Fulufjellet nasjonalpark
Fulufjellet nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hedmark | ||
Kommune | Trysil | ||
Del av | Dei skandinaviske fjella | ||
Høgaste punkt | Slottsfjellet | ||
• høgd | 1 047 moh. | ||
Areal | 83 km² | ||
Geologi | sandstein | ||
Planter | tyrihjelm, turt, skogstorkenebb, huldreblom, mogop | ||
Oppretta | 27. april 2012 | ||
Tilknytte verneområde |
Fulufjällets nasjonalpark | ||
Fulufjellet nasjonalpark 61°24′00″N 12°47′00″E / 61.4°N 12.78333333°E | |||
Wikimedia Commons: Fulufjellet nasjonalpark |
Fulufjellet nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit lågfjellsområde i Trysil kommune i Hedmark, på austsida av Ljøraelva mot grensa til Sverige. Parken vart oppretta i 2012 for å «bevare et stort naturområde som inneholder særegne, representative økosystem som er uten tyngre naturinngrep, herunder artsfattig fjellvegetasjon og artsrik barskog.»[1][2] Han dekker eit område på 83 km².[3]
Nasjonalparken grensar opp mot den langt større Fulufjällets nasjonalpark i Sverige, som vart skipa i 2002, og til Fregn naturreservat som vart oppretta samtidig med den norske nasjonalparken.[4][5]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Den svenske og den norske nasjonalparken består av eit samla fjellplatå med omliggjande daler og sider. På norsk side er platået delt i tre delar av dei to elvene Bergåa og Gira som skjer seg inn i platået.
Området omfattar særprega kvartærgeologiske førekomstar og høgareliggande urskogprega barskog med eit stort naturmangfald.
Langs fjellsidene og på høgder og toppar finst det både gran- og furuskog, bekkekløfter og rasmarker med høge naturverdiar. Vegetasjonen i snaufjellet er lite variert og området representerer, både nasjonalt og internasjonalt, ein ekstremt artsfattig fjellvegetasjon. Området Storgnollen-Steinknøsen-Furuknøsen har landskapsmessige og kvartærgeologiske verdiar.[6] Kombinasjonene av variert topografi med store høgdeforskjellar, blokkmark og gjel/nedskjeringar gjer området Storgnollen–Steinknøsen–Furuknøsen særskild interessant.[7]
Plante- og dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Fjella er stort sett dekka av heivegetasjon dominert av dvergbuskar, gras, starr og siv. Det meste av skog i området er gran og furu. Delar av skogen har urskogpreg med rikt artsmangfald. Det er funne mange sjeldne lav- og soppartar i nasjonalparken.[8]
Bjørn er ein karakterart i området, men det finst også ulv, jerv og gaupe her. Fuglelivet er prega av tiur, orrfugl, jerpe og rype.
Forvalting og bruk av området
[endre | endre wikiteksten]Området vert mykje brukt til jakt, fiske og friluftsliv, og det er opning for dette i vernevedtaka. Forvaltinga av parken er lagt til eit lokalt nasjonalparkstyre.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Karrig lågfjellandskap i Fulufjellet nasjonalparkFoto: Gunn Oddny Olsen Haugen
-
Landskap i Fulufjellet nasjonalpark
-
Lyng og landskap i Fulufjellet nasjonalpark
-
Vatn i Fulufjellet nasjonalpark
-
Bekk og skog
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lovdata.no: Verneforskriften
- ↑ regjeringen.no Fulufjellet nasjonalpark er oppretta, pressemelding 26.4.2012
- ↑ Fulufjellet nasjonalpark i Miljødirektoratets nettstad Naturbase
- ↑ regjeringen.no Vernekart Fulufjellet
- ↑ Lovdata.no: Verneforskriften for Fregn
- ↑ regjeringen.no Kongelig resolusjon: Verneplan for Fulufjellet nasjonalpark og Fregn naturreservat i Trysil kommune, Hedmark fylke
- ↑ regjeringen.no Direktoratet for naturforvaltning: faktaark, Fulufjellet
- ↑ Fulufjellet nasjonalpark på Miljødirektoratet sine temasider om nasjonalparkane