Yleisradio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yle (Yleisradio) eller Rundradion (svensk) er Finland sitt statlege selskap for radio og fjernsyn. Yle vart stifta i 1926. Selskapet kringkastar fem nasjonale fjernsynskanalar og tretten radiokanalar. Det finske statskringkastingsprinsippet er på mange måtar det same som NRK sitt.

Selskapet Yleisradio er eigd av ei stifting og finansiert gjennom fjernsynslisens. Éi av dei best kjende internasjonale tenestene til Yle er Nuntii Latini, nyhende på Latin, som vert kringasta til heile jorda via radio og Internett.

Finland er eit land med to språk. Svensk er morsmålet til rundt 6 % av befolkninga. Yle tilbyr radio- og fjernsynsprogram på svensk via Finlands Svenska Television og Finlands Svenska Radio.

Kanalane[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale kanalar

Anna

Radio[endre | endre wikiteksten]

  • Yle Radio 1 sender kultur, spesielle hendingar, snakkeprogram, klassisk musikk (konsertar med Det finske radiosymfoniorkesteret), jazz, folkemusikk, verdsmusikk og religiøs musikk.
  • YleX er ein radiokanal med raskt tempo og ny musikk og populærkultur, sikta til 17–27-åringar. Kanalen sender rundt 70 prosent musikk, ny og utanlandsk pop og rock, og fleire spesielle musikkprogram.
  • Yle Radio Suomi er den nasjonale og regionale nyhendekanalen, som òg sender sport og underhaldning. Av musikk speler han innanlandske og utanlandske slagerar, voksenpop og nostalgisk pop.
  • Yle XM3 Ein svenskspråkleg kanal for aktuelle hendingar, debatt og populærkultur. Sender òg nyhende, barneprogram, sport og musikkprogram om ny pop og rock.
  • Yle Radio Vega News Aktuelle hendingar, på svensk for alle lyttargrupper. Tilbyr òg kultur og regionale program. Voksenpop, jazz og klassisk musikk.
  • Yle Sámi Radio Ein samiskspråkleg radiokanal som dekkar nordre Sameland. Han samsender med Noreg og Sverige.

Digitale tenester

  • Yle Puhe Digitale nyhende og aktuelle hendingar, snakkeprogram frå Yle sine andre radio- og fjernsynskanalar. Klassisk jazz.
  • Yle Klassinen 24 timar i døgnet med klassisk musikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]