…But Seriously

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
…But Seriously
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 7. november 1989
Innspelt April 1988 –oktober 1989 ved The Farm i England og A & M Studios i USA
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 59:42 (CD), 54:25 (LP)
Selskap Virgin (UK og Irland), Atlantic (USA og Canada), WEA (resten av verda)
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Kritikk
Phil Collins-kronologi
Buster
(1988)
…But Seriously Serious Hits... Live!
(1990)

…But Seriously er det fjerde studioalbumet til Phil Collins. Det vart spelt inn i The Farm i Surrey i England, og ved A & M Studios i Los Angeles i USA. Det kom ut 7. november 1989.

Albumet vart særs populært verda over då det kom ut og gjekk til topps på så godt som alle dei store salslistene. I Storbritannia låg albumet heile 15 veker på rad på toppen av albumlista, inkludert over jula, og vart det tredje mestseljande albumet i landet i 1989, og det mestseljande albumet i 1990. Albumet låg fire veker på toppen av Billboard 200 i USA og vart det nest bestseljande albumet i USA i 1990. I Tyskland vart …But Seriously det nest mest selde albumet i historia då det kom ut og det mestseljande albumet med framandspråk.[3] I Noreg låg albumet heile 16 veker i strekk på toppen av VG-lista.

Fleire hitsinglar vart gjeve ut frå albumet, mellom anna «Another Day in Paradise» som gjekk til topps i mellom anna USA og Noreg.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om mykje albumet følgjer same formel som det førre albumet til Collins, No Jacket Required (1985), gjekk produksjonen mot ein meir organis produksjon sidan Collins valte å nytte vanlege instrument i staden for trommemaskinar og mykje synthesizer.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Tonen på albumet er seriøs, som tittelen òg indikerer. I staden for å fokusere på personlege forhold, mørk psykedelia og rein moro, fokuserer Collins på samfunnsøkonomiske og politiske tema. Det er mykje kjenslemessig opprør under den polerte studioproduksjonen, og mange av songane er eintydige og utilslørte i melankolien sin.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Hang in Long Enough»   4:44
2. «That's Just the Way It Is»   5:20
3. «Do You Remember?»   4:36
4. «Something Happened on the Way to Heaven»» (tekst: Phil Collins, musikk: Daryl Stuermer, Phil Collins) 4:52
5. «Colours»   8:51
6. «I Wish It Would Rain Down»   5:28
7. «Another Day in Paradise»   5:22
8. «Heat on the Street»   3:51
9. «All of My Life»   5:36
10. «Saturday Night and Sunday Morning» (instrumental)» (Phil Collins, Thomas Washington) 1:26
11. «Father to Son»   3:28
12. «Find a Way to My Heart»   6:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Alex Brown – korvokal
  • Marva King – korvokal
  • Lynne Fiddmont – korvokal

Gjesteartistar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering Totale veker
Australia[4] 1 45
Austerrike[5] 1 44
Canada[6] 1 66
Nederland[7] 1 79
Tyskland[8] 1 ?
New Zealand[9] 1 63
Noreg[10] 1 27
Sverige[11] 1 14
Sveits[12] 1 51
Storbritannia[13] 1 71
USA Billboard Hot 200[14] 1 90

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Fem songar frå …But Seriously vart gjeven ut på singlar i USA og alle nådde Topp 40 på Billboard Hot 100.

  • «Another Day in Paradise» nådde nr. 1 (1989)
  • «I Wish It Would Rain Down» nådde nr. 3 (1990)
  • «Do You Remember?» nådde nr. 4 (1990)
  • «Something Happened on the Way to Heaven» nådde nr. 4 (1990)
  • «Hang in Long Enough» nådde nr. 23 (1990)

I Canada gjekk «Another Day in Paradise», «I Wish It Would Rain Down», «Do You Remember?» og «Something Happened on the Way to Heaven» alle til toppen av singellista og Collins klarte dermed å få fire topplasseringa i landet i 1990.

I Noreg gjekk «Another Day in Paradise» til topps på VG-lista og låg på toppen i sju veker.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Etter albumet kom ut la Collins ut på ein verdsturné kalla Seriously Live!. I alt spelte han 113 konsertar på tre kontinent og gav ut eit konsertalbum og ein video kalla Serious Hits... Live!.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geoff Orens. «…But Seriously». allmusic. http://www.allmusic.com/album/but-seriously-r4334. Henta 10. februar 2013. 
  2. J.D. Considine (11. januar 1990). «But Seriously». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/but-seriously-19900111. Henta 10. februar 2013. 
  3. «Highes Gold Platina certifications». International Federation of the Phonographic Industry. http://www.musikindustrie.de/fileadmin/piclib/presse/Dokumente_zum_Download/Gold_Platin_Hoechstverleihungen_Stand_100621.pdf. Henta 19. juli 2010. 
  4. Steffen Hung. «Australian charts portal». australian-charts.com. http://www.australian-charts.com/. Henta 10. februar 2013. 
  5. Steffen Hung. «Austria Top 40 – Hitparade Österreich». austriancharts.at. http://www.austriancharts.at/. Henta 10. februar 2013. 
  6. «Bienvenue au site Web BIBLIOTHÈQUE ET ARCHIVES CANADA | Welcome to the LIBRARY AND ARCHIVES CANADA website». Collectionscanada.gc.ca. http://www.collectionscanada.gc.ca/. Henta 10. februar 2013. 
  7. Steffen Hung. «Phil Collins – …But Seriously». dutchcharts.nl. http://www.dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Phil+Collins&titel=...But+Seriously&cat=a. Henta 10. februar 2013. 
  8. «Charts-Surfer». Charts-surfer.de. http://www.charts-surfer.de/. Henta 10. februar 2013. 
  9. Steffen Hung. «New Zealand charts portal». charts.org.nz. http://www.charts.org.nz/. Henta 10. februar 2013. 
  10. Steffen Hung (15. juni 2006). «Norwegian charts portal». norwegiancharts.com. http://www.norwegiancharts.com/. Henta 10. februar 2013. 
  11. Steffen Hung (3. februar 2012). «Swedish Charts Portal». swedishcharts.com. http://www.swedishcharts.com/. Henta 10. februar 2013. 
  12. Steffen Hung. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». swisscharts.com. http://www.swisscharts.com/. Henta 10. februar 2013. 
  13. «UK Singles & Albums Chart Archive». Chart Stats. http://www.chartstats.com/. Henta 10. februar 2013. 
  14. «Music News, Reviews, Articles, Information, News Online & Free Music». Billboard. http://www.billboard.com/. Henta 10. februar 2013.