Hallingskarvet nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hallingskarvet nasjonalpark
nasjonalpark
Område Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane
Areal 450 km²
Oppretta 22. desember 2006
Wikimedia Commons: Hallingskarvet National Park
Hallingskarvet.jpg

Hallingskarvet nasjonalpark vart oppretta ved forskrift 22. desember 2006.

Nasjonalparken omfattar sjølve Hallingskarvplatået og høgfjellsområda vestover til og med Vargebreen og Såtedalen, vidare Lengjedalen, Ynglesdalen og delar av Raggsteindalen. Dette er areal i Hol kommune, Ulvik herad og Aurland kommune i Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke.

Hallingskarvet er eit svært karakteristisk landskapselement, der fleire istider har gjeve skarvet sin karakteristiske form. Området viser den geologiske historia, og samanhengen mellom den geologiske og den biologiske variasjonen er tydeleg. Det er registrert område med særskilte verdiar og fleire spesielle artar, mellom anna trua eller sårbare planteartar som tinderublom og handmarinøkkel.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med Hallingskarvet nasjonalpark er å bevare eit stort, særmerkt og tilnærma urørt fjellområde slik at landskapet og det biologiske mangfaldet med økosystem, arter og bestandar, mellom anna villrein, blir bevart. Vernet skal sikre eit karakteristisk landskapselement som er viktig for forståinga av den geologiske historia.

Vernet skal sikre verdifulle kulturminne.

Ålmenta skal ha høve til friluftsliv og naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]