Tie Your Mother Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tie Your Mother Down
Singel av Queen
frå albumet A Day at the Races
B-side

«You and I»
«Drowse» (USA, Canada, Japan, Australia og New Zealand)

Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1977
Innspelt 1976
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 3:45 (singel)
4:48 (album)
Selskap EMI (UK)
Elektra (US)
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Queen
Queen-kronologi 
«Somebody to Love»
(1976)
Tie Your Mother Down «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)»
(1977)


«Tie Your Mother Down» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av gitaristen Brian May. Han er opningssongen og den andre singelen frå albumet A Day at the Races frå 1976. Singelen kom ut i 1977 og nådde 31. plassen på den britiske singellista. Meir enn 20 år seinare vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «No-One But You (Only the Good Die Young)», då han nådde 13. plassen. På albumet starta songen med ein minutt lang instrumental, som kjem att på slutten av «Teo Torriatte». Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, som til dømes på album av Pink Floyd.

Etter songen kom ut i 1976 spelte Queen han på kvar einaste turné.[1] Under Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, vart songen spelt av Queen i lag med Joe Elliot og Slash.[2] Ved fleire høve i nyare år har Brian May og Roger Taylor spelte songen live med Foo Fighters, mellom anna då Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001 og under VH1 Rock Honors i 2006.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brian May byrja å skrive songen på Tenerife, medan han arbeidde på doktorgraden sin som astronom. Han skreiv riffet på ein spansk gitar og vakna opp ein morgon og spelte songen med han song «tie your mother down,» ei linje han rekna som ein spøk. Vokalisten Freddie Mercury likte linja og ønskte å behalde ho. «Tie Your Mother Down» opnar med eit tungt gitarriff av Brian May.[3]

Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, basert på eit konsertopptak i Nassau ColiseumLong Island i New York i februar 1977 under den amerikanske turneen til bandet.[4]

Sjølv om songen lenge har vore ein konsertfavoritt og favoritt på amerikansk FM_radio, gjorde ikkje songen det så godt på salslistene. Han nådde 31. plassen i Storbritannia og 49. plassen i USA. Songen vart derfor berre gjeve ut i somme område på Greatest Hits, men songen er med på samlealbumet Queen Rocks, i lag med somme av dei tyngste songane til bandet.[5]

I eit hyllestprogram på BBC Radio 4 til Rory Gallagher, sa May at hovudinspirasjonen til riffet kom frå Taste-songen «Morning Sun» frå albumet On the Boards (1970). Riffet er òg ganske likt vers-riffet frå T.Rex-songen «Funky London Childhood», frå albumet Prince of Players (The Alternate Dandy in the Underworld) frå 1976.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Den austerrikske singellista 47
Nederlandsk Topp 40 10
UK Singles Chart 31
US Billboard Hot 100 47
Liste (1998) Plassering
Nederlandsk Topp 40 33
Den tyske singellista 75
UK Singles Chart 13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Etter songen kom ut i 1976, vart «Tie Your Mother Down» den songen som oftast opna konsertane til Queen.[1][3] Under Freddie Mercury Tribute Concert vart songen framført av Queen i lag med Def Leppard-songaren Joe Elliott og Guns N' Roses-gitaristen Slash.[2] May song første verset og refrenget før Elliot tok over.[2] Ved fleire høve har May og Roger Taylor framført songen i lag med Foo Fighters.[6][7][8] Den 5. september 2011 framførte Jeff Beck songen i lag med May og Taylor i ei feiring av det som ville ha vore 65-årsdagen til Freddie Mercury. Hendinga vart kalla 'Freddie for a Day' og vart feira på Savoy Hotel i London.[9]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Queen on tour Queen Concerts. Henta 10. juni 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 The Freddie Mercury Tribute Concert: Tie Your Mother Down Henta 10. juni 2016
  3. 3,0 3,1 Tie Your Mother Down Allmusic. Henta 10. juni 2016
  4. 1977 A Day At The Races North American Tour Ultimate Queen. Henta 10. juni 2016
  5. Queen Rocks, Vol. 1 Allmusic. Henta 10. juni 2016
  6. Foo Fighters joined by Queen legends NME. Henta 10. juni 2016
  7. Foos play biggest ever gig The Sun. Henta 30. august 2011
  8. Queen & Foo Fighters «We Will Rock You/We Are The Champions» Live at Rock Honors 2006 Arkivert 2014-07-01 ved Wayback Machine. VH1. Henta 27. mai 2011
  9. «Freddie Party - Savoy Set List". Queen Online. Henta 19. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]