Jotunheimen nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jotunheimen nasjonalpark
Område Oppland, Sogn og Fjordane
Oppretta 2004
Areal 000000000001151.00000000001 151 km²

Jotunheimen nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta i 2004 og omfattar areal i kommunane Lom, Vågå, Vang, Luster og Årdal kommune i Oppland og Sogn og Fjordane fylke

Jotunheimen er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear. Dei harde, seige bergartane her vart danna under stort trykk langt nede i jordskorpa og har seinare vorte pressa opp til overflata.

I Jotunheimen ligg dei høgaste fjella i Nord-Europa. Galdhøpiggen når opp i 2 469 m, medan Glittertind, med si iskappe på toppen, berre er nokre meter lågare. Dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane. Mellom Bessvatnet og Gjende går det ein merkt sti over den smale Besseggen – ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur. I nasjonalparken skal det innanfor visse rammer vere høve til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske, undervisning og forsking.

Bruk av parken[endre | endre wikiteksten]

Forvaltningsstyresmakta kan m.a. gi løyve til utviding eller ombygging av eksisterande turisthytter og til bygging av innretningar som er nødvendige for drifta av turisthytter i nasjonalparken. Dei kan òg gi løyvetil merking av ei rimeleg mengd turistruter og -løyper og oppsetjing av vegvisarar når det skjer på ein måte som ikkje verkar skjemmande eller dominerande i terrenget.

Eksisterande setrar kan oppretthaldast og drivast, herunder kultivering av setervollar. Jakt på rein og hare og jakt og fangst på rype, kråke, ramn, fiskemåse, raudrev og mink kan drivast etter gjeldande reglar i viltstellovgivinga. Bjørn, ulv, jerv, gaupe og kongeørn kan fellast når fellinga er påkrevd for å fjerne ein aktuell og monaleg fare for skade på person eller under åtak på bufe eller tamrein.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]