Gråhovudalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråhovudalbatross

Status i verda: VU Sårbar

Foto: Ben Phalan

Foto: Ben Phalan

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: T. chrysostoma
Vitskapleg namn
Thalassarche chrysostoma

Gråhovudalbatross, Thalassarche chrysostoma, er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien. Han har ein sirkumpolar utbreiing, hekkar på isolerte øyar i Sørishavet og beitar ved høge breiddegradar lenger sør enn nokre av dei andre Thalassarche-albatrossane. Arten har fått namnet av den oskegrå farga på hovud, strupe og øvre hals.

Namnet chrysostoma er sett saman av to greske ord. 'Khrusos' tyder gull og 'stoma' tyder munn, ein referanse til det gylne nebbet.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråhovudsalbatrossar er 81 cm i lengd, med 2,2 m i vengespenn. Vekta kan variere frå 2,8 til 4,4 kg, med ein gjennomsnittleg masse 3,65 kg.[2]

Vaksne fuglar har kvit kropp med lyst, oskegrått hovud, hals og øvre nakke. Rygg, overside av venger og halefjører er nesten svarte. Undersida av vengene er kvit med ei svart rand rundt. Nedre kant av auga er omkrinsa av ein tynn, kvit, halvmåneforma ring. Nebbet er svart, med klårt gule øvre og nedre kantar, som går over til rosaoransje på tuppen.

Ungfuglane har svart nebb, og hovud og nakke er mørkare enn hos vaksne. Undervengen er nesten heilt mørk.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Grohovudalbatross i flukt
Foto: Elizabeth Crapo, NOAA Corps

Føde[endre | endre wikiteksten]

Gråhovudsalbatrossar er svært pelagiske, meir enn dei andre i Thalassarche-slekta, og beitar på opne havområde i staden for på kontinentalsoklane. Dei lever hovudsakleg på blekksprut, tek òg noko fisk, krepsdyr, kadaver og niauga.[4][5][6][7] Kril er mindre viktig som ei matkjelde for denne arten, som reflekterer det meir pelagiske utval av føde for denne arten. Dei er i stand til å dukke så djupt som 7 meter for å jage byttedyr, men det skjer ikkje ofte.

I hekketida vil dei hente føde i område innanfor eller sør for Den antarktiske konvergensen.[8][9] Fuglar som hekkar på Prince Edwardøyane kan hente føde i den subtropiske sona.[10] Juvenile eller ikkje-hekkande vaksne flyg fritt gjennom alle dei sørlege havområda,[3] nord for 35° S.[11]

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Kullet er på eitt einskild egg som blir lagt i eit stor reir, vanlegvis bygd i bratte skråningar eller skrentar med grastuver,[3] og blir ruga i 72 dagar. Målingar av gjennomsnittleg masse av mat på Bird Island, Sør-Georgia, viste at ungar får 616 gram mat kvar 1,2 dagar, i ein fase der ungar aukar i vekt til ca. 4900 gram. Etter det har ungar ein tendens til å tape vekt fram til dei er flygedyktige, noko som skjer ca. 141 dagar etter klekking. Ungfuglar vil vanlegvis ikkje returnere til kolonien før 6-7 år etter dei vart flygedyktige, og vil ikkje hekke for første gongen før fleire år etter det igjen.[treng kjelde] Viss eit par har lukkast i å oppsede ein unge, tar dei eit friår og gjer ny hekkefreistnad to sesongar seinare.[3] I løpet av perioden borte frå kolonien, kan dei fare over store avstandar, og ofte sirkle kloden rundt fleire gonger.

Gråhovudsalbatrossane hekkar i koloniar på fleire øyar i Sørishavet, med store koloniar på Sør-Georgia i Sør-Atlanteren, òg koloniar på Prince Edwardøyane og Kerguelen i Det indiske havet, Diego Ramírez-øyane sør for Chile samt Campbelløya sør for New-Zealand.[3] Dessutan med mindre koloniar på fleire andre øyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 191. ISBN 0 8160 3377 3. 
  2. Brooke, Michael, Albatrosses and Petrels across the World (Bird Families of the World). Oxford University Press (2004), ISBN 978-0-19-850125-1
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 BirdLife International (2012) Species factsheet: Thalassarche chrysostoma. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. april 2012
  4. Prince, P. A. (1980). «The food and feeding ecology of Grey-headed Albatross Diomedea chrysostoma and Black-rowed Albatross D. melanophris». Ibis: 476–488. 
  5. Cherel, Y.; Weimerskirch, H.; Trouve, C. (2002). «Dietary evidence for spatial foraging segregation in sympatric albatrosses (Diomedea spp.) rearing chicks at Iles Nuageuses, Kerguelen». Marine Biology (141): 1117–1129. 
  6. Xavier, J. C.; Croxall, J. P.; Trathan, P. N.; Wood, A. G. (2003). «Feeding strategies and diets of breeding grey-headed and wandering albatrosses at South Georgia». Marine Biology (143): 221–232. 
  7. Arata, J.; Moreno, C. A. (2002). «Progress report of Chilean research on albatross ecology and conservation». Convention for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources Working Group on Fish Stock Assessment. 
  8. Prince, P. A.; Croxall, J. P.; Trathan, P. N.; Wood, A. G. (1998). «The pelagic distribtuion of South Georgia albatrosses and their relationships with fisheries». I Robertson, G.; Gales, R.. Albatross biology and conservation. Chipping Norton, Australia: Surrey Beatty & Sons. 
  9. Phillips, R. A.; Silk, J. R. D.; Phalan, B.; Catry, P.; Croxall, J. P. (2004). «Seasonal sexual segregation of two Thalassarche albatross species: competitive exclusion, reproductive role specialization or foraging niche divergence?». Proc. R. Soc. Lond. Ser. B (271): 1283–1291. 
  10. Nel, D. C.; Lutjeharms, J. R. E.; Pakhomov, E. A.; Ansorge, I. J.; Ryan, P. G.; Klages, N. T. W. (2001). «Exploitation of mesoscale oceanographic features by Grey-headed Albatross Thalassarche chrysostoma in the southern Indian Ocean». Marine Ecology Progress Series (217): 15–26. 
  11. Clements, James (2007). The Clements Checklist of the Birds of the World (6 ed.). Ithaca, NY: Cornell University Press. ISBN 978 0 8014 4501 9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]