Teigblanding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Teigblanding eller teigdeling er ei nemning på ei fordeling av område innan landbruk. I samband med eit klyngjetun der kvar bonde eigde eller leigde ein del av garden, kunne eigedomsforholda vera heller innvikla. Innmarka var delt inn i små teigar, og kvar familie hadde rettar både til den gode og den dårlege jorda. Utmarka var ikkje delt inn i teigar, den brukte dei gjerne saman.

Teigblanding i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I tida etter Svartedauden i 1300-åra utvikla det seg ein særeigen gardsstruktur i Noreg, med personleg frie og til dels sjølveigande bønder i motsetnad til i det meste av resten av Europa. På andre måtar skilde ein seg òg ut; sentraleuroparane budde i sine særeigne landsbyar, medan i Noreg samla busetnaden seg i forskjellige typar tun. Sidan folketalet voks relativt sterkt utover 1700-talet vart det fleire og fleire garddelingar mellom t.d brør ved arveskifte. På Austlandet vart utviklinga kjenneteikna av at ein fekk ei sterk ekspansjon i husmannsstellet fram til det kulminerte kring 1850. Gjerne skjedde oppkomsten av ein husmannsplass på den måten at den av brørne som var odelsgut til heimegarden gav ein husmannsplass til dei andre brørne, slik at det skulle vera mogleg for dei óg å kunna stifta familie. I dette agrarsamfunnet var garden og jorda kjelda til rikdom, velstand og eit godt liv. Dei som ikkje hadde ein gard å ta over kunne risikera å måtta frista livet som legdslem eller vera tenestefolk på livstid, det var ein sterk sosial spaltingsprosess.

Vestlandet gjorde dei det derimot ofte slik at sjølve heimegarden vart delt i fleire gardpartar. Ved mange høve var det fleire små åkrar av ymse kvalitet spreidd vidt omkring, og det same kunne gjelde engstykkja. For at kvar av lotteigarane skulle få sin part av både den beste som den dårlegaste jorda, nytta ein gjerne den metoden at kvar åker vart delt opp i fleire delar (eller teigar). Desse teigane vart så fordelt etter storleik proporsjonalt med kor mykje landskyld lotteigaren eigde i den jorda som skulle delast. For å få maksimal rettferd i fordelinga kunne ein òg gjera det slik at ymse teigane gjekk på omgang, såkalla årsskifte. Slik fekk systemet ein eigen ibuande dynamikk, der ein fyrst hadde byrja med teigblanding måtte ein halda fram på nydyrka område. Regelen på Vestlandet og Sørlandet var såleis at innmarksarealet til kvart bruk vart utgjort av ei mengd teigar, som låg spreidd mellom tilsvarande teigar til dei andre bruka på garden. I utmarka var det større eller mindre grad av sameige, og om hausten og våren vart innmarksarealet ofte nytta til fellesbeiting. Som rimeleg kan vera med eit slikt innfløkt fellesskapssystem vart det ofte tvistar og usemje om mange større eller mindre ting kring gardsdrifta og jorddelinga.

Folkeauken tvinga fram ei stadig sterkare oppdeling av jorda, og dei einskilde husa og teigane til kvart bruk på garden kom etter kvart til å liggja meir eller mindre planlaust kring kvarandre. Heilt attende til Gulatingslova har det funnest lovverk om jordskifte, noko som avspeglar vanskane med teigblanding. Jordskifte eller utskifting, vil seia å prøva å samla teigane til meir samanhengjande større jordstykke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]