Anárjohka nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anárjohka nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommunar Karasjok, Kautokeino
Høgaste punkt Gurbbeš
 - høgd 589 moh.
Areal 1 409 km²
Oppretta 19. desember 1975
Kart
Anárjohka nasjonalpark
68°49′45″ N 24°38′35″ E

Anárjohka nasjonalpark (nordsamisk: Anárjoga álbmotmeacci) er ein nasjonalpark sør i Finnmark fylke oppretta ved forskrift i 1975. Saman med den tilgrensande finske nasjonalparken Lemmenjoki utgjer parken eit stort, urørt naturområde i nord. Nasjonalparken ligg avsides til på ein urørt del av Finnmarksvidda. Eit bølgande viddelandskap med bjørkeskog, furumoer, store myrer og mange vatn pregar nasjonalparken.

Parken endra i juli 2021 namn fra Øvre Anarjokka nasjonalpark til Anárjoga álbmotmeacci/Anárjohka nasjonalpark.[1]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Anárjohka nasjonalpark ligg aust på Finnmarksvidda og omfattar areal i Karasjok og Kautokeino kommunar i Finnmark fylke.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med Anárjohka nasjonalpark er å ta vare på eit stykke av Finnmarksvidda med eit representativt utval av dei naturtypar som forekjem der, så som furuskog, bjørkeskog og vidde med kratt, myr, vatn, elvar og låge fjell. Dyre- og plantelivet skal få utvikle seg mest mogleg fritt utan påverkning frå menneske.

Verneforskriften tillèt tradisjonell reindrift. Bygging av gammer for reindrifta og eit avgrensa tal hytter eller buer for ålmen bruk, kan tillatast av Fylkesmannen som forvaltingsstyresmakt.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Forskrift om endring i forskrift om Øvre Anarjokka nasjonalpark, Karasjok og Kautokeino kommuner, Finnmark; lovdata.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]