Ass av Bad Finger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ass
Studioalbum av Badfinger
Språk engelsk
Utgjeve 26. november 1973 (USA)
8. mars 1974 (Storbritannia)
Innspelt 1972–73
Apple Studio, Olympic Studios, Morgan Studios (alle i London); The Manor Studio i Oxfordshire
Sjanger Powerpop, hardrock[1]
Lengd 39:38
Selskap Apple
SAPCOR 101
SW 3411
Produsent Chris Thomas, Badfinger;
Todd Rundgren (berre spor 4 og 9)
Badfinger-kronologi 
Straight Up
(1971)
Ass Badfinger
(1974)


Singlar frå Ass
  1. «Apple of My Eye»
    Utgjeve: Desember 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[2]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[3]
Mojo3/5 stars[4]
Rolling Stone(favourable)[5]
Uncut3/5 stars[6]

Ass er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, og det siste dei gav ut på Apple Records. Opningssporet «Apple of My Eye» syner til at bandet forlét selskapet for å gå over til Warner Bros. Records.

Plateomslaget syner eit esel («ass» på engelsk) som jagar ei gulrot i det fjerne, og syner til kjensla Badfinger sat med at dei var ført bak lyset av Apple. Omslaget vart måla av den Grammyprisvinnande kunstnaren Peter Corriston, som seinare laga plateomslag for Led Zeppelin (Physical Graffiti) og The Rolling Stones (Some Girls, Tattoo You).

Innspeling og forseinka utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om innspelingane av albumet byrja så tidleg som i 1972, kort tid etter utgjevinga av Straight Up, kom ikkje Ass ut før 26. november 1973 i USA og mai 1974 i Storbritannia. Albumet vart først forseinka på grunn av kvaliteten på produksjonen, då bandet prøvde å produsere albumet sjølv etter at produsenten Todd Rundgren gav seg med prosjektet etter berre to songar. Etter den første versjonen av albumet vart avvist av selskapet, tok Apple-lydteknikaren Chris Thomas over som produsent for å betre innspelinga og kome med eit nytt utval av songar.

Albumet vart vidare forseinka på grunn av ei usemje mellom Apple og leiinga til Badfinger om opphavsretten. Halvparten av songane på Ass vart skrivne av Joey Molland. Molland hadde aldri signert ein forlagskontrakt med Apple Music, slik bandkollegaene hadde. I staden laga Molland individuelle opphavsrettar for songane han skreiv for Badfinger-albuma på Apple Music etter produksjonen. Den dåverande manageren til Badfinger, Stan Polley, prøvde å bruke mangelen på ein avtale mellom Apple og Mollan til å blokkere utgjevinga av albumet. Han sa at Molland ikkje måtte gå med på individuelle avtalar og Molland gjekk med på dette. For å kome seg rundt strategien til Polley, vart alle songane på albumet berre tilskrivne «Badfinger», og ikkje den faktiske låtskrivaren av songen.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Ass nådde 122. plassen på Billboard 200 i USA.[7] Singelen «Apple of My Eye» nådde berre 102. plassen på Billboard si «Bubbling Under»-lista i Amerika. Utgjeinga av Ass førte til at det første albumet deira for Warner Bros. vart forseinka.[7] Etter at albumet vart sletta frå Apple-katalogen dukka store mengder av plata opp i billigkassane i amerikanske plateforretningar i 1970-åra.

Den originale CD-utgåva frå 1990-åra er i dag sjeldan fordi han berre kom ut i nokre få land (Storbritannia, Canada og Japan) i ein avgrensa periode. Albumet vart nymastra og gjeve ut på ny i 2010.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Apple of My Eye»Pete Ham3:06
2.«Get Away»Joey Molland3:59
3.«Icicles»Molland2:32
4.«The Winner»Molland3:18
5.«Blind Owl»Tom Evans3:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Constitution»Molland2:58
7.«When I Say»Evans3:05
8.«Cowboy»Mike Gibbins2:37
9.«I Can Love You»Molland3:33
10.«Timeless»Ham7:39
Bonusspor på CD-utgåva frå 1990-åra
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Do You Mind»Molland3:36
Bonusspor på CD-utgåva frå 2010
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Do You Mind» (Alternativ versjon)Molland3:15
12.«Apple of My Eye» (Tidleg miks)Ham3:02
13.«Blind Owl» (Alternativ versjon)Evans2:52
14.«Regular»Molland2:39
15.«Timeless» (Alternativ versjon)Ham5:27
Ekstra bonusspor på den digitale utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
16.«Get Away» (Alternativ versjon)Molland3:32
17.«When I Say» (Alternativ versjon)Evans3:14
18.«The Winner» (Alternativ versjon)Molland3:15
19.«I Can Love You» (Alternativ versjon)Molland3:37
20.«Piano Red» (ikkje før utgjeven)Ham3:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Pete Ham - solo- og rytmegitar, klaverinstrument, solo- (1,10) og korvokal
  • Tom Evans – bassgitar, solo- (5,7) og korvokal
  • Joey Molland – solo- (2-4,6,9) og korvokal, rytme- og sologitar, klaverinstrument
  • Mike Gibbins – trommer, solo- (8) og korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic-melding av Stephen Thomas Erlewine
  2. http://www.allmusic.com/album/r1167
  3. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn), Volume 1. New York, NY: Oxford University Press. s. 358. ISBN 0-19-531373-9. 
  4. Harris, John (November 2010). «Strange Fruit: Various, Original Apple albums, 1969–73». Mojo. s. 116. 
  5. Matovina, Dan (2000). Without You: The Tragic Story of Badfinger (Pbk. 2nd utg.). San Mateo, Calif.: Frances Glover Books. s. 233–34. ISBN 9780965712224. 
  6. Cavanagh, David (November 2010). «The Apple Remasters». Uncut. s. 112. 
  7. 7,0 7,1 Matovina, Dan (2000). Without You: The Tragic Story of Badfinger (Pbk. 2nd utg.). San Mateo, Calif.: Frances Glover Books. s. 233. ISBN 9780965712224.