The Basement Tapes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Basement Tapes
studio av Bob Dylan og The Band
Utgjeve 26. juni 1975
Innspelt Dylan–Band-innspelingar: juni–September 1967; Band-innspelingar: 1967–1975
Sjanger Rock, folk, blues, country
Lengd 76:41
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan, The Band
Bob Dylan-kronologi
Blood on the Tracks
(1975)
The Basement Tapes Desire av Bob Dylan
(1976)
The Band-kronologi
Before the Flood
(1974)
The Basement Tapes Northern Lights – Southern Cross
(1975)

The Basement Tapes er eit studioalbum frå 1975 av Bob Dylan og The Band. Songane med Dylan på vokal er spelte inn i 1967 i hus i og rundt Woodstock, der Dylan og The Band budde. Sjølv om dei fleste av Dylan-songane fanst på piratopptak, var The Basement Tapes den første offisielle utgjevinga. Tittelen tyder «kjellaropptaka».

Under verdsturneen sin i 1965–1966, spelte Dylan med rockebandet The Hawks, som seinare vart det kjende The Band. Etter at Dylan skada seg i ei motorsykkelulukke i juli 1966, flytta medlemmene av The Hawks til nabolaget til Dylan i Woodstock-området for å samarbeide med han i både musikk- og filmprosjekt. Dylan heldt seg borte frå ålmenta i 1967 og spelte inn meir enn 100 songar i lag med The Band, som bestod av både originale songar, andre sine songar og tradisjonelle songar. Stilen Dylan flytta seg frå den urbane kjensla og omfattande sogene som hadde prega dei siste albuma hans, som Highway 61 Revisited og Blonde On Blonde, til songar som var meir intime og nytta trekk frå tradisjonell amerikansk musikk. Nokre av kjellarsongane er humoristiske, andre omhandlar berre småting. Generelt har songane ei tradisjonell og enkel kjensle.

Columbia Records gjorde albumet klart for offisiell utgjeving i 1975, vart åtte songar som vart spelt inn av The Band aleine mellom 1967 og 1975 lagt til sekst songar spelt inn av Dylan og The Band i 1967. Det vart lagt på fleire spor i 1975 til mange av desse songane. The Basement Tapes vart kritikarrost då det kom ut og nådde 7. plass på Billboard 200.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Odds and Ends»   1:47
2. «Orange Juice Blues (Blues for Breakfast)» (Richard Manuel) 3:39
3. «Million Dollar Bash»   2:32
4. «Yazoo Street Scandal» (Robbie Robertson) 3:29
5. «Goin' to Acapulco»   5:27
6. «Katie's Been Gone» (Manuel, Robertson) 2:46
Side to
# Tittel Lengd
7. «Lo and Behold»   2:46
8. «Bessie Smith» (Rick Danko, Robertson) 4:18
9. «Clothes Line Saga»   2:58
10. «Apple Suckling Tree»   2:48
11. «Please Mrs. Henry»   2:33
12. «Tears of Rage» (Dylan, Manuel) 4:15
Side tre
# Tittel Lengd
13. «Too Much of Nothing»   3:04
14. «Yea! Heavy and a Bottle of Bread»   2:15
15. «Ain't No More Cane» (tradisjonell) 3:58
16. «Crash on the Levee (Down in the Flood)»   2:04
17. «Ruben Remus» (Manuel, Robertson) 3:16
18. «Tiny Montgomery»   2:47
Side fire
# Tittel Lengd
19. «You Ain't Goin' Nowhere»   2:42
20. «Don't Ya Tell Henry»   3:13
21. «Nothing Was Delivered»   4:23
22. «Open the Door, Homer»   2:49
23. «Long Distance Operator»   3:39
24. «This Wheel's on Fire» (Danko, Dylan) 3:52