Tin Machine II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tin Machine II
Studioalbum av Tin Machine
Utgjeve 2. september 1991
Innspelt Sydney september–november 1989; april 1990; september–oktober 1990; Los Angeles, mars 1991
Studio
Sjanger Rock, hardrock, kunstrock[1]
Lengd 49:07
Selskap Victory Music/London
Produsent
Tin Machine-kronologi
Tin Machine
(1989)
Tin Machine II Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
(1992)
David Bowie-kronologi
Early On (1964–1966)
(1991)
Tin Machine II Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
(1992)
Singlar frå Tin Machine II
  1. «You Belong in Rock n' Roll»
    Utgjeve: August 1991
  2. «Baby Universal»
    Utgjeve: Oktober 1991
  3. «One Shot»
    Utgjeve: November 1991

Tin Machine II er det andre og siste studioalbumet til den engelsk-amerikanske rockegruppa Tin Machine, gjeve ut på Victory Music i 1991. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet og albumet nådde 23. plassen på albumlista i Storbritannia, men berre 126. plassen i USA.

Selskapet til bandet, Victory Music, gjekk konkurs etter albumet kom ut, som gjorde at det var utilgjengeleg for kjøp fram til 2020, då det vart gjeve ut på ny på både vinyl og CD.

Etter å ha marknadsført albumet med It's My Life-turneen (1991–92), vart Tin Machine oppløyst og frontmannen, songaren og låtskrivaren David Bowie gjenopptok solokarrieren sin i lag med gitaristen Reeves Gabrels, eit partnerskap som varte til slutten av tiåret.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bandet kom saman att etter turneen deira i 1989, og spelte inn det meste av albumet i Sydney.[2] Bandet spelte ein improvisert konsert på ein liten spelestad i Sydney den 4. november 1989, som førte til irettesetjing frå det lokale musikkforeininga[3] før bandet tok ein pause medan David Bowie gjennomførte Sound+Vision-turneen sin og filma The Linguini Incident.

Gitaristen Reeves Gabrels skildra albumet og sa «dette albumet er like aggressivt som det første, men songane er meir melodiske. Sist gong skreik me mot verda. Denne gongen trur eg alle på sett og vis er kjærleikssongar»,[4] og han spøkte med at den personlege spelestilen hans var noko venene hans kalla «modal kromatisme, som er «kva som helst tone du vil ha, så lenge du sluttar på den rette tonen.»[5]

Gabrels sa seinare at han på den tida var djupt inne i Nine Inch Nails-albumet Pretty Hate Machine og leitte etter ein industriell måte å spele på sin eigen gitar for albumet. Til slutt (etter spelt inn spor etter spor med gitarstøy), fann han eit «skår av gitarstøy» som han likte og brukte på albumet på sporet «Shopping for Girls,»[6] ein song om barneprostitusjon i Thailand.[5] Bowie sa: «Den songen kom faktisk frå ein undersøkande magasinartikkel som kona til Reeves skreiv om barneprostitusjon rundt om i verda. Og ein av stadane og ho reiste til var Thailand. Reeves hadde den heller ubehagelege jobben med å leige barna og få dei ut av bordellet til Sara, som så kunne intervjue dei. Me snakka om desse opplevingane ein kveld. Og eg har òg vore i Thailand og vore vitne til noko liknande. Sjølve tilnærminga til korleis ein skriv songen var ganske fæl. Fordi det var så legg å gli inn i sensasjonalisme. Eg prøvde alle slags måtar å nærme meg det på ... det moralske synspunktet ... og eg enda opp med å fortelje det rett fram. Det ser ut til at det vert sterkare slik enn på nokon annan måte.»[7]

«If There Is Something», ein song av Roxy Music, var den andre songen bandet spelte inn nokon gong, etter «Heaven's in Here.»[8] Bowie sa «me var så utslitne at me ikkje hadde meir krefter til å skrive enno ein song, så me brukte ein gammal song for å vise korleis bandet handterte andre sine songar.»[8] Men han vart sett til side etter innspelinga og lagt på hylla fram til dette albumet.[7] Bowie sa «me henta han fram for å sjå korleis han høyrtest ut. Me tente verkeleg på det.»[8]

Songen «Goodbye Mr. Ed» byrja som ein jam bandet brukte til å stemme til ein dag. Tony Hunt sa «Me kom alle attende frå lunch og David hadde skrive ein heil tekst for han, og så la han til vokal seinare i lag med melodien.» Bowie skildra meininga med songen og sa «han består av mange linjer sett side ved side, som eigentleg ikkje burde passe saman. Fri assosiasjon kring ideen om 'farvel til Amerika på 50-talet'. New York tilhøyrte ein gong Manahatto - ei stamme som pleidde å ha den delen av landet før det vart Manhattan. Det var det første verkelege, solide biletet eg hadde ... Eg tenkte: 'Det er kvar songen handlar om.'.»[5]

Gruppa fekk kontrakt med Victory Music[9] og spelte inn tre songar til i Los Angeles, og Hugh Padgham (produsent for Bowie-albumet Tonight frå 1984) hadde oversyn med innspelinga av songen «One Shot».[10] Gabrels sa seinare at bandet vart pressa av Victory Music-eigaren Phil Carson om å spele inn «One Shot» på ny med Padgham fordi «radio kom til å spele songen om dei såg namnet til Hugh», men i røynda var originalen og den utgjevne versjonen av songen «nesten identiske.» Gabrels sa «den einaste skilnaden er hi-hat-mønsteret. Og eg trur gitarsoloen er betre på Hugh-versjonen.»[11] Hunt Sales song solovokal på to spor: «Stateside» og «Sorry».[10]

Songen «Betty Wrong» vart nytta i filmen The Crossing i 1990.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av Edward Bell, som tidlegare hadde arbeidd med Bowie på omslaget til Scary Monsters (and Super Creeps). På liknande måte som popkunst består det av eit foto av Kroisos Kouros repetert fire gonger. Det originale konseptet hadde kvar av desse overlagt med rivne bitar av bilete av kvart medlem for å representere dei (utanom Gabrels sitt, som inneheldt eit utklipp av ein Steinberger-gitar).[12] Ei skisse av denne originalen og anna design som ikkje vart gjeve ut vart lagt ut på auksjon av Bell (i lag med andre saker frå Bowie og Tin Machine) i midten av 2021 med ein venta pris på meir enn 3 000 amerikanske dollar.[13] Biletet som ville ha representert Bowie vart brukt til å emballere CD-etiketten.

Sensur[endre | endre wikiteksten]

For den amerikanske utgjevinga av albumet vart plateomslaget luftbørsta for å fjerne kjønnsorgana på Kouroi-statuane.[7] «Til og med Canada har det originale omslaget,» sa Bowie, «Berre i Amerika ...»[14] Bowie lufta ideen om la amerikanske platekjøparar sende brev til plateselskapet for å få kjønnsorgana som vart fjerna frå versjonen deira. Han sa: «då kunne [fansen] lime dei på sjølv. Men selskapet frika ut av denne ideen. Å sende kjønnsorgan via post er eit alvorleg lovbrot.»[7]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[15]
Blender1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg
Entertainment WeeklyC[16]
MusicHound«woof!»[17]
The New York Timespositiv[18]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[19]
Select1/5[20]
Trouser Pressnegativ[21]

Tin Machine II vart ikkje den same suksessen som debutalbumet og nådde 23. plassen på den britiske albumlista og 126. plassen i USA. Det fekk generelt dårleg kritikk då det kom ut,[19] sjølv om det fekk noko suksess på Modern Rock-lista i USA, der «Baby Universal» nådde 21. plassen og «One Shot» nådde tredjeplassen. Magasinet Q refererte til meldinga på framsida av magasinet med overskrifta «Are Tin Machine Crap?», og meinte at albumet «ikkje heilt levde opp til deira fantastisk overskrivne, men diverre underkjøpte debut», men likte enkelte spor som «If There Was Something», «You Belong in Rock 'n' Roll» og «Shopping for Girls».[19] Det var òg nokre positive meldingar, og ein meldar skreiv at albumet «ein retur til rå form» og kalla det «den beste musikken Bowie har gjeve ut sidan Scary Monsters i 1980»,[10] medan andre meinte albumet var «godt tenkt og godt utført», og klaga berre over at kanskje det var kome ut før radiolyttarane var klare for å høyre det.[15] Ein annan kritikar roste gitararbeidet til Gabrels som «to delar Robert Fripp, ein del Eddie Van Halen og ein del ein ambulanse med klampen i bånn» i ei melding som òg roste albumet.[22] I 2010 og igjen i 2015 plasserte Uncut albumet på lista si over dei 50 beste tapte albuma, ei liste over album som ikkje lenger var tilgjengeleg for sal, og kalla det «ekstraordinært».[23][24]

Seint i 1990-åra meinte somme kritikarar at albumet hadde blitt «urettferdig» hardt vurdert då det kom ut.[25][26]

I 2020 annonserte Bowie-buet at albumet kom til å bli gjeve ut på ny for første gongen sidan 1991, på både vinyl og CD.[27] Albumet kom ut 17. juli, men like etter utgjevinga skreiv Gabrels og produsenten Tim Palmer at ingen av die visste noko som helst om nyutgjevinga.[28]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Bandet la ut på ein sju månader lang turné kalla «It's My Life-turneen» etter albumet kom ut, som starta seint i 1991 og inn i 1992. Songar frå dette og første Tin Machine-albumet kom ut på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Baby Universal» 3:18
2.«One Shot»Bowie, Gabrels, Hunt Sales, Tony Fox Sales5:11
3.«You Belong in Rock n' Roll» 4:07
4.«If There Is Something»Bryan Ferry4:45
5.«Amlapura» 3:46
6.«Betty Wrong» 3:48
7.«You Can't Talk»Bowie, Gabrels, H. Sales, T. Sales3:09
8.«Stateside»Bowie, H. Sales5:38
9.«Shopping for Girls» 3:44
10.«A Big Hurt»Bowie3:40
11.«Sorry»H. Sales3:29
12.«Goodbye Mr. Ed»Bowie, H. Sales, T. Sales3:24
13.«Hammerhead» (instrumental) (løynd spor)Bowie, H. Sales0:57

«Hammerhead» er eit klipp rå ein lengre vokalversjon som kom ut som B-side på somme utgåver av singlane «You Belong in Rock 'n' Roll» og «One Shot».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tin Machineplateprodusent, miksing

Andre medverkande
  • Tim Palmer – ekstra piano og perkusjon
  • Kevin Armstrong – rytmegitar på «If There Is Something», piano på «Shopping for Girls»
Produksjon
  • Tim Palmer – produsent, miksing
  • Hugh Padgham - produsent, lydteknikar og miksing på «One Shot»
  • Guy Gray, Simon Vinestock, Justin Shirley-Smith, Eric Schilling, Ruggie Simkins, Chuck Ferry - lydteknikar
  • Reiner Design Consultants, Inc. - design
  • Edward Bell - illustrasjon
  • Sally Hershberger - fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1991) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[29] 25
Nederlandske album (MegaCharts)[30] 33
Tyske album (Offizielle Top 100)[31] 56
Norske album (VG-lista)[32] 14
Svenske album (Sverigetopplistan)[33] 19
UK Albums (OCC)[34] 23
US Billboard 200[35] 126

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «David Bowie's genre-hopping career». 12. september 2021. Henta 112. september 2021. 
  2. Du Noyer, Paul (April 1990), «David Bowie (Interview)», Q, s. 60–70 
  3. Mann, Tom (12. september 2021). «David Bowie's Australia: Glass Spiders, Tin Machines, iconic videos and Molly Meldrum». Faster - Louder Junkee. Henta 3. mars 2016. 
  4. «Rock 'n Roll notes», Rolling Stone, 1991 
  5. 5,0 5,1 5,2 Resnicoff, Matt (September 1991), «Tin Machine's Progression of Perversions», Musician, no. 155, s. 46–52, 94–95 
  6. «Changes 2.1» av Joe Gore, Guitar Player, juni 1997 s. 45-58
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 di Perna, Alan (1991). «Ballad of the Tin Men». Creem 2 (1): 50–59. 
  8. 8,0 8,1 8,2 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  9. Varga, George (1–7. januar 1992). «David Bowie Music Interview». The Star Entertainment Weekly 2 (5) (Lynnwood, Washington). s. 2, 10. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Appleford, Steve (1991). «Tin Machine II Review». Creem 2 (1): 59. 
  11. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era — When He Got Weird Again». Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 24. august 2021. 
  12. «Artist writes book about his friendship with music icon David Bowie» (video). BBC.com. 19. juni 2017. Henta 112. september 2021. 
  13. «(Timed Auction - The David Bowie Collection of Artist Edward Bell, starts 16/07/2021 10:00, ending Sun, 1st Aug 2021 17:00)». June 2021. Henta 17. juni 2021. 
  14. MacDonald, Patrick (20. desember 1991). «Beaming Bowie excited about current direction of his life, music». The Seattle Times. 
  15. 15,0 15,1 Allender, Mark. «Tin Machine II - Tin Machine | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 112. september 2021. 
  16. «Tin Machine II Review», Entertainment Weekly, henta 112. september 2021 
  17. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, Michigan: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  18. Pareles, Jon (1. september 2013), «RECORDINGS VIEW; David Bowie Makes News With Noise», The New York Times, henta 112. september 2021 
  19. 19,0 19,1 19,2 Deevoy, Adrian (October 1991). «Tin Machine II Album Review». Q. s. 105. 
  20. Cavanagh, David (October 1991). «Tin Machine Tin Machine II». Select: 72. 
  21. Walker, John; Robbins, Ira; Neugebauer, Delvin. «David Bowie». TrouserPress.com. Henta 112. september 2021. 
  22. Pareles, John (1991). «Bowie's newest album rocks». The New York Times, Journal American. 
  23. «Uncut's 50 Greatest Lost Albums». NME. Henta 112. september 2021. 
  24. Uncut (17. april 2015). «Uncut's greatest lost albums». Uncut Magazine. Henta 112. september 2021. 
  25. Sprague, David (February 1997), «After a decade of missteps, David Bowie reinvents himself again ... and this time he's on target», Pulse!, no. 156, s. 34–37, 72–73 
  26. Pond, Steve (March 1997). «Beyond Bowie». Live. s. 38–41, 93. 
  27. «Tin Machine II due on MOV next month». 112. september 2021. Henta 112. september 2021. 
  28. «This news of a reissue of Tin Machine II comes as a complete surprise to me...». 112. september 2021. Henta 112. september 2021. 
  29. "Tin Machine - Tin Machine II" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  30. "Tin Machine – Tin Machine II". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  31. "Offiziellecharts.de – Tin Machine – Tin Machine II" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  32. "Tin Machine – Tin Machine II". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  33. "Tin Machine – Tin Machine II". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  34. «Official Charts: Tin Machine», Officialcharts.com, henta 23. mai 2013 
  35. «Billboard Artists: Tin Machine», Billboard.com, henta 24. mai 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]