor Ráith na Rig, ligg eit ringfort med tre vollar kalla Ráith na Seanadh. Her har ein grave ut gamle romerske gjenstandar frå det 1. hundreåret til 200-talet.

Festsalen

Lenger nord ligg ein lang og smal firkanta form kalla Festsalen, men det vart truleg heller ein seremoniell gangveg til bygdeborga. Her ligg òg to sirkelforma vollar kalla Dei skrånande grøftene og Gráinne sitt fort.

Sør for bygdeborga ligg eit ringfort kalla Ráith Laoghaire (Laoghaire sitt fort), der kongen Laoghaire skal ha vorte gravlagd ståande. 700-800 meter sør for Tara ligg ei anna bygdeborg kalla Rath Maeve, fortet til anten den mytologiske dronningaMedb, som er meir assosiert med Connacht, eller den mindre kjende figuren Medb Lethderg, som er assosisert med Tara.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mange hundreår har historikarar arbeida med å avdekke mysteria på Tara. Ein meiner at frå tida då keltarar kom til området og fram til invasjonen til Richard de Clare i 1156 var Tara den politiske og spiritulle hovudstaden på øya.

Tara var sete for kongane på Irland fram til 500-talet. Han hadde framleis denne rolla fram til 1100-talet, men var ikkje like praktfull som han hadde vore. Tara var derimot viktig òg før keltarane kom til området, men ein har ikkje vist at Tara har vore viktig kontinuerleg frå yngre steinalder til 1100-talet.

Ein teori er at Taraåsen var hovudstaden til Tuatha Dé Danann, ein førkeltisk busetjar på Irland. Då keltarane oppretta sete på åsen vart åsen stader der kongane av Meath styrte Irland med gudestatus. På toppen av åsen står ein bautastein som var den irske Lia Fáil (Skjebnesteinen) der overkongane på Irland vart krona. Segna seier at steinen skulle skrike tre gonger om den utvalde var ein verkeleg konge. Tara som ås og hovudstad ser ut til å ha vorte mindre politisk og religiøst viktig etter St. Patrick si tid.

På eit tidspunkt vart det dødstraff for å gjere opp bål innanfor synsvidda til Tara.

Det er funne ei grav nær åsen som visstnok var høyrte til Kong Lóegaire, som skal ha vore den siste heidenske kongen på Irland.

Under det irske opprøret i 1798 danna medlemmer av United Irishmen ein leir på åsen, men britiske troppar gjekk til åtak og slo dei 26. mai 1798 og Lia Fáil vart flytta for å markere gravene til dei 400 opprørarane som døydde den dagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]