God Only Knows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«God Only Knows»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Pet Sounds
A-side «Wouldn't It Be Nice»
Utgjeve 11. juli 1966
Innspelt Western Studios
10. mars 1966
Columbia Studios
10. mars 1966
11. april 1966
Sjanger Barokk pop
Lengd 2:49
Selskap Capitol (#5706)
Låtskrivar(ar) Brian Wilson, Tony Asher
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Sloop John B»
(1966
«God Only Knows» «Good Vibrations»
(1966)

«God Only Knows» er ein song av det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen er det åttande sporet på albumet deira Pet Sounds frå 1966 og ein av dei mest kjende songane deira. «God Only Knows» vart skriven og produsert av Brian Wilson, med tekst av Tony Asher og solovokal av Carl Wilson.

Songen vart gjeven ut som B-sida til «Wouldn't It Be Nice» i USA. I Europa var dei to sidene snudd om, og «God Only Knows» fungerte som A-side. Her nådde han mellom anna andreplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg.

Songen var banebrytande på mange måtar. Han var den første kommersielle popsongen med ordet «God» eller «Gud» i tittelen. Songen var mykje meir teknisk sofistikert enn noko anna både Beach Boys og andre popgrupper hadde gjort til då, særleg den kompliserte melodiske strukturen og vokalharmoniane. Som produsent nytta Brian Wilson òg mange uvanlege instrument for sjangeren, som cembalo og valthorn som ein kan høyre i introduksjonen.

Magasinet Mojo rangerte songen på 13. plass på lista deira over dei største songane gjennom tidene. Pitchfork Media utropte songen til den beste songen frå 1960-åra. Songen er på 25. plass på lista til musikkmagsinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Brian Wilson har forklart i sjølvbiografien sin Wouldn't It Be Nice: My Own Story at melodien til «God Only Knows» var inspirert av ein John Sebastian-song han hadde høyrt ein del på. Opningstemaet spelt av valthorn er særs likt temaet i Akt 2 Scene 2, «Hagen-teamet» i Richard Wagner sin Die Götterdämmerung, som òg vert spelt av valthorn.

Tony Asher var sikker på at songen kom til å verte ein stor hit, fordi han meinte melodien var så vakker. Han var derimot usikker på om han kunne klare å skrive ein tekst som var på same nivå. Han var villig til å kjempe for opningslinja, «I may not always love you», som var ein uvanleg måte å starte ein kjærleikssong på.[2].

«God Only Knows» var ein av dei første popsongane som nytta ordet «Gud» i tittelen. Wilson frykta at songen ikkje ville verte spelt på radio på grunn av dette, men Wilson og Asher valde likevel å ha tittelen slik. [2]

Val av vokalist[endre | endre wikiteksten]

Brian Wilson hadde opphavleg tenkt å synge songen sjølv, men let til slutt broren Carl Wilson få æra, sidan han meinte Carl kunne få bodskapen tydlegare fram.[3] Carl Wilson har seinare sagt at han følte seg utruleg heldig som fekk høve til å synge «God Only Knows». Brian bad han synge songen så enkelt som mogeleg.[3]

Bruce Johnston har forklart at Brian Wilson arbeidde særs mykje med «God Only Knows» og hadde på eit tidspunkt alle i the Beach Boys, Terry Melcher og kona si og systera hennar på vokal. Etter kvart fann Wilson ut at han trengde å strippe songen ned att, og enda opp med å berre nytte tre korstemmer, Bruceh Johnston med den lysaste stemma, Carl Wilson i midten og Brian sjølv på den lågaste stemma.[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Akkompagnementet til songen vart spelt inn 10. mars 1966 ved Western Recorders i Hollywood California. Musikarar på denne innspelinga var Hal Blaine på trommer, Jim Gordon på perkusjon, Lyle Ritz på kontrabass, Carol Kaye på bassgitar, Ray Pohlman på danelectro-bass, Don Randi på piano, Larry Knechtel på orgel, Carl Fortina og Frank Morocco på trekkspel, Leonard Hartman på klarinett, og bassklarinett, Bill Green og Jim Horn på fløyte, Alan Robinson på valthorn, Jay Migliori på barytonsaksofon, Leonard Malarsky og Sid Sharp på fiolin, Darrel Terwilliger på bratsj og Jesse Erlich på cello.

I følgje Brian Wilson var det 23 musikarar til stades på innspelinga, men berre 16 er tilskriven på opptaket som vart nytta til slutt. 23 musikarar på ein popsong var eit særs høgt tal i dei dagar. Alle musikarane spelte samstundes og danna eit rikt lydbilete.

Vokalen vart spelt inn mellom mars og april 1966 i Columbia Studios i Hollywood.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til magasina som har plassert songen høgt på listene over dei største songane gjennom tidene eller på 1960-talet, har Paul McCartney uttrykkt sin kjærleik til songen. [3]

Bono sa i oktober 2006 då Brian Wilson vart innlemma i UK Music Hall of Fame at strykarrangementet på «God Only Knows» er eit bevis på at det finst englar.

I ei avstemming på musikkanalen Vh1 vart songen plassert på 28. plass på ei liste over britane sin favorittekst Han vart stemnd fram av lyttarane på BBC Radio 2 som ein av tr esongar som kan endre liva til folk.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Glen Campbell, Jack Jones, Claudine Longet, Andy Williams og Neil Diamond, David Bowie samt fleire andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/6595870/god_only_knows/1. Henta 31. august 2009. 
  2. 2,0 2,1 I Just Wasn't Made for These Times: Brian Wilson og the Making of Pet Sounds by Charles L. Granata. Published by Unanimous Ltd, 2003. ISBN 1-55652-507-9
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 The Pet Sounds Sessions: "The Making Of Pet Sounds"-hefte


26:
 «(Sittin on) the Dock of the Bay» 
Otis Redding
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
25


The Beach Boys – «God Only Knows»

24:
 «People Get Ready» 
The Impressions