Lipari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lipari
Castello i Lipari by
Castello i Lipari by
Geografi
Lipari is located in Italia
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°28′47″N 14°57′18″EKoordinatar: 38°28′47″N 14°57′18″E
Øygruppe Dei eoliske øyane
Areal 37,6 km²
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina
Største busetnad Lipari by
Demografi
Folketal 10 809 (2005)
Folketettleik 287 /km²

Lipari (latin Lipara; gresk Meligunis) er den største av Dei eoliske øyane i Tyrrenhavet utanfor nordkysten av Sicilia i Italia. Den største byen på øya har same namn. Ho har om lag 11 000 innbyggjarar, men i opp mot 200 000 turistar vitjar øya frå mai til september.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lipari er den største av ei rekkje på sju øyar i ei vulkansk øygruppe mellom Vesuv og Etna. Øya har eit areal på 37,6 km² og ligg 44 km nord for Sicilia. Bortsett frå hovudbyen bur dei fleste av innbyggjarane i ein av dei fire landsbyane Pianoconte i vest, Quattropani i nordvest, Acquacalda i nord og Canneto i aust.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Eit pimpstein dagbrot like vest for Acquacalda.

Det er generelt godtatt at øya vart danna av fire vulkanutbrot. Det viktigaste av desse var det tredje, som truleg varte frå om lag år 20 000 f.Kr. til 13 000 f.Kr. Det siste utbrotet ein veit om skjedde på 400-talet då pimpstein som vart kasta ut fall ned på romerske landsbyar på øya. Vulkanane er i dag rekna som inaktive, men ein kan framleis sjå dampande fumaroler. På grunn av det vulkanske opphavet er øya dekt av pimpstein og obsidian. Utgraving av pimpstein har vorte ein stor industri på Lipari og matt pimpstein frå Lipari vert eksportert til utlandet. Pimpsteinen på Lipari, kalla rhyolitt, finn ein berre ein annan stad i verda, Niijima i Japan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til øya har gjort hamna på Lipari strategisk. I yngre steinalder var Lipari i lag med Sardinia ein av få senter for handel med obsidian, eit hardt, svart vulkansk glas, som steinalderfolka nytta til skjerereiskapar. Det ser ut til at det var folk på øya rundt år 5 000 f.Kr., men ei lokal segn fortel at øya fekk namnet sitt etter Liparus, leiaren av eit folk som kom til øya frå Campania.

Kolonistar frå Knidia under Pentathlos kom til Lipara i 580 f.Kr. og slo seg ned ved landsbyen som i dag vert kalla Castello eller la Cittade. Koloniane vann kampen mot etruskarane om kontroll over Tyrrenhavet. Lipara var alliert med Siracusa då dei klarte å stå imot eit åtak frå atenarane i lag med sine allierte i 427 f.Kr. Styrkar frå Kartago klarte å halde staden ei kort stund under kampane sine med Dionysios I, tyrann av Siracusa, i 394 f.Kr., men då dei forsvann gjekk Lipari inn i ein trevegs allianse, som inkluderte den nye kolonien til Dionysios ved Tyndaris. Lipara blømde, men i 304 f.Kr. tok Agathokles byen ved svik og skal ha mista mange av skattane han tok under ein storm på sjøen. Mange lekamar som er funne frå vrak frå antikken er no til utstilling i Det eoliske museet i Lipari. Lipari vart ein marinebase for Kartago under den første av punarkrigane, men fall til romerske styrkar i 252-251 f.Kr. og igjen til Agrippa i Augustus sitt felttog mot Pompeius. Under Romarriket var øya ein rekreasjonsstad med bad (det hydrotermiske vatnet vert framleis nytta som kurbad) og eksil.

Mellomalderen til i dag[endre | endre wikiteksten]

Festningsverk frå 1556, bygd opp antikke greske murar.

Lipari var truleg eit bispesete frå 200-talet, den første biskopen var St. Agatone, og frå minst 500-talet kunne leivningane etter St. Bartolomeus vitjast i domkyrkja.

800-talet vart Sicilia erobra av arabarane og like etter byrja sarasenske sjørøvarar å gjere i Tyrrenhavet med dramatiske konsekvensar for Lipari. I 839 slakta sarasenarane ned store delar av folkesetnaden og leivningane av Bartolomeus vart flytta til Benevento, og Lipari vart nesten heilt forlate. Då normannarane sigra over arabarane på Sicilia mellom 1060 og 1090 folkesette dei øya på nytt. Bispesetet i Liari vart sett inn att i 1131.

Sjølv om øya stadig var plaga av sjørøvarar var øya kontinuerleg folkesett frå denne tida. Styret på øya gjekk over frå normannarane til Hohenstaufenkongane, etter følgd av angevinarane og så aragonesarane fram til Carlos I, den aragonesiske kongen vart konge over Spania, og så raskt krona som keisar av Det tysk-romerske riket som Karl V. I 1544 plyndra Ariadeno Barbarossa Lipari og deporterte heile folkesetnaden. Karl V og fekk så spanske borgarar til å folkesette øya og byggje massive murar over murane til den gamle greske akropolisen i 1556.

Murane danna ei mektig festning som framleis står i dag. Akropolisen, høgt over sentrum av byen, var ein trygg stad for innbyggjarane under eit eventuelt åtak. Sjølv om murane verna hovudbyen var det ikkje trygt å bu på resten av øya fram til sjørøvariet i Middelhavet stort sett var utrydda, noko som eigentleg ikkje skjedde før på 1800-talet.

Under fascismen vart fleire politiske motstandarar innesperra på Lipari, mellom anna Emilio Lussu, Carlo Rosselli og Giuseppe Ghetti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lipari frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Ezio Giunta, dir. (2005) «Lipari» – Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook).