Woody Guthrie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Woody Guthrie

Woody Guthrie med gitaren
«This Machine Kills Fascists»
Fødd14. juli 1912
FødestadOkemah i Oklahoma, USA
Død3. oktober 1967 (55 år)
DødsstadNew York City i New York
FødenamnWoodrow Wilson Guthrie
OpphavUSA
Aktiv1930–1956
SjangerFolkemusikk, protestsongar
InstrumentGitar, song, munnspel, mandolin, fele
Kjende instrumentMartin 000-18, Gibson Southern Jumbo, Gibson J-45
PlateselskapFolkways Records, Cub Records
Verka somMusikar
Gift medMarjorie Guthrie
BornArlo Guthrie, Nora Guthrie
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Americana Music Association President's Award, Oklahoma Music Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Woodrow Wilson «Woody» Guthrie (14. juli 19123. oktober 1967) var ein amerikansk visesongar med eit sterkt solidarisk og politisk tilsnitt til venstre. Amerikansk populærmusikk vart gjenreist og etablert av Woody Guthrie med spesielt den mest kjende songen hans som «This Land is Your Land». «Denne maskina drep fascistar», hadde han skrive på gitaren sin som eit motto for songane sine; «folket sine eigne songar», som han kalla dei.

Seinare artistar som Bob Dylan og Bruce Springsteen har vidareført arva Guthrie etterlét seg, men òg andre artistar som Phil Ochs, Pete Seeger og hans eigen son Arlo Guthrie er ein del av den arva. Guthrie sjølv bygde på den rike amerikanske folkemusikken og fagforeiningane sine songtradisjon der Joe Hill står sentralt. Guthrie-familien har òg late Billy Bragg føre arva vidare med å spele inn nye songar av Guthrie. Tydinga hans for den populære, men òg samfunnsmedvitne songtradisjonen i USA kan ikkje overvurderast.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Woody Guthrie i 1943

Guthrie var fødd i Okemah i Oklahoma, ein liten utkantby i Okfuskee County, i 1912, som det andre barnet til Charles og Nora Guthrie. Faren hans var gardsarbeidar og ein lokal politikar som òg freista å spekulere i landeigedomar. Mora hans var fødd i Kansas og influerte tungt på den unge guten. Han var lett bygd med eit tett, krølla hår. Han var både ein tidleg moden og samstundes ein ukonvensjonell gut, og svært merksam på verda omkring seg i dei første åra i Oklahoma der han opplevde ei rekkje personlege tap som skulle heimsøkja han resten av livet: den eldre systera hans Clara døydde, far hans fekk både økonomisk og fysisk ruin, og mora vart plassert på institusjon, som samanlagt la familien hans øyde, og gav han eit skjevt og skjørt blikk på verda.

I 1931, under den store depresjonen som òg nådde Okemah, drog Guthrie i ein alder av 19 år til Pampa i Texas der han i 1933 vart forelska og gifta seg med Mary Jennings, den yngre systera av ein ven og musikar ved namn Matt Jennings. Saman fekk Woody og Mary tre born; Gwen, Sue og Bill. Det var saman med Matt Jennings og Cluster Bakar at Guthrie gjorde det første forsøket sitt på ei musikalsk ‘karriere’ ved å danne musikkgruppa «The Corn Cob Trio».

Sjølv om depresjon gjorde det vanskeleg å forsørge familien gjorde den store sandstormen som øydela midtvesten av USA i 1935 det heilt umogleg. På grunn av mangel på arbeid drog han vestover som ein del av masse-emigrasjonen av offer frå sandstormen som hadde øydelagt så mange gardar, kjent som «Okies». Desse gardsarbeidarane og arbeidsledige kom frå Oklahoma, Kansas, Tennessee og Georgia, og som John Steinbeck skriv om i Vredens druer. Utan pengar og utan mat haika Woody Guthrie, hoppa på godstog, og gjekk til fots til California. Om ikkje anna gav det han ein kjærleik for landevegen, the open road, noko han ville gjenta mange gonger seinare under mindre dramatiske årsaker.

Folkemusikaren[endre | endre wikiteksten]

I løpet av den tida etter at han kom til California i 1937 opplevde Guthrie den intense forakta og til og med hat som fastbuande i California hadde for nykomarane og for «dei på utsida». Han identifiserte seg med dei som fall utanfor og det vart sidan hans politiske og sosiale posisjon, og som gradvis vart ein del av songane hans, slik som hans Dust Bowl Ballads: «I Ain't Got No Home», «Goin' Down the Road», «Feelin' Bad», «Talking Dust Bowl Blues», «Tom Joad» og «Hard Travelin'».

Radikalisering[endre | endre wikiteksten]

Radioprogramma hans i 1937 på KFVD i Los Angeles og XELO på andre sida av den meksikanske grensa gav Guthrie og den syngande partnaren hans Maxine Lefty-Lou Crissman, merksemda til eit stort publikum, medan det gav han sjølv eit forum der han kunne utvikle talentet sitt for sosiale kommentarar og kritisere dagsaktuelle tema frå korrupte politikarar, advokatar, forretningsfolk til å lovprise dei humanistiske prinsippa til Jesus, Pretty Boy Floyd og fagforeiningsleiarane.

I 1939 eller 1940 flytta han til New York på motsett side av USA og vart omfamna av radikale på venstresida og miljøa for folkemusikk. Han gjorde truleg den første verkelege musikkinnspelinga si: fleire timar med samtalar og songar, innspelt av folklorist Alan Lomax for Biblioteka til kongressen, men òg for eit album, Dust Bowl Ballads, for Victor Records i Camden i New Jersey. Han byrja òg å skrive sjølvbiografien sin, Bound for Glory, som vart ferdig og utgjeve i 1943, midt under den andre verdskrigen.

Dette landet er også ditt[endre | endre wikiteksten]

I 1940 skreiv Guthrie den mest kjende songen sin «This Land is Your Land», som seinare har vorte spelt inn av mange andre musikarar, særskild Bruce Springsteen. I tillegg er han omsett til mange andre språk, mellom anna har Mikael Wiehe laga ei omsetjing med «Det här är ditt land». Bodskapen er at nasjonen er ikkje berre for dei rike og vellykka, men for alle; dei fattige, dei arbeidsledige, emigrantane og kanskje spesielt dei svakaste i samfunnet som ikkje har mykje, men iallfall det vakre og det stolte i sitt eige land.

Songen var inspirert av det han opplevde under fotturane sine gjennom bygdene i USA, men òg for avsmaken hans for Irving Berlin sin nasjonalistiske hyllestsong «God Bless America» som han rekna som urealistisk og sjølvtilfreds. Han var lei av å høyre Kate Smith synge han i radioen. I den første versjonen av «This Land is Your Land» protesterte han mot dei store skilnadene mellom dei ulike samfunnsklassene i følgjande vers:

In the squares of the city, In the shadow of a steeple;
By the relief office, I'd seen my people.
As they stood there hungry, I stood there asking,
Is this land made for you and me.

Han protesterte mot privat eigarskap av opphavlege frie landområde, ein konflikt som enno pågår, òg i dagens Noreg, med følgjande vers:

As I went walking, I saw a sign there;
And on the sign there, It said, ‘NO TRESPASSING’.
But on the other side, It didn't say nothing.
That side was made for you and me.

I ein annan versjon blir skilta frå å vere «Gjennomgang forbode» til «Privat eigedom», men desse versa vart teke bort ved at dei var altfor radikale og kontroversielle i seinare versjonar, til o gmed av Guthrie sjølv, og det omgjorde songen frå å vere ein protestsang til ein meir tradisjonell, patriotisk song som alle kunne like, både på venstre- og høgresida, og ikkje minst den store gruppa i sentrum.

Songar utan opphavsrettvern[endre | endre wikiteksten]

Melodien som Guthrie nytta, sjølv om han oftast er kreditert til seg sjølv, kjem opphavleg frå ein gammal gospelsang, «When The World's On Fire», som er mest kjent frå innspelingar gjort av The Carter Family, amerikanske country- og bluegrass-musikarar på 1930-talet. Det å ta kjende og kjære melodiar og leggje til ein annan og meir radikal tekst var ein vanleg og medviten strategi som går tilbake til Joe Hill og enno lengre. I dagens opphavsrettskrig andsynes opphavsrettar er det mindre openheit for kunstnarisk lån.

Guthrie var sjølv medviten denne problemstillinga. Eit kjent sitat frå han er følgjande:

Denne songen er opphavsverna i USA under loven av opphavsvern, paragraf 154085, for ein periode på 28 år, og alle som blir teke i å synge han utan løyvet vårt, dei vil bli gode vener av oss fordi vi bryr oss ikkje i det heile. Utgje han! Skriv han! Syng han! Dans til han! Jodl han! Vi berre skreiv han, og det er det einaste vi ynskte å gjere.

Denne maskina drep fascistar[endre | endre wikiteksten]

I mai 1941 fekk han på oppdrag av innanriksdepartement og administrasjonen for kraftlaget i byen Bonneville å skrive songar om elva Columbia River og utbygginga av dammen for den framtidige kraftstasjonen. Dei mest kjende av desse songane er «Roll On, Columbia» og «Grand Coulee Dam». Omtrent på same tid møtte han den seinare så kjende folkemusikaren Pete Seeger og opptredde saman med dei legendariske Almanac Singers, som han ville turnere saman med over landet. Han flytta òg inn saman med desse i Alamanac House-kollektivet i Greenwich Village.

Opphavleg skreiv og song Guthrie sine antikrigssongar med Alamanac Singers, men etter kvart rørde både han og gruppa seg, saman med det sosialist- eller kommunist-miljøet som dei vart assosiert med, inn i kampen mot fascismen. Guthrie skreiv slagordet Denne maskina drep fascistar på gitaren sin. Han deltok i handelsflåten (Merchant Marine) der han tenestegjorde saman med andre folkesongarar som Cisco Houston, og deretter i hæren.

I 1944 møtte han Moses «Moe» Asch frå Folkways Records, der han for første gongen spelte inn den kjende songen «This land Is Your Land», saman med ei rekkje andre songar i løpet av dei neste åra.

Songar for mor og born[endre | endre wikiteksten]

Guthrie byrja å gå ut med Marjorie Mazia i 1942 og gifta seg endeleg med henne i 1945 då han hadde permisjon frå hæren. Dei flytta inn i eit hus på Mermaid Avenue på Coney Island, og saman fekk dei fire born, inkludert Cathy, som døydde i ein alder av fire år i ein husbrann, og sende Guthrie inn i ein djup depresjon, og Arlo Guthrie, som sjølv vart ein kjend songar og låtskrivar. Det var i løpet av denne perioden han skreiv og spelte inn Songs to Grow on for Mother and Child, ei samling av musikk for born, inkludert songen «Goodnight Little Arlo (Goodnight Little Darlin')», skriven då Arlo var omtrent ni år gammal. Songen var kanskje òg inspirasjonen til at John Lennon gjorde ein tilsvarande song for sonen sin Sean; «Beautiful Boy (Darling Boy)».

Kampsongar[endre | endre wikiteksten]

Medan han enno skreiv songar med tema og tendens, vart han oppskaka av eit flykrasj i 1948 der 28 meksikanske landarbeidarar mista livet. Dei kom frå Oakland i California og skulle deporterast tilbake til Mexico, og han skreiv det bitre og enno aktuelle dikta «Deportee (Plane Wreck At Los Gatos)». Mange år seinare vart det skrive musikk til diktet av Martin Hoffman, og det har vorte spelt inn av artistar som Pete Seeger, Dolly Parton og ikkje minst Arlo Guthrie.

«Pastures of Plenty», skriven omtrent på same tid, sympatiserer med kampen som immigrantarbeidarane måtte drive: låge lønningar, dårleg bu- og helseforhold og utan nokre sosiale rettar.

Sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1940-talet vart helsa til Woody Guthrie dårlegare og oppførselen hans vart ofte sterkt urekneleg. Han forlét familien, reiste rundt saman med Ramblin' Jack Elliott til California der han gifta seg for tredje gongen og vart far til atter eit barn, før han igjen kom tilbake til New York. Han vart diagnostisert med fleire sjukdomar, blant anna alkoholisme og schizofreni, før det endeleg vart oppdaga at han leid av utarta nervøs forstyrring som blir kalla Huntingtons sjukdom (Huntington's chorea (HD)), på norsk også kalla setesdalsrykkja eller arveleg sanktveitsdans, ein nedarva sjukdom som òg hadde øydelagt og til slutt gjort ende på livet til mora hans.

Inspirator[endre | endre wikiteksten]

Guthrie vart innlagt på Creedmore Mental Institution i Queens i New York der han vart inntil han døydde han 3. oktober 1967. Seinare vart songane hans gjenoppdaga av ein ny generasjon og eit nytt publikum, særleg på grunn av Robert Zimmerman, som kalla seg for Bob Dylan, og som vitja Woddy Guthrie i løpet av dei siste åra hans. Dylan har skildra folkesongaren som «min siste helt». I 1963 skreiv Dylan eit lengre dikt han kalla «Last Thoughts About Woody Guthrie»

I 1964 inkluderte det første albumet til Phil Ochs songen «Bound for Glory», ein song som hylla Woody Guthrie og kritiserte revisjonismen og ignoranten hos det moderne publikummet som ynskte å gløyme og oversjå dei samfunnskritiske og sosialistiske songtekstane til Guthrie.

I 1995 kontakta dottera til Guthrie, Nora Guthrie, den radikale engelske songaren Billy Bragg for å spele inn teksten og musikken som faren hadde skrive dei siste åra av livet sitt. Etter å ha prøvd på songtekstane i Woody Guthrie Arkivet i New York, samarbeidde Bragg med gruppa Wilco med å spele inn 40 songar og fleire av desse vart utgjeve på albumet Mermaid Avenue i 1998, og seinare Mermaid Avenue Vol II i 2000. Titlane til albuma kjem frå ein mindre kjend song «Mermaid’s Avenue», forutan å vere den gata som Guthrie budde i med familien.

Nora Guthrie tok òg kontakt med Janis Ian for å skrive ein song basert på teksten til ein av faren sine uferdige songar «I Hear You Sing Again». Ian skreiv musikken i songtradisjonen til Guthrie, endra noko av teksten og tilpassa noko ho la til sjølv og han vart utgjeve på albuma hennar Billie’s Bones i 2004.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

«This song is Copyrighted in U.S., under Seal of Copyright # 154085, for a period of 28 years, and anybody caught singin it without our permission, will be mighty good friends of ourn, cause we don't give a dern. Publish it. Write it. Sing it. Swing to it. Yodel it. We wrote it, that's all we wanted to do.» (Dette sitatet er omsett i teksten over)
«Life has got a habit of not standing hitched. You got to ride it like you find it. You got to change with it. If a day goes by that don't change some of your old notions for new ones, that is just about like trying to milk a dead cow.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Woody Guthrie