Theo Koritzinsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theo Koritzinsky i Stavanger.
Foto: Jarle Vines, 2008

Theo Koritzinsky (fødd 2. november 1941) er ein norsk akademikar og politikar som var partileiar i Sosialistisk Venstreparti på 1980-talet.

Theo Koritzinsky var leiar i SF sin ungdomsorganisasjon SUF 1965–1966 og sat som stortingsrepresentant frå Oslo 1985–1993. Frå 1983 til 1987 var han partileiar. Etter Jo Benkow (1980) og Odd Einar Dørum (1982) var han den tredje partileiaren i Noreg av jødisk ætt.

Koritzinsky er førsteamanuensis i samfunnsfag ved Høgskolen i Oslo (2006). Han har gjeve ut fleire bøker om didaktikk, mellom anna Samfunnskunnskap. Fagdidaktisk innføring (2006).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]