Verdscupen i skiskyting 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 2024 tok til 26. november 2023 og vart avslutta 19. mars 2024. Turneringa omfatta 21 individuelle tevlingar for menn og like mange for kvinner, samt ei rekke stafettar. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Hochfilzen i Austerrike, Lenzerheide i Sveits, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Oslo i Noreg, delstaten Utah i USA og Canmore i Canada.

Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, sju stk 10-kilometer sprint og like mange jaktstartar à 12,5 km, samt fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Med sine 8-åtte rennsigrar vann Johannes Thingnes Bø frå Noreg verdscupen for femte gong. På dei neste plassane kom bror hans, Tarjei Bø, og landsmennene Johannes Dale, Sturla Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen.

Kvinnene tevla i tre 15 km normalprogram, sju stk 7,5 km sprint-tevlingar og like mange jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 6 km. Lisa Vittozzi frå Italia vann verdscupen, etter ein jamn strid mellom franske Lou Jeanmonnot på andreplass, norske [[Ingrid Tandrevold] på tredjeplass og nummer fire, franske Justine Braisaz-Bouchet som med sine 5-fem enkeltsigrar vann flest renn av alle kvinnene.

Menn[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Johannes Thingnes Bø  Noreg 1262 8
2 Tarjei Bø  Noreg 1080 1
3 Johannes Dale  Noreg 949 1
4 Sturla Lægreid  Noreg 862 2
5 Vetle Sjåstad Christiansen  Noreg 817 2
6 Émilien Jacquelin  Frankrike 712
7 Erlend Strømsheim  Noreg 700 1
8 Tommaso Giacomel  Italia 688
9 Sebastian Samuelsson  Sverige 671 1
10 Martin Ponsiluoma  Sverige 638
11 Éric Perrot  Frankrike 622 1
12 Johannes Kühn  Tyskland 617
13 Benedikt Doll  Tyskland 611 2
14 Justus Strelow  Tyskland 610
15 Philipp Nawrath  Tyskland 589 1
16 Quentin Fillon Maillet  Frankrike 506
17 Andrejs Rastorgujevs  Latvia 433
18 Fabien Claude  Frankrike 423
19 Sebastian Stalder  Sveits 417
20 Philipp Horn  Tyskland 359
21 Didier Bionaz  Italia 348
22 Florent Claude  Belgia 341
23 Jesper Nelin  Sverige 336
24 Jakov Fak  Slovenia 313
25 Lukas Hofer  Italia 309
26 Vebjørn Sørum  Noreg 295

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Lisa Vittozzi  Italia 1091 4
2 Lou Jeanmonnot  Frankrike 1068 4
3 Ingrid Tandrevold  Noreg 1044 3
4 Justine Braisaz-Bouchet  Frankrike 1025 5
5 Julia Simon  Frankrike 994 2
6 Lena Häcki  Sveits 853 2
7 Elvira Öberg  Sverige 829 1
8 Vanessa Voigt  Tyskland 631
9 Karoline Knotten  Noreg 629
10 Janina Hettich-Walz  Tyskland 543
11 Franziska Preuß  Tyskland 539
12 Hanna Öberg  Sverige 528
13 Juni Arnekleiv  Noreg 492
14 Mona Brorsson  Sverige 465
15 Anna Magnusson  Sverige 426
16 Tereza Voborníková  Tsjekkia 409
17 Anamarija Lampič  Slovenia 378
18 Markéta Davidová  Tsjekkia 361
19 Anna Gandler  Austerrike 351
20 Sophie Chauveau  Frankrike 347
21 Linn Persson  Sverige 325
22 Guigonne Guigonnat  Frankrike 315
23 Tuuli Tomingas  Estland 303
24 Julija Dzjyma  Ukraina 283
25 Amy Baserga  Sveits 264

Kjelder[endre | endre wikiteksten]