Dei eoliske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei eoliske øyane
Lokalt namn: Isole Eolie
Utsyn frå Vulcano: Lipari i midten, Salina til venstre og Panarea til høgre.
Utsyn frå Vulcano: Lipari i midten, Salina til venstre og Panarea til høgre.
Geografi
Aeolian Islands map.png
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°32′N 14°54′EKoordinatar: 38°32′N 14°54′E
Store øyar Lipari
Administrasjon
Land Italia
Største busetnad Lipari (11 000 innb.)

Dei eoliske øyane (italiensk Isole Eolie) er ei vulkansk øygruppe i Tyrrenhavet, nord for Sicilia i Italia. Dei er ein populær turistdestinasjon om sommaren og trekkjer til seg opp mot 200 000 turistar årleg.

Den største øya er Lipari og turistindustrien kallar ofte heile øygruppa for Lipariøyane fordi det verkelege namnet er vanskeleg å uttale på enkelte språk. Andre øyar er Vulcano, Salina, Stromboli, Filicudi, Alicudi, Panarea og Basiluzzo. Byen Lipari har om lag 11 000 innbyggjarar. Vulcano er kjend for sine fangobad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetjarar frå Knidos under Pentathlos kom til Lipara i 580 f.Kr. og slo seg ned der den landsbyen Castello eller la Cittade ligg i dag. Dei kalla opp øyane etter den greske vindvaktaren Aeolos, som dei trong velviljen til. Utanfor Lipara, på vegen til kyrkjegarden, har det vorte oppdaga ein heilagdom til Demeter og Persephone. I 394 f.Kr. tok den romerske ambassaden, som bestod av Lucius Valerius, Lucius Sergius og Aulus Manlius ein bolle av gull med seg til Delfi som ei offergåve til Apollon. Diplomatane vart fanga av lipariske sjørøvarar, men i staden for å verte skada vart dei trygt ført til Delfi og offergåva deira vart verna av Timasitheus. Dette førte til fredlege forhold mellom dei to statane. [1]. Øyane var åstad for slaget ved Lipari i 260 f.Kr. mellom Roma og Kartago. Den bibelske historikaren Josefus nemnde ei gruppe som truleg er forbunde til Dei eoliske øyane: «Elisa gav namn til elisearane, som var emnene hans. Dei er i dag eoliarar.» Elisa refererer til den bibelske figuren Elishah, barnebarnet til Jafet, son av Javan.

I 1544, då Spania erklærte krig mot Frankrike bad den franske kongen Frans I den omanske sultanen Suleiman om hjelp. Sistnemnde sende ein flåte leia av Khair ad Din (òg kjend som Barbarossa) som slo spanjolane og klarte å ta tilbake Napoli frå dei. I løpet av slaget vart Dei eoliske øyane avfolka. Seinare kom emigrantar frå det italienske fastlandet, Sicilia og Spania og gjenoppretta samfunna på øygruppa.

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

Dei eoliske øyane står på UNESCO si verdsarvliste, men sidan eit steinbrot ikkje er vorte stengd og fleire hamnebygg er bygd ved den einaste hamna på Lipari kan dei mista plassen sin på lista.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei eoliske øyane

Kjelde[endre | endre wikiteksten]