Anders Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Eide
Fødd 7. mars 1971
Snåsa
Yrke langrennsløpar

Anders Eide (fødd 7. mars 1971) i Snåsa er ein norsk langrennsløpar som representerer Snåsa IL. I 1998 vart han noregsmeister både på 15 km og 50 km. Frå andre NM-renn har han tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar.

Eide debuterte i verdscupen i mars 1992. Hans beste plassering i internasjonale meisterskap kom under Vinter-OL 1998 i Nagano då han vart nummer 11. på femmila. Eides største prestasjon internasjonalt er likevel sjetteplassen på 30 km i verdscupen i Lahti to år i førevegen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Nr 13 på 50 km, Thunder Bay
  • 1995: Nr 12 på 50 km under verdsmeisterskapen i Thunder Bay
  • 1996: Nr 6 på 30 km, Lahti
  • 1996/7: Nr 7 på 30 km, Oberstdorf
  • 1997/8: Nr 11 på 50 km under dei olympiske leikane i Nagano. Nr 8 på 10 km, Beitostølen
  • 1999: Nr 18 på 15 km, Nove Mesto
  • 2000: Nr 8 på 50 km, Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Nr 9 på 50 km, Molde
  • 1993: Bronsemedalje på 50 km, Dombås
  • 1994: Nr 12 på 50 km, Stor-Elvdal
  • 1995: Sølvmedalje på 50 km, Oslo
  • 1996: Bronsemedalje på 15 km i Stryn
  • 1997: Nr 12 på 10 km i Mo i Rana
  • 1998: Gullmedalje både på 15 km og på 50 km, Alta
  • 1999: Nr 5 på 30 km, Skrautvål
  • 2000: Sølvmedalje på 10 km i Vang
  • 2001: Nr 9 på 30 km, Steinkjer
  • 2003: Nr 8 på 50 km i Molde
  • 2004: Sølvmedalje på 50 km, Bardufoss
  • 2005: Nr 11 både på 15 km og 50 km, Lillehammer

Eide deltek framleis, 2010, i nasjonale renn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]