The Shape I'm In

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Shape I'm In
Singel av The Band
frå albumet Stage Fright
A-side «Time To Kill»
Innspelt Mai til juni 1970
Bearsville Studios
Woodstock i New York
Sjanger Rootsrock
Lengd 3:24
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Robbie Robertson
Produsent The Band

«The Shape I'm In» er ein song skriven av Robbie Robertson. Han vart først gjeven ut av The Band på albumet Stage Fright i 1970 og er sungen av Richard Manuel. Han vart òg gjeven ut som b-side til singelen deira «Time to Kill», og vart langt meir populær enn a-sida.[1] Miksen nytta for singelen er omstridd, sidan The Band hadde sine tvil om kor bra den første miksen til lydteknikaren Todd Rundgren var, og sende lydbanda for å bli miksa på ny av den britiske lydteknikaren Glyn Johns. Truleg er det Johns-miksen som vert nytta på både albumet og singelen.[2]

Låtskrivaren Robertson gjorde lite for å skjule at kjensla av frykt og oppløysing i songen omhandla keyboardisten Manuel, ironisk nok solosongaren på songen.[3] Han vart eit fast innslag på konsertane deira og finst på konsertalbuma Rock of Ages, Before the Flood og The Last Waltz. I lag med «The Weight» er dette ein av Band-songane som er mest spelt av andre artistar.[4] Han vart mellom anna spelt av The Pointer Sisters og The Mekons.

Singelen nådde 62. plass på den kanadiske singellista.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Promotional poster by Capitol Records, retrieved 19-11-10
  2. Hoskyns, Barney. Across the Great Divide: The Band and America. ISBN 142341442X, s. 243-244.
  3. Hoskyns, Barney.
  4. Lewis, D.L. The Band website, henta 24. januar 2011