Arthur Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arthur Brown
Arthur Brown live.jpg
Brown på scenen i august 2009
Fødd24. juni 1942 (78 år)
FødestadWhitby, North Riding of Yorkshire, England, UK
FødenamnArthur Wilton Brown
AliasThe God of Hellfire
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1965
Sjanger
InstrumentVokal
Tilknytte artistarKingdom Come, The Crazy World of Arthur Brown, Instant Flight, Hawkwind, The Alan Parsons Project
PlateselskapTrack/Polydor
Verka somMusikar

Arthur Wilton Brown (fødd 24. juni 1942)[1] er ein engelsk rockesongar og låtskrivar, mest kjend for dei ekstravagante framføringane sine og den stundom eksperimentelle musikken sungen med ei mektig operarøyst.

Brown har vore frontmann og songar i fleire grupper, mest kjend The Crazy World of Arthur Brown og Kingdom Come, etterfølgd av ein variert solokarriere, der han har vore knytt til Hawkwind, The Who og Klaus Schulze. Seint i 1960-åra var Crazy World of Arthur Brown så populære at dei delte scene med The Who, Jimi Hendrix, The Mothers of Invention, The Doors, The Small Faces og Joe Cocker.[2]

Han er mest kjend for singelen til The Crazy World Of Arthur Brown frå 1968 kalla «Fire», som gjekk til topps på UK Singles Chart og i Canada, og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100[3] i tillegg til at albumet songen kom frå, The Crazy World of Arthur Brown som nådde andreplassen i Storbritannia og sjuandeplassen i USA.[4] Etter suksessen med «Fire», gav pressa Brown kallenamnet «The God of Hellfire»,[5] etter linja Brown roper i starten av songen.[6]

Sjølv om Brown hadde lite kommersiell suksess og aldri gav ut ein annan hit, har han hatt stor innverknad på mange musikarar innan forskjellige sjangrar på grunn av operastemma si, den ville scenepersonlegdommen og han vert rekna som ein pioner innan sjokkrock og progressiv rock og har påverka både elektronisk musikk og heavy metal. I 2005 vann Brown 'Showman of the Year'-prisen frå magasinet Classic Rock.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1968 – The Crazy World of Arthur Brown (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 1971 – Galactic Zoo Dossier (av Kingdom Come)
  • 1972 – Kingdom Come (av Kingdom Come)
  • 1973 – Journey (av Kingdom Come)
  • 1975 – Dance
  • 1977 – Chisholm in My Bosom
  • 1980 – Faster Than the Speed of Light (med Vincent Crane)
  • 1981 – Speak No Tech (gjeve ut på ny av Craig Leon i 1984 som The Complete Tapes of Atoya)
  • 1982 – Requiem
  • 1988 – Brown, Black & Blue (med Jimmy Carl Black)
  • 1988 – Strangelands (innspelt 1969) (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 2000 – Tantric Lover (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 2003 – Vampire Suite (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 2007 – The Voice of Love (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 2012 – The Magic Hat (med Rick Patten)
  • 2013 – Zim Zam Zim (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 2019 — Gypsy Voodoo (av The Crazy World of Arthur Brown)

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1993 – Order From Chaos (av The Crazy World of Arthur Brown)
  • 1994 – Jam (innspelt 1970) (av Kingdom Come)
  • 2002 – The Legboot Album – Arthur Brown on Tour
  • 2011 – The Crazy World of Arthur Brown Live at High Voltage (berre vinyl, avgrensa til 1000 eksemplar)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 – Lost Ears (av Kingdom Come)
  • 2003 – Fire – The Story of Arthur Brown

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: «You'll Be Mine» (The Diamonds) med «You Don't Know» (Arthur Brown with The Diamonds) (Reading Rag Record LYN 770/771 UK)
  • 1967: «Devil's Grip» med «Give Him a Flower» (The Crazy World of Arthur Brown) (Track Records 604008 UK)
  • 1968: «Fire» med «Rest Cure» (The Crazy World of Arthur Brown) (Track 604022 UK), (Atlantic Records 2556 US), (Polydor 541012 Can)
  • 1968: «Nightmare» med «Music Man» (aka «What's Happening») (The Crazy World of Arthur Brown) (Track 604026 UK)
  • 1968: «I Put a Spell on You» med «Nightmare» (The Crazy World of Arthur Brown) (Track 2582 US)
  • 1970: «Green Mello Hill» med «I Could Have Loved Her» (Kingdom Come) (Action Records 2102 003 Europe)
  • 1971: «Eternal Messenger» med «I.D. Side to be B Side the C Side» (Kingdom Come) (Polydor Records 2001 234 UK)
  • 1973: «Spirit of Joy» med «Come Alive» (Polydor 2001 416 UK)
  • 1974: «Gypsies» med «Dance» (Gull Records GULS 4 UK)
  • 1975: «We've Gotta Get Out of This Place» med «Here I Am» (Gull GULS 13 UK)

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1966 – The Game Is Over (to songar)
  • 1975 - Tommy

Andrer bidrag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marshall 2005, s. 25.
  2. Richie Unterberger (2014). «Urban Spacemen & Wayfaring Strangers [Revised & Expanded Ebook Edition]: Overlooked Innovators & Eccentric Visionaries of '60s Rock». BookBaby
  3. «Official UK Singles Top 100 – 16th February 2013 | Official UK Top 40 | music charts | Official Singles Chart». Henta 28. mars 2020. 
  4. «Crazy World of Arthur Brown - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 28. mars 2020. 
  5. Echard 2005, s. 43.
  6. Unterberger, Richie. Urban Spacemen and Wayfaring Strangers, s. 46.