Breakthru av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Breakthru
Singel av Queen
frå albumet The Miracle
B-side

Stealin'

Utgjeve 19. juni 1989
Innspelt 1988
Sjanger rock
Lengd * 4:08 (album)
  • 5:45 (12" extended version)
Selskap Parlophone, EMI, Capitol
Tekstforfattar Freddie Mercury, Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury/Roger Taylor (credited to Queen)
Produsent Queen and David Richards
Queen-kronologi 
«I Want It All»
(1989)
Breakthru «The Invisible Man»
(1989)


«Breakthru» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er tilskriven heile Queen, og vart gjeven ut i juni 1989 på albumet The Miracle. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, og nådde sjetteplassen i Nederland og Irland, men gjekk ikkje inn på lista i USA. Songen er merkverdig for videoen der gruppa spelar songen på ein togvogn på eit kjapt damplokomotiv.

Song[endre | endre wikiteksten]

Albumversjonen av songen byrjar med 30 sekund med langsam vokalharmoni. Denne vart visstnok skriven av Freddie Mercury for ein annan song, som aldri vart gjeven ut, «A New Life Is Born».[1][2] Han endrar seg så raskt til ein kjapp rockelåt, som var skriven av Roger Taylor. Andre versjonar av songen vart skapt ved å anten forlenge eller korte ned introduksjonen.[3] I eit intervju i 1989 sa Mercury at dette var eit flott døme på to separate bitar som kom saman til ein eigen song. Han kommenterte korleis bandet hadde kring 30 songar å arbeide med, men berre gjorde ferdig ein liten del.[4]

Video[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til songen vart filma i løpet av to dagar på museumsjernbanen Nene Valley Railway nær Peterborough i Cambridgeshire i England. Gruppa leigde damplokomotivet No. 3822[5] og ei open vogn. Gruppa kalla toget «The Miracle Express», og namnet stod måla i store raude bokstavar på begge sider av lokomotivet.[6] Overgangen frå den rolege introen til den kjappe rockelåten skjer samtidig med at toget brasar gjennom ein vegg av polystyren, måla som ein mursteinsmur. Resten av videoen består av toget som køyrer, medan bandet framfører songen på togvogna.[7]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering Veker på lista
Den australske singellista[8] 45 1
Den kanadiske singellista[9] 80 3
Den nederlandske singellista[10] 6 14
Den tyske singellista[11] 24 12
Irish Singles Chart[12] 6 4
Den italienske singellista[13] 24 ?
Den newzealandske singellista[14] 45 1
Den sveitsiske singellista[15] 28 4
UK Singles Chart[16] 7 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sutcliffe, Phil; Hince, Peter and Mack, Reinhold (15. november 2009). Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. MBI Publishing Company. ISBN 978-0-7603-3719-6. [daud lenkje]
  2. Unreleased Queen Tracks. Ultimatequeen.co.uk. Henta 25. juli 2016.
  3. The Miracle. QueenVault.com (1989-03-15). Henta 25. juli 2016.
  4. 1989 Radio Interview with Queen hosted by Mike Read
  5. Didcot Railway Centre Arkivert 2013-11-05 ved Wayback Machine.. Didcot Railway Centre. Henta 25. juli 2016.
  6. Peterborough Tourist Attractions: Sightseeing and Attractions in Peterborough Area, England, UK. Peterborough.world-guides.com. Henta 25. juli 2016.
  7. Freestone, Peter & Evans, David (2001). Freddie Mercury: An Intimate Memoir by the Man who Knew Him Best. Omnibus Press. s. 129. ISBN 978-0-7119-8674-9. 
  8. Australian-charts.com
  9. Collectionscanada.gc.ca
  10. Dutchcharts.nl
  11. Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche Arkivert 2012-10-12 ved Wayback Machine.. musicline.de. Henta 25. juli 2016.
  12. The Irish Charts – All there is to know. Irishcharts.ie. Henta 25. juli 2016.
  13. «Hit Parade Italia - Indice per Interprete: Q». Hitparadeitalia.it. Henta 8. februar 2012. 
  14. Charts.org.nz, arkivert frå originalen 8. mai 2008, henta 25. juli 2016 
  15. Swisscharts.com
  16. Queen – Breakthru'. Chart Stats (1989-08-26). Henta 25. juli 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]