Tharangambadi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 11°1′48″N 79°50′24″E

Tharangambadi
Dansborg, den danske festninga i Trankebar. Foto: Esben Agersnap, 2006
Dansborg, den danske festninga i Trankebar.
Foto: Esben Agersnap, 2006
Styresmakter
Distrikt
Stat
Land
Nagapattinam
Tamil Nadu
India
Geografi
Innbyggjarar[1] 20 841 (2001)

Tharangambadi er ein kystby i Tamil Nadu som frå 1620 til 1845 var ein dansk koloni, kjend som Dansk Ostindia eller Trankebar. Byen ligg i distriktet Nagapattinam, nær munningen til ei elv som renn ut frå Kaveri og rundt 100 km sør for storbyen Pondicherry.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Trankebar frå 1600-talet.

Tarangambadi tyder 'hav-' eller 'bølgjestaden', og var opphavleg ein tamilsk fiskarlandsby. Den 20. november 1620 gav herskaren av Tanjore-riket det danske sendebodet Ove Gjedde løyve til å oppretta ei festning og handelsstad der, mot ein årleg tributt. Bygginga av Dansborg, som framleis står på staden, tok til. Trankebar blei så utgangspunktet for dansk handel og fraktfart over Det indiske havet, til dømes med pepar frå Tenasserim (eller Mergui) i dagens Burma og nellik frå Macassar i dagens Indonesia.

Etter at Gjedde drog tilbake til Danmark i 1622 styrte nederlandske Roelant Crappé kolonien, før han overlet styret til landsmannen Barent Pessart i 1639. Willem Leyel, send frå Danmark av Det danske austindiakompaniet, tok over i 1643. Han utkjempa mindre krigar mot Golconda og Bengal gjennom kaperåtak. I 1648 blei Leyel avsett av ei gruppe offiserar leidd av Poul Hansen Korsør, truleg fordi dei ønska å fortsetja den innbringande kaperverksemda.

Etter at Leyel kom til staden med «Christianshavn» kom det ingen fleire skip frå Danmark på rundt 30 år. Talet på skandinavar i kolonien sokk stadig, og då Korsør døydde i 1655 blei Eskild Andersen Kongsbakke, ein svenske frå «allmugen», vald til leiar. Han var snart den einaste gjenlevande danske representanten i kolonien.

I 1655 sende najaken av Tanjore, som ikkje hadde fått tributt på mange år, ein hær for å ta tilbake kolonien. Ein styrke leidd av Kongsbakke med mange lokale krigarar stod imot dette og andre åtak. I 1660 fekk Kongsbakke bygd ein mur rundt staden. Etter ei omleiring som varte i ni månader blei han og najaken einige om ein ny avtale. Kongsbakke også send fleire rapportar om kolonien til Danmark, og i 1669 kom fregatten «Færø» til staden med fleire folk.

Støtte av Ziegenbalg i Tharangambadi.
Foto: Michael Gaebler, 1993

I 1795 byrja dei første protestantiske misjonærane i India, Bartholomäus Ziegenbalg og Heinrich Pluetschau, arbeid i Trankebar. Dei omsette Bibelen først til tamil og deretter til hindustani.

På grunn av dei europeiske napoleonskrigane tok britiske styrkar over kolonien i 1801. Han blei tilbakeført til Danmark gjennom Kielfreden i 1814, men seld til Storbritannia, saman med Serampore og Nikobarane, i 1845.

Tranquebar var ein travel hamneby i Britisk India, men blei mindre viktig for transport etter at det blei bygd jarnbanespor til Nagapattinam rundt 1860.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]