Treviso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treviso
Plassering
Treviso is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Treviso
Borgarmeister Gian Paolo Gobbo
Geografi
Flatevidd
 - By

55 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

82 112
  1452/km²
Koordinatar 45°40′″N 12°15′″EKoordinatar: 45°40′″N 12°15′″E
Høgd over havet 15 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 31100
Telefon-retningsnummer 0422
Nettstad: www.comune.treviso.it

Treviso (fransk Trévise, latin Tarvisium, venetiansk Trèviso) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Treviso i regionen Veneto og har om lag 80 000 innbyggjarar.

Byen er hovudkvarter for klesmerket Benetton og hushaldingsapparatprodusenten DeLonghi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Treviso ligg der elvane Botteniga og Sile renn saman, 30 km nord for Venezia og 50 km aust for Vicenza, 40 km nordaust for Padova, 120 km sør for Cortina d'Ampezzo. Byen ligg òg 15 km sørvest for elva Piave på sletta mellom Veneziabukta og Alpane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Enkelte forskarar meiner at den gamle byen Tarvisium har fått namnet sitt som ein busetnad for dei keltiske tauruskarane. Andre meiner at namnet kjem frå den indoeuropeiske rota tarvos, som tyder «okse».

Tarvisium, som først høyrte til venetarane, vart ein romersk municipium i 89 fvt. etter at dei la Gallia Cisalpina under seg. Borgarane vart ein del av den romerske stamma Claudia. Byen låg i nærleiken av Via Postumia som gjekk mellom Opitergium og Aquileia, to store byar på denne tida.

Ei bru over Sile-kanalen i Treviso

I romartida spreidde kristendomen seg til Treviso og i følgje segna var St. Prosdocimus, ein grekar som vart ordinert til biskop av St. Peter, førte den katolske trua til Treviso og dei omliggande områda. På 300-talet var den kristne busetnaden stor nok til at byen fekk ein biskop. Den første dokumenterte biskopen var Johan den fromme som vart biskop i 396.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Treviso låg i området som vart invadert av barbarar. Han vart derimot spart av hunarane under Attila og vart derfor eit viktig senter på 500-talet. I følgje segna var Trevis fødestaden til Totila, leiaren til austgotarane under gotarkrigen. Like etter gotarkrigen kom Treviso under det austromerske Eksarkatet Ravenna fram til 568 då han vart erobra av langobardar, som gjorde han til sete i eit av 36 hertugdøme. Byen fekk raskt løyve til å prege myntar. Den siste lombardiske kongen, Desiderius, haldt fram med å spy ut myntar då Nord-Italia var annektert til Frankarriket. Folk frå byen spelte òg ei rolle i grunnlegginga av Venezia.

Karl den store gjorde byen til hovudstad i eit grenseland, Marca Trevigiana, som varte i fleire hundreår.

Trevis vart medlem av Det lombardiske forbundet og fekk sjølvstende etter freden i Konstanz (1183). Etter kvart tok dei mektige familiane i Nord-Italia over. Da Romano styrte frå 1237 til 1260. Så oppstod kampane mellom ghibellinarar og guelfarar og guelfarane sigra i 1283. Marca kom under Da Camino-familien og var åstad for fleire kampar og herjingar i perioden 1329-1388 mellom dei forskjellige familiane som ønskte makta i byen.

Piazza dei Signori e Palazzo dei Trecento

Den venetianske perioden[endre | endre wikiteksten]

Etter at Scalige styrde byen i 13291339 gav byen seg sjølv til Republikken Venezia og vart den første landområdet deira på fastlandet. Frå 1318 hadde han òg ein kort periode eit universitet. Det venetianske styret førte til mange store fordelar, men Treviso vart samstundes involvert i krigane til Venezia. Frå 1381–1384 vart byen erobra og styrt av hertugen av Austerrike og så av Carraresi-familien fram til 1388. Etter å ha kome tilbake til Venezia vart det bygd festningsverk og massive murar og vollar. Desse vart vidare utbygd hundreåret etter av Fra Giocondo. Dei mange vassvegane rundt og i byen vart utnytta med fleire vasshjul, som gav kraft til dei mange møllene. Vassvegane farbare og «barconiar» kom frå Venezia til hamna i Treviso (Porto de Fiera) med varer og passasjerar langs Riviera Santa Margherita. Fiskarar kom med fersk fisk til marknaden i Treviso kvar dag, som framleis eksisterer i dag.

Bymurar i Treviso

Dei franske og austerrikske periodane[endre | endre wikiteksten]

Treviso vart erobra i 1797 av franskmennene under Mortier (hertug av Treviso). Den franske perioden varte til Napoleon sitt fall og byen gjekk så til Austerrike-Ungarn. Innbyggjarane som framleis var lojale til Republikken Venezia, som ikkje eksisterte lenger, var misnøgd med styret og i mars 1848 dreiv dei ut ein austerriksk garnison. Byen vart så bombardert og folket vart tvungen til å overgje seg i juni same år. Det austerrikske styret haldt fram til Treviso vart annektert med resten av Veneto til Kongedømet Italia i 1866.

Verdskrigane[endre | endre wikiteksten]

Under den første verdskrigen hadde Treviso ein strategisk posisjon nær den austerrikske fronten. Like nord for byen var slaget ved Vittorio Veneto med på å snu krigen i italienarane sin favør.

Under den andre verdskrigen låg det ein italiensk konsentrasjonsleir der som hovudsakleg vart nytta for medlemmer av den jugoslaviske motstandsrørsla og jugoslaviske sivile. Leiren vart forlatt då Italia kapitulerte i 1943. Mot slutten av verdskrigen vart han bombardert av dei alliere den 7. april 1944. Store delar av gamlebyen frå mellomalderen, inkludert delar av Palazzo dei Trecento (som vart gjenoppbygd) vart øydelagd og sju tusen menneske mista livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Treviso

Kjelder[endre | endre wikiteksten]