Apple of My Eye av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apple of My Eye
singel av Badfinger
frå albumet Ass
B-side

Blind Owl

Utgjeve Desember 1973
Sjanger Power pop
Lengd 3:03
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Pete Ham
Produsent Chris Thomas, Badfinger
Britisk Badfinger-kronologi 
Baby Blue
(1972)
Apple of My Eye Love Is Easy
(1974)
Amerikansk Badfinger-kronologi
Baby Blue
(1972)
Apple of My Eye I Miss You
(1974)


«Apple of My Eye» er ein song av det britiske poprockbandet Badfinger frå 1973 på albumet Ass. Songen vart skriven og sungen av Pete Ham, produsert av Chris Thomas og Badfinger, og gjeven ut på Apple Records.

Ham skreiv songen om dei blanda kjenslene han hadde fordi bandet skulle forlate Apple Records til fordel for ein større kontrakt på Warner Bros. Records.[1]

Problem og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

På grunn av det økonomiske kaoset i Apple og problema dei hadde med gruppa vart det ikkje laga eit nytt biletomslag for singelen. I somme land (som Nederland) vart det nytta ein variant av omslaget til «Day After Day».[2] Det vart den siste singelen deira som gjekk inn på singellista i USA, sjølv om han ikkje nådde Billboard Hot 100. Songen nådde 102. plassen på «Bubbling Under Hot 100 Singles»-lista.[1] Han nådde 11. plassen i Sør-Afrika.[3]

I dei fleste land vart Tom Evans sin «Blind Owl» nytta som B-sida. Men i Japan var B-sida Mike Gibbins-songen «Cowboy» og i Filippinane var det Evans-songen «When I Say».[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Pete Ham - vokal, akustisk gitar, klaverinstrument
  • Tom Evans - bassgitar
  • Joey Molland - elektrisk gitar
  • Mike Gibbins - trommer, perkusjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]