Play Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Play Me
Singel av Neil Diamond
frå albumet Moods
B-side «Porcupine Pie»
Utgjeve 6. mai 1972[1]
Sjanger Pop, Adult contemporary
Lengd 3:51
Selskap Uni Records 55346[2]
Låtskrivar(ar) Tom Catalano, Neil Diamond
Produsent Tom Catalano
Neil Diamond-kronologi
«Song Sung Blue» (1972) Play Me «Walk On Water» (1972)

«Play Me» er ein song frå 1972 av Neil Diamond frå albumet hans Moods. Songen var den første singelen frå Moods,[3] og vart spelt inn i februar 1972 i Los Angeles.[4] Han vart gjeven ut som singel i mai 1972 og nådde 11. plassen på singellista i USA[1] i september det året.[5] Han var lista av Billboard på 27. plass på lista deira over dei 30 beste songane hans.[6]

You are the sun, I am the moon,
You are the words, I am the tune,
Play me

Neil Diamond (1972)

Den «fengjande poprock-songen»[7] er ein vals i middels tempo,[8] med brotne akkordar spelt på akustisk gitar, spelt av Richard Bennett.[8] Bennett hadde spelt på nokre få songar på Diamond-albumet Stones i 1971. Moods var det første heile albumet han deltok på med han, og han spelte på alle Diamond-albuma etter det fram til 1987, og turnerte med han i 17 år.[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Play Me» er ein publikumsfavoritt, særleg blant kvinnene som ber plakatar med «Neil, Play Me» på konsertane hans[10] I følgje Melissa Ruggieri som skreiv for Media General om ein konsert i 2008: Diamond [i ein alder av 67] har framleis evnen til å sjarmere, sjølv om han ikkje gjorde stort anna enn å riste litt på augnebryna mot kvinnene i publikum og lokka fram tenåringsliknande hyl—særleg 'Play Me' hadde ein bisarr pirrande effekt."[11]

Visesongaren Mary Lee Kortes spelte songen i 2000 i New York, og indikerte at ho hadde mista jomfrudomen til songen.[12] Nancy Sinatra sa «'Play Me' er min favoritt [Neil Diamond]-song, fordi han er sexy.»[13]

Han vert òg hylla av kritikarar og musikarar og vert rekna som ein av dei topp ti favorittsongane til den amerikanske forfattaren og kritikaren David Wild. Wild trekte særleg fram linjene «You are the sun, I am the moon, / You are the words, I am the tune, / Play me»,[8] og andre forfattarar har sitert desse linjene òg.[14] Teksten har òg vorte kritisert. Janice Kennedy sa om songen at han var «ei øving i nagl på tavle-smerte: 'Song she sang to me, song she brang to me.'»[15] Martin Pearson kritiserte òg den linja og sa «Ugh! It's "brought", you horrible little American!»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Caulfield, Keith (9 December 2006), Neil Diamond's Top Singles, s. 57, http://books.google.com/books?id=iw4EAAAAMBAJ&pg=PA56, henta 28. august 2013 
  2. Top 40 Easy Listening, 26 August 1972, s. 36, http://books.google.com/books?id=xCgEAAAAMBAJ&pg=PA36, henta 28. august 2013 
  3. Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ss. 92. ISBN 978-1-55022-707-9. 
  4. Talent in Action, 19 February 1972, s. 16, http://books.google.com/books?id=zigEAAAAMBAJ&pg=PA16, henta 28. august 2013 
  5. Lonergan, David F. (2005). Hit records, 1950–1975. Scarecrow Press. ss. 174. ISBN 978-0-8108-5129-0. 
  6. Bronson, Fred (2003). Billboard's hottest hot 100 hits (3 ed.). Watson-Guptill. ss. 82. ISBN 978-0-8230-7738-0. 
  7. Bogdanov, Vladimir; Chris Woodstra, Stephen Thomas Erlewine (2002). All music guide to rock: the definitive guide to rock, pop, and soul (3 ed.). Hal Leonard. ss. 308. ISBN 978-0-87930-653-3. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Wild, David (2009). He Is . . . I Say: How I Learned to Stop Worrying and Love Neil Diamond. Seal Press. ss. 18–19. ISBN 978-0-306-81835-6. 
  9. Childs, Zac (3 May 2007). «Features— Artists: Richard Bennett». Vintage Guitar. http://www.vguitar.com/features/artists/details.asp?AID=2263. Henta 28. august 2013. 
  10. Wiskirchen, Julie (27 July 2001). «Neil Diamond – Today Show Concert». Ape Culture. http://www.apeculture.com/music/neiltoday.htm. Henta 28. august 2013. 
  11. Ruggieri, Melissa (9 December 2008), Older, toned-down Diamond let his songs sparkle, Media General, http://www2.godanriver.com/gdr/entertainment/night_life/article/older_toned-down_diamond_let_his_songs_sparkle/7897/, henta 28. august 2013 
  12. Powers, Ann (13 December 2000), Pop Review: A Tribute by So Many to Interpret a Solitary Man, http://www.nytimes.com/2000/12/13/arts/pop-review-a-tribute-by-so-many-to-interpret-a-solitary-man.html?pagewanted=1, henta 28. august 2013 
  13. Block, Debbie Galante (9 December 2006), Playing Favorites, s. 38ff, http://books.google.com/books?id=iw4EAAAAMBAJ&pg=PA42, henta 28. august 2013 
  14. Johnson, Caitlin (29 April 2008), After 40 Years, Neil Diamond Is Still Shining, MSNBC, http://today.msnbc.msn.com/id/24371189/#ixzz0mjRKjqfT, henta 28. august 2013 
  15. Kennedy, Janice (13 April 2010), The iPhone's assault on the English language, http://www.vancouversun.com/opinion/iPhone+assault+English+language/2877443/story.html 
  16. Bessman, Jim (9 December 2006), Mining Diamond's Catalog, s. 58–65, http://books.google.com/books?id=iw4EAAAAMBAJ&pg=PA42, henta 28. august 2013 
  17. Donahue, Ann (7 February 2009), Stars Salute Neil Diamond At MusiCares Event, http://www.billboard.com/articles/news/269455/stars-salute-neil-diamond-at-musicares-event, henta 28. august 2013 
  18. Boehm, Kristin; Marisa Laudadio (7 February 2009), Inside the All-Star MusiCares Tribute to Neil Diamond, http://www.people.com/people/article/0,,20257664,00.html, henta 28. august 2013