Eurovision Song Contest 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1964
ESC 1964 logo.png
Dato
Vertskap
Stad
Tivolis Koncertsal
Flagget til Danmark København i Danmark
Programleiar(ar)
Lotte Wæver
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Portugal.svg Portugal
Trekte seg
Flag of Sweden.svg Sverige
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Italia «Non ho l'età»
Eurovision Song Contest
1963 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1965
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen
Kjolen til Anneke Grönloh som representerte Nederland

Eurovision Song Contest 1964 (ESC 1964) var den niande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Tivolis Koncertsal i København i Danmark. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Italia vann konkurransen med songen «Non ho l'età», framførd av Gigliola Cinquettiitaliensk.

Mellom det sveitsiske og belgiske bidraget kom ein demonstrant opp på scenen med ein plakat kor det stod «boikott Franco og Salazar», ein protest mot Spanias og Portugals fascistiske statssjefar. Mannen vart eskortert bort frå scena, og fjernsynssjåarane vart vist eit bilete av resultattavla medan dette arbeidet pågjekk. Som med Eurovision Song Contest 1956 er det berre bevart lydopptak frå artistanes framføring under konkurransen. Unntaket er eit kort klipp av Gigliola Cinquetti som framførde vinnarbidraget for andre gong. Ein trur at videoopptaka gjekk tapt i ein brann hos Danmarks Radio i 1970-åra.

Portugal deltok i Eurovision Song Contest for fyrste gong dette året og Sverige trekte seg frå konkurransen på grunn av ein boikott frå artistane.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Hugues Aufray «Dès que le printemps revient» Fransk 4 14
2. Flag of the Netherlands.svg Nederland Anneke Grönloh «Jij bent mijn leven» Nederlandsk 10 2
3. Flag of Norway.svg Noreg Arne Bendiksen «Spiral» Norsk 8 6
4. Flag of Denmark.svg Danmark Bjørn Tidmand «Sangen om dig» Dansk 9 4
5. Flag of Finland.svg Finland Lasse Mårtenson «Laiskotellen» Finsk 7 9
6. Flag of Austria.svg Austerrike Udo Jürgens «Warum nur warum?» Tysk 6 11
7. Flag of France.svg Frankrike Rachel «Le chant de Mallory» Fransk 4 14
8. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Matt Monro «I Love the Little Things» Engelsk 2 17
9. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Nora Nova «Man gewöhnt sich so schnell an das Schöne» Tysk 13 0
10. Flag of Monaco.svg Monaco Romuald Figuier «Où sont-elles passées» Fransk 3 15
11. Flag of Portugal.svg Portugal Antonio Calvário «Oração» Portugisisk 13 0
12. Flag of Italy.svg Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» Italiensk 1 49
13. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Sabahudin Kurt «Život je sklopio krug» Bosnisk 13 0
14. Flag of Switzerland.svg Sveits Anita Traversi «I miei pensieri» Italiensk 13 0
15. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Robert Cogoi «Près de ma rivière» Fransk 10 2
16. Flag of Spain.svg Spania Los TNT «Caracola» Spansk 12 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]