Magnus Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnus VII
Kung Magnus Erikssons domsigill.jpg
Konge av Norge og Sverige
Regjeringstid Noreg: mai 13191355
Sverige: 8. juli 13198. februar 1364
Fødd april eller mai 1316
Død 1. desember 1374
Gift med Blanka av Namur
Born Erik (1339-1359)
Håkon (1340-1380)

Magnus Eriksson (13161. desember 1374) var konge av Noreg, Sverige og Skåne. Magnus Eriksson var konge av Noreg i tidsrommet frå 1319 til 1343, eller reelt til 1355. Samstundes var han konge av Sverige frå 1319 til 1364, og konge av Skåne frå 1332 til 1360. Han vert rekna som den første unionskongen.[1]

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Magnus var son åt den svenske hertug Erik Magnusson og Ingebjørg Håkonsdotter av Noreg. Han gifta seg med Blanka av Namur i 1335. Dei fekk to søner, Erik og Håkon.

Då kong Håkon V Magnusson døydde sonelaus i 1319, vart dottersonen hans Magnuss Eriksson vald til konge, berre fire år gamal. Same året vart han vald til [[konge av [Sverige]] som soneson av Magnus Ladulås, etter at fabroren hans var avsett. Magnus Eriksson var den fyrste Folkungen på den norske trona. Mora hans Ingebjørg prøvde å styra landa medan Magnus var mindreårig, men riksråda tok over makta i Sverige i 1322 og i Noreg i 1323.[2]

Magnus tok over styret av Noreg i 1332.[3] Dette året døydde Kristoffer II av Danmark, far til Valdemar Atterdag, som «konge utan land». Han hadde pantsett Danmark stykke for stykke. Magnus nytta høvet og løyste ut pantet på Skånelanda med 34 000 mark sølv (6 432 kilo) og lét sig hylla som konge av Skåne. Samstundes byrja Valdemar Atterdag å samla det splitta og pantsette Danmark, der Skånelanda var ein viktig del. Ved freden i Varbjerg i 1343 måtte Valdemar anerkjenna kong Magnus si styring av Skånelanda.

Dei norske stormennene var misnøgde med kongen, som hadde ført riksseglet ut av landet, ikkje utnemnde kanslar for Noreg medan han stort sett var utanlands. Nokre stormenn gjorde opprør og erobra Tunsberghus. I 1333 slutta dei fred att då kongen lot ein rådsherre ta hand om riksseglet og utnemnde Ivar Ogmundsson som drottsete.[4] Ei ny stormannsreising i 1338 førte til ein avtale der makta blei meir eller mindre delt mellom kongen og riksrådet.[5] I 1343/44 gjekk kongen med på å utnemna yngstesonen Håkon, som då var tre år gammal, til tronarving. Han skulle bli norsk konge så snart han var myndig, i 1355.[6] Han fekk også svenskane til å lova å velja den andre sonen hans, Erik, til konge etter han. Slik sikra han eit kongedøme for kvar av sønene sine.[7]

Magnus heldt på områda rundt Oslofjorden, Island og truleg ogå Hålogaland då sonen blei myndig. I Sverige utførte han store lovarbeid, kjend som Magnus Erikssons almänna landslag og stadslag. Han dreiv også utanrikspolitikk.[8] Han prøvde å sikra Skåne, Blekinge og Halland, som no var truga av Valdemar Atterdag att. Han førte også krig mot Novgorod for å trygga svenkse interesser i Baltikum.[9] Krigane tæra på finansane.

I 1357 gjorde svenske stormenn opprør mot kongen saman med sonen Erik. Men Erik Magnusson døydde i 1359, og i 1362 blei broren Håkon vald til svensk tronfølgjar i staden. Dermed delte Magnus og sonen kongsmakta i begge rika.[10]

I 1360 lukkast det Valdemar å få attende Skåne til Danmark. Etter dette gjekk det nedover med kong Magnus. I 1364 vart han driven ut av Sverige, men han kom attende og prøvde å ta styringa att. Han mislukkast, og i tida frå 1365 til 1371 sat han i fengsel i Stockholm. Han døydde i 1374 då skipet hans forliste ved Lyngholmen utanfor Bømlafjorden i Noreg.[11]

Namn og tilnamn[endre | endre wikiteksten]

Magnus Eriksson var den sjuande norske kongen som heitte Magnus. Han kan difor òg verta omtala som «Magnus 7. Eriksson» eller «Magnus VII Eriksson». Magnus Eriksson var den andre svenske kongen som heitte Magnus. Han kan difor òg verta omtala som «Magnus 2. Eriksson» eller «Magnus II Eriksson». Av fiendar vart han tidvis omtala som «Magnus Smek» ('den kjærlege').[12] Dette viste til påstandar om at han skulle ha homoseksuelle tendensar, og kom mellom anna frå visjonane til den heilage Birgitta.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi