Antares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antares A/B
Scorpius constellation map.svg
Plasseringa til Antares i stjernebiletet Skorpionen.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Skorpionen
Rektascensjon 16h 29m 24s[1]
Deklinasjon −26° 25′ 55″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) +0.96[2]
Karakteristikk
Spektralklasse M0.5Iab + B3V:[3]
U−B fargeindeks +1.34[2]
B−V fargeindeks +1.83[2]
Variabel type LC[4]
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: −12.11[1] mas/år
Dek.: - mas/år
Parallakse (π) 5.89 ± 1.00[1] mas
Avstand ca. 550 ly
(ca. 170 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) −5.28
Detaljar
Masse 12.4[5] M
Radius 883[5] R
Luminositet 57,500[6] L
Overflategravitasjon (log g) 0.1[5] cgs
Temperatur 3400 ± 200[6] K
Rotasjonssnøggleik (v sin i) 20[7] km/s
Masse 10 M
Radius R
Temperatur 18,500[6] K
Andre namn
α Scorpii, 21 Sco,[3] Cor Scorpii, Kalb al Akrab, Scorpion's Heart, Vespertilio,[8] HR 6134, CD -26°11359, HD 148478, SAO 184415, FK5 616, WDS 16294-2626, CCDM J16294-2626A/B, HIP 80763.[3]
Databasereferanse
SIMBAD data

Antares, òg kjend med Bayer-nemninga Alfa Scorpii (forkorta til α Scorpii eller α Sco), er den syttande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen[a] og den mest lyssterke stjerna i stjerneteiknet Skorpionen, og er ofte omtalt som «hjartet i skorpionen». I lag med Aldebaran, Regulus og Fomalhaut, dannar Antares ei gruppe som vert kalla 'Kongelege stjernene i Persia'. Ho er ei av dei fire mest lyssterke stjernene nær ekliptikken.

Ein kan sjå med det blotte auget at Antares er raud, og stjerna er ei raud superkjempe med spektralklasse M2Iab og er ein av dei største og mest lysande observerbare stjernene. Ho er ei langsam irregulær variabel stjerne med ein gjennomsnittleg storleiksorden på +1,09.[3] Antares er den mest lyssterke, mest massive og mest utvikla stjerna i den næraste OB-stjernehopen (Skorpionen-Kentauren-hopen). Antares er ein del av the Øvre Skorpionen subgroup of the Skorpionen-Kentauren-hopen, som består av tusenvis av stjerner med ein gjennomsnittleg alder på 11 millionar år i ein avstand på kring 470 lysår.[9]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Samanlikning mellom den raude superkjempa Antares og sola, synt som ein liten prikk øvst til høgre. Den svarte sirkelen er storleiken til banen til Mars. Arcturus er òg med i biletet for samanlikning.

Antares er ei superkjempe med stjerneklassifiseringa M1.5Iab-b.[3] Ho har ein radius som er kring 883 gonger sola sin;[5] og om ho vart plassert i midten av solsystemet, ville den ytre flata liggje mellom banen til Mars og Jupuiter. Antares ligg kring 550 lysår frå jorda.[1] Den synlege luminositeten er kring 10 000 gonger større enn for sola, men fordi stjerna stråler ut mykje av energien sin i den infraraude delen av spektrumet, er den bolometriske luminositeten lik 65 000 gonger sola sin. Massen til stjerna er kalkulert å vere kring 15 til 18 solmassar.[10] Nyare analysar[9] indikerer at massen er kring 17 solmassar og at alderen 12 millionar år.

Antares har ei følgjestjerne, Antares B. Avstanden mellom dei to stjernene er kring 574 astronomiske einingar (AU).[11] Stjerneklassifiseringa til denne stjerna er B2.5,[10] og med ein storleiksorden på 5,5, er ho berre 1/370-del så lys som Antares A, men skin med ein luminositet som er 170 gonger så stor som sola sin.[10]

Antares kan eksplodere som ein supernova dei neste få hundretusen åra. Antares kan då vere like lys som fullmånen og vere synleg på dagtid.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ho er stundom ført opp som den 18. mest lyssterke, avhengig av korleis dei to lyssterke komponentane i det firdoble Capella-systemet vert oppført. Begge dei to er meir lyssterke enn Antares.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. arXiv:0708.1752. Bibcode:2007A&A...474..653V. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Nicolet, B. (1978). «Photoelectric photometric Catalogue of homogeneous measurements in the UBV System». Astronomy and Astrophysics Supplement Series 34: 1–49. Bibcode:1978A&AS...34....1N. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «ANTARES -- Double or multiple star». SIMBAD. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Antares. Henta 2011-12-31. 
  4. «Query= alf Sco». General Catalogue of Variable Stars. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://www.sai.msu.su/gcvs/cgi-bin/search.cgi?search=alf+Sco. Henta 2010-01-05. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Baade, R.; Reimers, D. (October 2007). «Multi-component absorption lines in the HST spectra of α Scorpii B». Astronomy and Astrophysics 474 (1): 229–237. Bibcode:2007A&A...474..229B. doi:10.1051/0004-6361:20077308. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Schröder, K.-P.; Cuntz, M. (April 2007), «A critical test of empirical mass loss formulas applied to individual giants and superkjempes», Astronomy and Astrophysics 465 (2): 593–601, doi:10.1051/0004-6361:20066633, Bibcode2007A&A...465..593S 
  7. HR 6134, database entry, The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version), D. Hoffleit and W. H. Warren, Jr., CDS ID [1]. Accessed on line September 07, 2012.
  8. Allen, Richard Hinckley (1899). Star-namns and their meanings. G. E. Stechert. ss. 364–367. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=5xQuAAAAIAAJ&pg=PA364. Henta 2011-12-31. 
  9. 9,0 9,1 Mark J. Pecaut; Eric E. Mamajek & Eric J. Bubar (February 2012). «A Revised Age for Øvre Skorpionen and the Star Formation History among the F-type Members of the Skorpionen-Kentauren OB Association». Astrophysical Journal 746 (2): 154. arXiv:1112.1695. Bibcode:2012ApJ...746..154P. doi:10.1088/0004-637X/746/2/154. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Kaler, James. «Antares». http://stars.astro.illinois.edu/sow/antares.html. Henta 23. februar 2015. 
  11. Frå den pytagoreisk læresetninga, er avstanden s gjeven av:
    eller s ≈ 574

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 16h 29m 24s, −26° 25′ 55″