Varangerhalvøya nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varangerhalvøya nasjonalpark
Område Finnmark
Oppretta 2006
Areal 000000000001804.00000000001 804 km²

Varangerhalvøya nasjonalpark, på nordsamisk Várnjárgga álbmotmeahcci, er ein nasjonalpark oppretta i 2006 og som omfattar areal i kommunane Båtsfjord, Unjárga/Nesseby, Vadsø og Vardø i Finnmark fylke.

Fornminne viser at menneske har hatt tilhald i området i fleire tusen år. Dei eldste kulturminna på halvøya er daterte til eldre steinalder, meir enn 6500 år attende. Her finst buplassar og restar av reiskap, fangstanlegg og leiegjerde for villrein, og mange samiske heilagdomar og offerplassar. Varangerhalvøya er eit gammalt samisk haustingsområde.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med vernet er mellom anna å ta vare på

  • den mest arktisk prega delen av fastlands-Noreg med spesielle landformer og avsetningar etter istida
  • eit plante- og dyreliv med austlege og arktiske innslag
  • eit kjerneområde for fjellrev
  • unike samiske kulturminne.

Området er svært viktig for sædgås og dverggås.

Folk skal ha høve til å oppleve naturen gjennom enkelt og tradisjonelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]