Jericho av The Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jericho
Studioalbum av The Band
Innspelt Juni 1985
Sjanger Rock
Lengd 56:53
Selskap Rhino
Produsent John Simon, Aaron Hurwitz & The Band
Kritikk
The Band-kronologi
To Kingdom Come
(1989)
Jericho Across the Great Divide
(1994)

Jericho er det tiande albumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band, og kom ut i 1993. Det var det første albumet deira etter at den originale besetninga vart oppløyst i 1976.

Albumet kom heile 17 år etter «farvellkonserten» deira, og var den første utgjevinga for Rhino-etiketten Pyramid Records. Med på albumet var dei originale medlemmene Levon Helm (trommer/mandolin/gitar/vokal), Rick Danko (bass/gitar/vokal) og Garth Hudson (orgel/klavers/horn), og i tillegg Jim Weider (som hadde spelt gitar for bandet ei tid etter dei vart gjenforeint i 1983), Randy Ciarlante (som hadde kome inn på trommer i 1990) og Richard Bell (som vart med som keyboardist i 1991). Richard Manuel spelte den siste innspelinga si med The Band på «Country Boy». I tillegg til denne sekstetten spelar fjorten andre musikarar på albumet. Så mange musikarar vart vanleg for bandet på dei siste albuma deira.

Utan Robbie Robertson som tekstforfattar, var gruppa avhengige av hjelp utanfor på fire originale songar. Av desse finn ein Bob Dylan, Bruce Springsteen, Muddy Waters, Willie Dixon og visesongaren Artie Traum.

Måleriet på plateomslaget er huset dei budde i i Saugerties i New York og som inspirerte musikken på debutalbumet Music From Big Pink. Det var òg her Bob Dylan og The Band spelte inn The Basement Tapes.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Remedy»   Colin Linden, Jim Weider 4:25
2. «Blind Willie McTell»   Bob Dylan 6:42
3. «The Caves of Jericho»   Richard Bell, Levon Helm, Rick Danko, John Simon 5:23
4. «Atlantic City»   Bruce Springsteen 5:16
5. «Too Soon Gone»   Jules Shear, Stan Szelest 3:59
6. «Country Boy»   Marshall Barer, Fred Brooks 3:17
7. «Move to Japan»   Joe Flood, Levon Helm, John Simon, Stan Szelest, Jim Weider 4:25
8. «Amazon (River of Dreams)»   Artie Traum 6:00
9. «Stuff You Gotta Watch»   Muddy Waters 2:50
10. «The Same Thing»   Willie Dixon 4:31
11. «Shine a Light»   Marty Grebb, Daniel Moore 4:12
12. «Blues Stay Away From Me»   Altn & Rabon Delmore, Henry Glover, Wayne Raney 6:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Band[endre | endre wikiteksten]

  • Rick Danko: Bassgitar, gitarar, fele, trombone, klaverinstrument, vokal.
  • Levon Helm: Trommer, perkusjon, mandolin, gitar, vokal.
  • Garth Hudson: Orgel, klaverinstrument, trekkspel, elektrisk piano, saksofon, synthesizers, horn.
  • Richard Manuel: Piano, klaverinstrument & vokal på «Country Boy».
  • Randy Ciarlante: Trommer, perkusjon, korvokal.
  • Rick Bell: Klaverinstrument, orgel, piano, trekkspel, korvokal.
  • Jim Weider: Gitarar, korvokal.

Gjestemusikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]