Svartflekkalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartflekkalbatross

Status i verda: NT Nær truga

Thalassarche cauta cauta aust for Tasmania Foto: JJ Harrison
Thalassarche cauta cauta aust for Tasmania
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: T. cauta
Underartar
  • Thalassarche cauta cauta
  • Thalassarche cauta steadi[1]
Vitskapleg namn
Thalassarche cauta
Gould, 1841

Svartflekkalbatross, Thalassarche cauta, er ein mellomstor albatross som hekkar på øyar utanfor Australia, inkludert Bass-sundet mellom fastlandet og Tasmania, og på sub-antarktiske øyar i New Zealand.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Dette taksonet var rekna å vere ein art med følgjande underartar:[2]:

Etter år 2008 har BirdLife International akseptert splitt til fire sjølvstendige artar, men Clementslista versjon 6.6 frå desember 2011 held framleis steadi som ein underart saman med nominatforma.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Svartflekkalbatrossar måler 90 til 100 centimeter i lengd, 210-260 cm i vengespenn,[3] og veg mellom 2,6 og 5,3 kg. Saman med den tilsvarande store systerarten, Thalassarche salvini, er denne arten rekna som den største av alle Thalassarche-albatrossane, dei små albatrossane.[4] Han er ein svart, kvit og skifergrå fugl med det karakteristiske svarte tommelmerket på framkanten av undervingen, inn mot armhòla. Vaksne har kvit panne og krone, som grensar i nedkanten mot ein mørk augebrun og bleikgrått andlet. Ryggen, halen og oversida av vengene er gråsvarte, og resten er kvitt. Nebbet er grågult med eit framtredande gult culmen og gulfarga nebbtupp.[5]

Svartflekkalbatrossar følgjer ofte fiskebåtar, her ved Stewartøya, New Zealand
Foto: Glen Fergus

Svartflekkalbatrossar beitar med ein kombinasjon overflatefangst og litt stupdukking - han er blitt registrert i dukk ned til 5 meter. Fisk, blekksprutar, krepsdyr, og kappedyr er underhaldskravet for denne arten.[6]

Svartflekkalbatrossar hekkar på øyar og byggjer reir som en haug av jord, gras og røter. Dei legg eitt egg i andre halvdelen av september,[5] steadi i november.[7]

Som hekkefugl er nominatforma av svartflekkalbatrossen endemisk til Australia. Den største hekkekolonien finst på øya Mewstone utanfor Tasmania, andre viktige koloniar ligg på Albatrossøya og på Pedra Branca.[5] I hekkesesongen vil vaksne fuglar konsentrere seg rundt det sørlege Australia og Tasmania. Unge fuglar er kjente for å flyge så langt som til Sør-Afrika, og ein kan treffe ikkje-hekkande fuglar over alle sørlege hava, men detaljane er vanskelege på grunn av likskapen med dei andre artane i slekta.

Underarten steadi er endemisk til sub-antarktiske øyar i New Zealand. Ungfuglar blir observert så fjernt som i sørvestlege Indiahavet og i Søratlanteren.

IUCN klassifiserer denne arten som 'Nær trua',[5] med ein hekkepopulasjon estimert til 25 500 hekkande cauta i 2005 og 190 000 hekkande steadi i 2009.[7] Historisk fangst på cauta for å utnytta fjørene føregjekk fram til 1909, då var det berre 300 par igjen på Albatrossøya.[8]

I dag påverkar enno linefisket denne arten, men populasjonen av cauta er opprettheld trass denne trusselen. Dei har òg hatt utbrot av avipoxvirus på Albatrossøya som har påverka bestanden. Sameksistens med australsula er ein anna trussel mot cauta. Det er estimert at ca. 8000 steadi blir drepne årleg av linefisket.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 5. mai 2012 
  2. Clementslista versjon 6.3 frå desember 2008
  3. Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathon (2006). «Albatrosses». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth ed.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 80. ISBN 978 0 7922 5314 3. 
  4. Brooke, Michael, Albatrosses and Petrels across the World (Bird Families of the World). Oxford University Press (2004), ISBN 978-0-19-850125-1
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 BLI Species factsheet: Thalassarche cauta
  6. Hedd, A.; Gales, R.; Brothers, N. (2001). «Foraging ecology of Shy Albatrosses». Marine Ecology Progress Series (221): 267–282. 
  7. 7,0 7,1 7,2 BLI Species factsheet: Thalassarche steadi
  8. Brooke, M. (2004). «Procellariidae». Albatrosses And Petrels Across The World. Oxford, UK: Oxford University Press. ISBN 0-19-850125-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]