Zjytomyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°15′0″N 28°40′0″E
Zjytomyr
Житомир
by
none  Kievgata mot vest mot St. Mikaelskyrkja. Bilete frå tidleg på 1900-talet
Kievgata mot vest mot St. Mikaelskyrkja. Bilete frå tidleg på 1900-talet
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Zjytomyr oblast
høgd 221 moh
koordinatar 50°15′0″N 28°40′0″E
Areal 65 km²
Folketal 277 900 (2005)
Tettleik 4 275 / km²
Grunnlagd 800-talet
borgarmeister Volodymyr Deboj
Postnummer 10000 — 10036
Retningsnummer +380 412
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: Zjytomyr

Zjytomyr eller Sjitomir (ukrainsk og russisk Житомир, polsk Żytomierz, jiddisk זשיטאָמיר) er ein historisk by nord og vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Zjytomyr oblast (provins), samt det administrative senteret i det omliggande Zjytomyr rajon (distrikt). Merk at byen Zjytomyr ikkje er ein del av Zjytomyr rajon. Sjølve byen er ein eigen rajon i oblasten og i tillegg består Zjytomyr av to såkalla «rajonar i ein by», Bohunskij rajon og Koroljovskij rajon (kalla opp etter Sergej Koroljov). Zjytomyr har kring 280 000 innbyggjarar.

Zjytomyr er eit stort trafikknutepunkt. Byen ligg langs ei historisk rute mellom byen Kiev og Brest. I dag går vegane til Warszawa, Kiev, Minsk, Izmajil og fleire andre store byar i Ukraina gjennom byen. Zjytomyr var òg heimstad for Ozerne, eit viktig strategisk flybase under den kalde krigen 11 km søraust for byen.

Hovudnæringane i Zjytomyr er i dag treforedling, næringsmiddelindustri, granittutvinning, metallarbeid og produksjon av musikkinstrument.[1]

Zjytomyr oblast er eit av dei største sentra for den polske minoriteten i Ukraina og i byen ligg ein stor romersk-katolsk polsk gravplass, grunnlagd i 1800. Zjytomyr hadde før andre verdskrigen eit stort jødisk samfunn. Det jødiske samfunnet vart utrydda i Holocaust.

Dei første sikre kjeldene som nemner Zjytomyr er frå 1240, då Batu Khan øydela byen under mongolinvasjonen av Russland. Frå 1320 kom byen under Storhertugdømet Litauen, før han etter Lublinunionen i 1569 kom under den polske krona. I den andre delinga av Polen tilfall byen Russland. Frå 1920 vart byen liggande i Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zjytomyr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Zythomyr on Encyclopedia.com». http://www.encyclopedia.com/doc/1E1-Zhytomyr.html.