Xuchang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Xuchang-prefekturet i Henan

Xuchang (kinesisk: 许昌; pinyin: Xǔchāng) er eit byprefektur midt i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 4 997 km² og hadde vel 4,3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Xuchang omfattar eitt bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Xuchang er eit senter for tobakksindustrien i Kina. Området er elles kjent for sin eksport av hår.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbana, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou. Også Kinas riksveg 311 går gjennom Xuchang. Han tek til i Xuzhou og går gjennom provinsen Anhui og vidare inn i Henan, der han endar opp i fylket Xixia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]