Two-Bit Manchild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Two-Bit Manchild
Singel av Neil Diamond
frå albumet Velvet Gloves and Spit
A-side Two-Bit Manchild
B-side Broad Old Woman (6 AM Insanity)
Utgjeve 13. juli 1968
Innspelt 1968
Sjanger Pop, Rock
Lengd 03:04
Selskap Universal Special Products
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Tom Catalano and Neil Diamond
Neil Diamond-kronologi
Brooklyn Roads Two-Bit Manchild Shilo

Two-Bit Manchild er ein song skriven og framført av Neil Diamond. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet Velvet Gloves and Spit, og vart gjeven ut som singel med B-sida «Broad Old Woman (6 a.m. Insanity)». Han er ein «sterk og interessant» song i følgje Robert Jamieson.[1]

«Two-Bit Manchild» finst òg på samlealbuma Glory Road 1968-1972, Play Me: The Complete UNI Studio Recordings Plus, Gold og Reflections.

Opningsriffet minnar om «Day Tripper» av The Beatles.

Neil Diamond spelte «Two-Bit Manchild» den 2. juli 1968 på Showcase 68. Han vart offisielt gjeve ut som singel 13. juli 1968 og nådde etter kvart 66. plass på singellista.[2]

«Two-Bit Manchild» vart spelt inn av den australske popsongaren Johnny Farnham på det andre studioalbumet hans, Everybody Oughta Sing a SongEMI Records i november 1968. Songen er òg spelt inn av Neil Diamond-coverbandet Nine Inch Neils,[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]