The Prophet's Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Prophet's Song
Song av Queen
frå albumet A Night at the Opera
Utgjeve 1975
Innspelt 1975 at Sarm East Studios
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 8:21
Selskap EMI, Parlophone (Europe)
Elektra, Hollywood (US)
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen, Roy Thomas Baker

The Prophet's Song er ein song av det britiske rockebandet Queen, opphavleg frå det fjerde studioalbumet deira A Night at the Opera in 1975.

AllMusic har kalla songen «mystisk progrock».[1] I meldinga av songen vart han kalla ein episk song like fascinerande som «Bohemian Rhapsody» og ein av dei finaste studioinnspelingane til Queen.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«The Prophet's Song» vart komponert av Brian May (arbeidstittel «People of the Earth»). I showet In the Studio with Redbeard, som omhandla A Night at the Opera, der May forklarte at han skreiv songen etter ein draum han hadde som Syndfloda medan han låg sjuk på sjukehus under innspelinga av Sheer Heart Attack. Han brukte fleire dagar på å setje songen saman, og han inneheld ein vokal kanon av Freddie Mercury. Vokalen og kanonen vart skapt ved hjelp av ein delay-effekt. Han er tung og mørk i progressiv rock-stil og krevjande vokal. Songen er over åtte minuttar lang og er den lengste songen til Queen med vokal.

May spelar ein leiketøyskoto i introen av songen og under avslutninga.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «A Night at the Opera». AllMusic. Henta 10. juni 2016. 
  2. Guarisco, Donald A. «The Prophet's Song». AllMusic. Henta 10. juni 2016.