Crosby, Stills, Nash & Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crosby, Stills, Nash & Young

Crosby, Stills, Nash & Young, frå venstre til høgre: Graham Nash, Stephen Stills, Neil Young og David Crosby, PNC Arts Center, august 2006.
AliasCrosby, Stills, & Nash
OpphavUSA
Aktiv1968-1970; 1973-1974; 1977 til i dag
SjangerRock, folkrock
PlateselskapAtlantic
Reprise
MedlemmerDavid Crosby
Stephen Stills
Graham Nash
Neil Young
PrisarGrammy Award for beste nye artist, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Crosby, Stills & Nash (CSN) er ei folkrockgruppe, ei supergruppe, som består av David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash. Stundom vert dei òg kalla Crosby, Stills, Nash & Young (CSNY) når det fjerde medlemmet Neil Young er med dei. Dei er kjend for dei intrikate vokalharmoniane, dei indre stridane i bandet, politisk aktivisme og for å ha hatt ein stor innverknad på musikk og kultur. Alle dei fire medlemmene i CSNY er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, men Young sine innføringar er for arbeid utanfor denne gruppa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart opphavleg starta som ein trio David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash, og alle desse tre hadde røter i tidlegare 60-talsband: Crosby frå The Byrds, Nash frå The Hollies og Stills frå Buffalo Springfield. Det var mykje krangling mellom David Crosby og bandmedlemmene hans i the Byrds og han vart til slutt sparka frå bandet hausten 1967.[1]

Tidleg i 1968 vart Buffalo Springfield springfield oppløyst på grunn av krangling mellom medlemmene. Etter å ha samla saman songar til eit siste album, Last Time Around, var Stephen Stills arbeidslaus den sommaren. Han og Crosby møtte kvarandre og spelte litt uformelt i lag. Eit av resultata etter eit møte på seglbåten til Crosby i Florida var songen «Wooden Ships», som vart laga i lag med ein annan gjest, Paul Kantner frå Jefferson Airplane.[2]

Graham Nash møtte Crosby då The Byrds vitja Storbritannia i 1966, og då The Hollies turnerte i California i 1968, møttest dei igjen.[3] På ein fest i juli 1968 hos Cass Elliot spelte Stills og Crosby ein av dei nye songane til Stills, «You Don't Have to Cry». Nash bad Stills og Crosby om å spele songen eit par gonger, før han sjølv song harmonivokal med dei.[4] Vokalen tjukna og dei tre skjønte at dei hadde ein unik vokal samansetning.

Nash var frustert i The Hollies, sidan han hadde laga fleire songar dei ikkje ville spele inn. Han slutta derfor og slo seg saman med Crosby og Stills. Etter ei mislukka prøvespeling for Beatles sitt Apple Records, fekk dei kontrakt hos Atlantic Records av Ahmet Ertegün, som hadde vore tilhengjar av Buffalo Springfield og var skuffa over at dei gav seg.[5] Frå starten av, på grunn av dei forskjellige bandhistoriene, så ønskte ikkje trioen å vere låst til ein gruppestruktur. Dei nytta derfor etternamna sine som namn på gruppa for å sikre sjølvstende og som ein garanti for at bandet ikkje kunne halde fram utan at alle var med. Både The Byrds og The Hollies hadde halde fram då Crosby og Nash slutta i sine respektive band. Platekontrakten deira med Atlantic synte dette, og gav CSN ein unik fleksibilitet som var uhøyrt for eit band som ikkje hadde noko å vise til enno. Trioen tilsette òg eit unikt leiarskap i Elliot Roberts og David Geffen, som hadde hjelpt dei inn i Atlantic og gjeve dei makt i industrien.[6] Roberts gjorde sitt for at bandet heldt fokus og tok seg av egoa sine, medan Geffen tok seg av avtalane. I følgje Crosby trengde dei ein «shark» (hai) og Geffen var nettopp dette.[7] Roberts og Geffen hadde nøkkelroller i å sikre suksessen til bandet dei første åra.

Då det vart annonsert at bandet var starta, møtte dei problem med dei tidlegare kontraktane sine. Nash var alt signert til Epic Records, den nordamerikanske distributøren til The Hollies, medan Crosby og Stills alt hadde kontrakt med Atlantic. For å løyse dette problemet gjorde Geffen i røynda ein bytehandel med Atlantic om rettane til bandet til Richie Furay, Poco. Furay var då signert til Atlantic som medlem av Buffalo Springfield.

Den første suksessen[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet til trioen, Crosby, Stills, & Nash, kom ut i mai 1969 og vart ein umiddelbar hit, og gav dei to hitsinglar på Topp 40 i USA. Albumet vart òg mykje spelt på det nye FM radio-formatet. Bortsett frå trommeslagaren Dallas Taylor, spelte Stills dei fleste instrumenta sjølve, noko som gjorde at bandet hadde vanskar med å spele albumet live.

Neil Young vert med i gruppa[endre | endre wikiteksten]

Dei heldt på Taylor og ønskte i starten å tilsette ein keyboard-spelar. Stills tok ved eit høve kontakt med Steve Winwood, som alt var oppteken i det nye bandet sitt Blind Faith.[8] Leiaren for Atlantic, Ahmet Ertegün, foreslo den kanadiske visesongaren Neil Young, som Elliot Roberts òg var manager for, som eit opplagt val.[9] Stills og Nash var i starten tilbakehalden. Stills hadde ei historie med Young i Buffalo Springfield og Nash kjende ikkje Young personleg. Men etter fleire møte vart trioen utvida til ein kvartett med Young som fullt medlem. Avtalen gav Young full fridom til å pendle mellom si eiga solokarriere med det nye bandet sitt Crazy Horse og CSNY.

Bandet hadde no ein heilt ny rytmeseksjon med bassist Bruce Palmer, som tidlegare hadde spelt med Young i det kortvarige Mynah Birds (med ein ung Rick James som frontmann) og med både Young og Stills i Buffalo Springfield. Anten på grunn av dei vedvarande personlege problema til Palmer (han hadde ein tendens til å verte arrestert for narkotikamisbruk og sendt tilbake til Canada) eller fordi det var Stills, Young og Palmer som tok seg av alle instrumenta, og at dei dermed såg ut som og høyrdest ut som Buffalo Springfield der Crosby og Nash ikkje gjorde anna enn korvokal, så vart Palmer tvungen ut av bandet. Rick James anbefalte den då 19 år gamle Motown-bassist Greg Reeves som erstatning.[10]

Med Young ombord la bandet ut på turne sein sommaren 1969 til januar 1970. Den første konserten deira vart halde 17. august 1969 i Auditorium Theater i Chicago med Joni Mitchell som oppvarming. Dei nemnte at dei skulle til ein stad kalla Woodstock dagen etter, men at dei ikkje visste kvar det var. Dagen etter spelte dei på Woodstockfestivalen og opna konserten med «Dette er berre den andre konserten me speler i lag. Me er dritredd». Dei opna med «Suite: Judy Blue Eyes» før dei la ut på ein harmonirik versjon av Beatles sin «Blackbird». Konserten vart ein elddåp. CSNY spelte seinare inn Joni Mitchell sin song Woodstock, som var til minne om festivalen, og fekk ein hit med denne. CSNY spelte òg på den tragiske Altamont-konserten.

Det var store forventningar til det nye albumet til kvartetten, Déjà Vu. Det kom ut i mars 1970 til nidkjær entusiasme. Det toppa listene og gav bandet tre hitsinglar. Déjà Vu var òg det første albumet som Atlantic Records gav ut på «superstjerne»-serien sin, ein etikett som vart skapt for dei mest høgprofilerte artistane. Dei påfølgjande soloalbuma til Crosby, Stills og Nash vart òg gjeven ut i same serie.[11]

Greg Reeves starta å oppføre seg urekneleg og vart erstatta i april 1970 av Fuzzy Samuels.[12]

Young og Crosby var i eit hus nær San Francisco då dei fekk melding om Kent State-massakren. Dette inspirerte Young til å skrive den klassiske protestsongen hans, «Ohio», som vart raskt spelt inn og gjeven ut av bandet ei veke seinare. Dette gav dei nok ein Topp 20-hit.[13]

Det vaklande partnarskapet til bandet vart sett på prøve av suksessen til bandet og bandet gav seg då turneen sommaren 1970 enda. Konsertopptak frå denne turneen vart nok ein hit, det doble konsertalbumet Four Way Street som kom ut i 1971. Gruppa fekk aldri tilbake drivkrafta dei hadde desse første åra, sidan det gjekk år mellom kvar gong dei gjorde noko nytt.

Nye samansetningar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash og Neil Young.

Mellom september 1970 og mai 1971, gav kvar av medlemmene ut høgt profilerte solalbum (Crosby If I Could Only Remember My Name, Stills Stephen Stills, Nash Songs for Beginners og Young After the Gold Rush). All fire nådde Topp 15 på albumlista, og Stills sitt gjekk heilt til 3. plass. Stills gav i 1971 ut albumet Stephen Stills 2, som òg nådde topp ti. Crosby og Nash la ut på ein suksessrik akustisk turne, der dei berre hadde med seg piano og gitar. I 1998 kom det ut ein dokumentar frå denne turneen kalla Another Stoney Evening. For ei stund såg det ut til at verken bandet eller medlemmene kunne mislukkast i noko dei føretok seg.

Sjølv om det ikkje var offisielle CSN- eller CSNY-prosjekt i løpet av året, var 1972 eit fruktbart år for alle medlemmene og soloarbeidet deira. Young vart superstjerne med Harvest og singelen «Heart of Gold». Stills slo seg saman med det tidlegare Byrd-medlemmet Chris Hillman og danna countrybandet Manassas, som gav ut eit dobbeltalbum. I lag med dei tre CSN-platene vart albumet Manassas det sjette albumet Stills fekk på Topp 10 på rad. Nash skreiv i lag med Young singelen «War Song».[14] Nash og Crosby slo seg saman og følte nok av den same entusiasmen dei hadde følt i starten av CSN, før kranglinga byrja. Dette førte til det første albumet deira som duo, Graham Nash David Crosby, som nådde fjerdeplassen på albumlista.

Bandmedlemmene gjorde det ikkje like bra dei neste åra. Young la ut på ein soloturne som var kjend for den mørke stemninga og den eksentriske oppførselen hans. Crosby vart gjenforeint med The Byrds for eit siste album, Byrds. Nash gav ut sitt andre soloalbum og Stills gav ut eit nytt Manassas-album. Ingen av desse selde særleg bra.

I juni og juli dette året møttest Crosby, Stills, Nash og Young på ranchen til Young og i platestudio på Hawaii. Dei planla eit nytt album kalla Human Highway, men kranglinga frå 1970 heldt fram og bandet var snart spreidd igjen.

Ustø forsoning[endre | endre wikiteksten]

Roberts fekk til slutt bandet til å skjøne det kommersielle potensialet sitt, og kvartetten kom igjen i saman sommaren 1974 i lag med Tim Drummond på bass, Russ Kunkel på trommer og Joe Lala på perkusjon på det som var den første utandørs stadionturneen nokon sinne. Dette var arrangert av impresarioen Bill Graham, som nettopp hadde arrangert innandørsturneen til Dylan sin Before the Flood-turne tidlegare på året. Bandet spelte vanlegvis tre og ein halv time med gamle favorittar og nye songar.[15]

Sjølv om bandet ville ha pressa til å tru at kranglinga dei i mellom høyrde fortida til, hadde dei ei valdsam framferd under turneen. Stills utvida stadig garderoben sin med nye fotballtrøyer og byrja å insinuere at han var ein hemmeleg CIA-agent. Følgjet til Crosby inkluderte to kjærastar som stadig krangla, og som medverka til spanininga i gruppa. Gjennom turneen isolerte Young seg frå resten av gruppa og reiste i ein RV med sonen sin og følgjet, og likte visstnok ikkje at songane hans utgjorde det meste av dei nye songane til gruppa. Eit forsøk på å gje ut eit nytt CSNY-album vart skrinlagt. Selskapet gav i staden ut samleplata So Far. Nash meinte at å gje ut eit samlealbum basert på berre to album og ein singel var absurd, men albumet toppa likevel listene.[16] Songar som vart spelte på 1974-turneen inneheldt songar frå mellom anna Stills, Zuma, American Stars 'n Bars, Long May You Run, Comes a Time, Hawks & Doves, Wind on the Water og Whistling Down the Wire.

Bandet nådde eit dødpunkt og Crosby og Nash valde å slå seg saman igjen, og skapte duoen Crosby & Nash, som ofte turnerte i lag. Dei signerte ein platekontrakt med ABC Records og gav ut to studioalbum, Wind On The Water i 1975 og Whistling Down the Wire i 1976. Dei heldt fram med støttebandet kalla The Section frå den første plata deira. Desse spelte for mange andre artistar i 70-åra, som Carole King, James Taylor og Jackson Browne, i tillegg til konsertalbumet til CN, kalla Crosby-Nash Live frå 1977. Crosby og Nash medverka òg på mange andre artistar sine plater, som Taylor sin «Mexico» og Joni Mitchell sin «Free Man In Paris».

Stills og Young gjekk attende til sine eigne karrierer, og Young steig stadig i gradene mot slutten av 70-åra og vidare framover. Stills og Young slo seg saman for ein turn og eit album tileigna The Stills-Young Band. Albumet Long May You Run kom ut i 1976. Ein gong på våren 1976 såg det ut til at dette albumet kom til å verte eit nytt CSNY-album, men då Crosby og Nash måtte reise attende til Los Angeles for å gjere ferdig Whistling Down the Wire, fjerna Stills og Young vokalen deira frå masterteipen.[17] Dei gamle spaningane mellom Stills og Young, som gjekk tilbake til dagane i Buffalo Springfield, kom igjen til syne då Stills heller ville nytte profesjonelle studiomusikarar i staden for Young sitt Crazy Horse. Etter konserten den 18. juli 1976 svinga turnebussen til Young ein annan retning. Stills venta på dei før konserten den 20. juli og fekk eit telegram som sa: Kjære Stephen, det er rart korleis noko som startar spontant, òg sluttar slik. Et ein fersken. Neil.[18] Managementet til Young hevda at legen hans hadde gjeve han ordre om å kvile og kome seg att etter ein halsinfeksjon. Stills var kontraktbunden til å gjere turneen ferdig, medan Young avtalte møter med Crazy Horse seinare på året.

Narkotikabruken og det øydelagde ekteskapet til Stills sendte han ut i fritt fall. Crosby og Nash var òg i tilbakegang, sjølv om albumet deira Wind On The Water var det einaste albumet i kvartetten som gjorde det noko lunne mellom 1973 og 1976. Stills møtte paret på ein av konsertane deira i Los Angeles og ønskte å halde fram som trio.

Tilbake til CSN[endre | endre wikiteksten]

Ironisk nok valde hippiesymbola rå Woodstock-generasjonen år null for punk, 1977, til å gje ut CSN. Albumet inneheldt solide songar frå alle medlemmene, den kjende vokalen deira, moderne produksjon, og dei fekk ein hitsingel med Nash sin «Just a Song Before I Go». Albumet gjekk nesten til topps på albumlista, berre bak Fleetwood Mac sitt Rumours. CSN passa godt inn i den kommersielle stilen som regjerte på den tida, samstundes med at Young kom med ein reaksjon på punken med Rust-turneen og albuma. Dette viste kor langt dei to leirane var frå kvarandre. Trioen kom saman for ein turne, etter ein femårsperiode med eit soloalbum kvar for Stills og Nash, og dei nådde nok ein gong Topp 10 med Daylight Again i 1982. Crosby var kraftig avhengig av kokain, noko som gjorde deltakinga hans problematisk. Nash spelte inn Earth & Sky i 1980, og dette var meint som eit nytt Crosby-Nash-prosjekt, men Crosby var ikkje i stand til å bidra med noko som helst.[19] Daylight Again skulle opphavleg berre gjevast ut av Stills og Nash aleine, men plateselskapet nekta å gje det ut før Crosby var med i bandet igjen.[20] Crosby vart med dei to partnarane på «Delta» og albumet inneheldt to hittar, Nash sin «Wasted on the Way» og Stills sin «Southern Cross». Den sistnemnde kom i lag med ein populær musikkvideo for det nye MTV. Bandet var derimot no avhengig av låtskrivarar og songarar utanfrå for å forsterke songane sine, og dei var derfor ikkje den krafta dei hadde vore dei siste ti åra. Trioen heldt fram å turnere, men Crosby vart til slutt arrestert og sett i fengsel for å ha hatt på seg narkotika og våpen i mai 1982. Dei spelte inn ein potensiell tittelsong for filmen WarGames som aldri vart nytta, og bandet gav så raskt songen ut som singel og samla saman konsertinnspelingar av to studiospor for albumet Allies. Albumet gav dei den lågaste plasseringa på listene nokon sinne. Crosby fekk to år i fengsel, men dommen vart gjort om, før han vart arrestert fleire gonger og han gav seg til slutt over til styresmaktene i desember 1985.[21] Han var åtte månader i fengsel, medan Nash og Stills gav ut fleire soloalbum på midten av 1980-åra.

Crosby lovde å verte rein, så Young gjekk med på å kome tilbake til trioen i studio då Crosby kom ut av fengsel. Dei spelte inn American Dream i 1988. Stills og Crosby fungerte berre så vidt på albumet, som bar preg av dei moderne produksjonsteknikkane på denne tida.[22] Det nådde 16. plass på albumlista, men fekk dårleg kritikk og Young nekta å delta på den påfølgjande turneen.

CSN spelte inn to studioalbum til i 1990-åra, Live It Up og After the Storm, men begge selde dårleg og vart stort sett ignorert. I 1991 kom ein omfattande plateboks, kalla CSN. Denne bestod av fire plater med høgdepunkt og spor frå forskjellige soloprosjekt. Roberts, som framleis var manager for Neil Young, fjerna dei fleste av Young sine songar frå boksen, og berre sju CSNY-songar vart til slutt gjeven ut.[23]

After the Storm nådde bere så vidt Topp 100 og seint i 90-åra var CSN utan platekontrakt. Dei starta då å finansiere sine eigne innspelingar og i 1999 vart Neil Young invitert med på eit par spor. Young vart imponert over korleis dei hadde teke seg saman, og ønskte å medverke meir. Albumet vart dermed eit CSNY-prosjekt og kom ut som Looking Forward på plateselskapet til Young, Reprise Records. Dette albumet vart teken betre imot enn dei førre tre albuma, og dei la ut på CSNY2K-turneen i 2000 og CSNY Tour of America i 2002.

CSN vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1997; CSNY er det einaste bandet der alle medlemmene er innlemma i æresgalleriet to gonger. Crosby vart innlemma i lag med The Byrds (1991) og Stills som medlem av Buffalo Springfield (1997). I 2010 vart Nash innlemma som medlem av The Hollies. Young har vorte innlemma for soloarbeidet sitt (1995) og som medlem av Buffalo Springfield (1997), men ikkje med CSN.

I 2006 la Crosby, Stills, Nash og Young ut på Freedom of Speech-turneen til støtte for Young-albumet Living with War. Den lange setlista omfatta det meste av det nye Young-albumet, men òg songar frå Stills-albumet Man Alive! og nyare songar frå Crosby og Nash.

Den populære songen «Teach Your Children» vart framført av Crosby, Stills og Nash på The Colbert Report den 30. juli 2008 med Stephen Colbert som fjerdeharmonistemme utkledd som Neil Young.

I 2009 gav Crosby, Stills & Nash ut Demos, eit album som bestod av demoinnspelingar av dei populære songane deira, samt nokre av solosongane.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Crosby, Stills, Nash & Young.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zimmer og Diltz, s. 54
  2. Zimmer og Diltz, s. 65
  3. Crosby og Gottlieb, s. 103
  4. Zimmer og Diltz, s. 72-3
  5. Crosby og Gottlieb, s. 144
  6. McDonough, s. 252
  7. Zimmer og Diltz, s. 79
  8. Zimmer og Diltz, s. 92
  9. Crosby og Gottlieb, s. 163-4
  10. Zimmer og Diltz, s. 94
  11. Atlantic Album discography site, retrieved 25 juni 2006
  12. Zimmer og Diltz, s. 124
  13. Zimmer og Diltz, s. 127
  14. Zimmer og Diltz, s. 151
  15. Zimmer og Diltz, s. 173
  16. Zimmer og Diltz, s. 176
  17. Zimmer og Diltz, s. 185-6
  18. McDonough, s. 501-2
  19. Crosby og Gottlieb, s. 314
  20. Crosby og Gottlieb, s. 353-4
  21. Crosby og Gottlieb, s. 438-9
  22. McDonough, s. 625
  23. McDonough, s. 248

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]