Tidløyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colchicum autumnale. (Foto: Marek Szczepanek)
Naken jomfru i svart mold.

Colchicum autumnale — ofte kalla naken jomfru eller tidlausnorsk, men òg stundom kalla «haustkrokus» (sjå fleirtyding der) — er ein giftig pryd- og plante som særleg er viktig for utvinning av kolkisin («colchicin») — eit viktig lækjemiddel for behandling av sjukdommar som urinsyregikt og familiær middelhavsfeber. Colchicum skil seg frå krokus ved at blomstrane har seks pollenberarar i motsetnad til dei tre pollenberarane åt krokusen.

Colchicum autumnale. (Plansje frå Otto Wilhelm Thomé: Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz (1885))

Skildring og vekst[endre | endre wikiteksten]

Planten er fleirårig og veks frå ein oppsvulma del av stilken som kan minna om ein lauk. Blomane kjem om hausten, før blada, og dette har gjeve opphav til namnet naken jomfru. Det kjem ein eller to blomar frå kvar stilkrot. Dei minner om krokus, men har altså fleire pollenberarar og har alltid ei form for lilla, gjerne kvit inst i blomen. Dei tynne blada blir rundt 30 cm høge.

Naken jomfru kjem opphavleg frå Vest-Asia, men har spreidd seg til store delar av det eurasiske kontinentet på eiga hand, og er blitt flytta til Nord-Amerika av menneske. Han er både brukt som hageplante og veks vilt.

Gift og medisin[endre | endre wikiteksten]

Ein kan blir forgifta av berre ei lita mengd tidlaus. Symptoma minner om arsenikkforgifting, med oppkast, ei brennande kjensle i munnen og halsen, diaré, magesmerter og nyresvikt. Deretter kan ein døy av lungesvikt. Det finst inga særskilt motgift, i staden kan ein behandla ein som er blitt forgifta ved å pumpa han

Dei gamle grekarane er dei første til å skildra haustkrokusen som ein giftplante, men på bysantinske og arabiske lækjarar tok til å bruka han som medisin mot ulike former for gikt. I moderne medisin bruker ein innhaldsstoffet kolkisin mot familiær middelhavsfeber, urinsyregikt (tidl. podagra) og fleire typar kreft. Planten blir òg brukt som homøopatisk medisin mot ei rekke lidingar.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tidløyse
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.