This Is My Life av Anna Bergendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«This Is My Life»
Song av Anna Bergendahl

Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 3. mars 2010
Sjanger Pop, vise, ballade
Lengd 03:01
Selskap M&L Records og Lionheart International[1]
Låtskrivar(ar) Bobby Ljunggren, Kristian Lagerström

«This Is My Life» (norsk omsetjing ‘dette er livet mitt’) er ein svensk popballade frå 2010, skriven av Bobby Ljunggren og Kristian Lagerström, og framført av Anna Bergendahl. Songen vann svenske Melodifestivalen i 2010 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år i Telenor Arena. Der blei «This Is My Life» slått ut i semifinalen, og Sverige missa finalen for fyrste og førebels einaste gong i historia til Eurovision Song Contest.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«This Is My Life» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2010 og var komponert av Bobby Ljunggren med tekst av Kristian Lagerström. Ljunggren var ein erfaren bidragsytar til svenske Melodifestivalen, og hadde vunne tevlinga fire gongar tidlegare: i 1995 med «Se på mig», 1998 med «Kärleken är», 2006 «Evighet» og 2008 «Hero». Til å framføre låten hadde duoen og SVT plukka ut 18 år gamle Anna Bergendahl, som hadde blitt nummer fem i svensk Idol to år tidlegare.

«This Is My Life» deltok i den fjerde delfinalen i Malmö laurdag 27. februar 2010. Der vann han og kvalifiserte seg til finalen i Globen i Stockholm laurdag 13. mars 2010. I Globen var songen det niande og nest siste bidraget ut på scena. Etter juryavrøystinga låg han på ein andreplass, bak Salem Al Fakir med «Keep On Walking», men Bergendahl var favoritt hos sjåarane og tok sigeren framfor Salem Al Fakir på andreplass, og Eric Saade og «Manboy» på tredje. Saade skulle vinne Melodifestivalen året etter.[2] Programleiaren Måns Zelmerlöw skulle vinne Eurovision Song Contest 2015.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Anna Bergendahl på scena under Eurovision Song Contest 2010Fornebu.

Med sigeren i Melodifestivalen blei «This Is My Life» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2010 i Telenor ArenaFornebu i Noreg. Dette var også det 50. bidraget til Sverige i Eurovision Song Contest, etter å ha debutert i 1958 og stått over finalane i 1964, 1970 og 1976.

På Fornebu deltok Sverige i den andre semifinalen torsdag 27. mai. Som i den svenske finalen stilte Bergendahl med kassegitar, kort, kvitt strutteskjørt med svarte tights under og med låge Converse-sko. Publikum bidrog også i nummeret med å veive med raude ljosstavar som den svenske delegasjonen hadde betalt for og delt ut like før sendinga. Den svenske delegasjonen var på førehand bekymra for at publikum ikkje ville følgje oppfordringa om å bruke ljosstavane, men under framføringa til Bergendahl var Telenor Arena bada i raudt lys frå salen.[3][4][5]

Trass i den stemningsfulle framføringa, fekk «This Is My Life» berre 62 poeng og ein ellevteplass – berre fem poeng bak Kypros på tiandeplass.[6] Sidan det berre var dei ti beste som gjekk vidare til finalen, blei Sverige dimed slått ut av semifinalen – for fyrste og førebels einaste gong i Eurovision-historien. Saman med sisteplassane i 1963 og 1977 er dette den dårlegaste plasseringa til Sverige i tevlinga, og fyrste gong på 34 år at landet ikkje var med i ein finale. Både Danmark og Noreg gav 12 poeng til det svenske bidraget.[7]

Etter utslaget var reaksjonane blanda i Sverige. På førehand hadde pressa og spelselskapa vore i tvil om Sverige ville klare å kvalifisere seg, men sjåarar og fagfolk var likevel skuffa over resultatet.[8][9][10] Resultatet var det fjerde på rad i ei rekkje av svake plasseringar for Sverige, etter at landet blei nummer 18 i 2007, nummer 18 i 2008 og nummer 21 året før.[11]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«This Is My Life» blei gjeven ut på CD-singel av plateselskapet M&L Records og via digital nedlasting av Lionheart International 2. mars 2010.[12][13]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Spor Låt Lengde
1 «This Is My Life» 02:59

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Trass i fiaskoen i Eurovision Song Contest, toppa «This Is My Life» den svenske singellista, og nådde ein tredjeplass på Svensktoppen i tillegg til ein fjerdeplass på Trackslistan hos SR P3.[14] Songen nådde også den norske VG-lista.

Liste (2010) Høgaste
plassering
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[15] 93
Flagget til Noreg Noreg (VG-lista)[16] 6
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 62
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[18] 1
Flagget til Ungarn Ungarn (Rádiós Top 40)[19] 40

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anna Bergendahl – This Is My Life». discogs.com. Henta 17. juni 2018. 
  2. Sweden, Sveriges Television AB, Stockholm, (2018). «Melodifestivalen 2010». svt.se (på svensk). Henta 17. juni 2018. 
  3. «Tenn et lys for Sverige». Aftenposten. Henta 17. juni 2018. 
  4. «Nordmenn kan ødelegge showet til MGP-Anna» (på norsk). Henta 17. juni 2018. 
  5. «Svenskene frykter norsk MGP-tabbe». seher.no (på norsk). 19. mai 2010. Henta 17. juni 2018. 
  6. «Cyperns "fel" att Sverige röstade sig själv ur delfinalen | Melodifestivalen | Expressen» (på svensk). Henta 17. juni 2018. 
  7. «Oslo 2010 - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 17. juni 2018. Henta 17. juni 2018. 
  8. Riise, Hege Bakken. «Første finale uten Sverige». NRK (på norsk bokmål). Henta 17. juni 2018. 
  9. Skille, Øyvind Bye. «Blandet etter at Sverige røk ut». NRK (på norsk bokmål). Henta 17. juni 2018. 
  10. «Det var inte så här min schlagerdröm skulle se ut». 29. mai 2010. Henta 17. juni 2018. [daud lenkje]
  11. «Sweden – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. EBU. Henta 17. juni 2018. 
  12. «Anna Bergendahl – This Is My Life». discogs.com. Henta 17. juni 2018. 
  13. «This Is My Life - Single by Anna Bergendahl on iTunes» (på engelsk). 3. mars 2010. Henta 17. juni 2018. 
  14. «This Is My Life av Anna Bergendahl». NostalgiListan (på svensk). Henta 17. juni 2018. 
  15. Hung, Steffen. «Anna Bergendahl - This Is My Life». hitparade.ch. Henta 17. juni 2018. 
  16. «This Is My Life». VG-lista 2018 (på norsk bokmål). Henta 17. juni 2018. 
  17. Hung, Steffen. «Anna Bergendahl - This Is My Life - hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 17. juni 2018. 
  18. Hung, Steffen. «swedishcharts.com - Anna Bergendahl - This Is My Life». swedishcharts.com. Henta 17. juni 2018. 
  19. lightmedia.hu. «Rádiós Top 40 játszási lista - Hivatalos magyar slágerlisták». zene.slagerlistak.hu. Henta 17. juni 2018.