Come and Get It av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Come and Get It
Singel av Badfinger
frå albumet Magic Christian Music
B-side

«Rock of All Ages»

Språk engelsk
Utgjeve 12. januar 1970
Innspelt September 1969
Sjanger Powerpop, poprock
Lengd 2:22
Selskap Apple
Komponist Paul McCartney
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Badfinger-kronologi 
«Dear Angie»
(The Iveys)
(1969)
Come and Get It «No Matter What»
(1970)


«Come and Get It» er ein song skriven av Paul McCartney for filmen The Magic Christian i 1969. Songen vart framført av Badfinger, produsert av McCartney og gjeven ut på singel 5. desember 1969 i Storbritannia og 12. januar 1970 i USA på Beatles sitt Apple.

The Beatles (Paul McCartney)-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Come and Get It
Song av The Beatles
frå albumet Anthology 3
Utgjeve 28. oktober 1996
Innspelt 24. juli 1969
Sjanger Rock, pop
Lengd 2:30
Selskap Apple Records
Komponist Paul McCartney
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent George Martin

Paul McCartney spelte inn ein demoversjon på eigahand av songen 24. juli 1969, då han kom tidleg til ei innspeling for The Beatles for albumet Abbey Road. Han song vokal og spelte alle instrumenta.[1] Den største skilnaden er eit meir langsamt tempo og ein noko høgare toneart. Sjølv om McCartney var den einaste som spelte på songen, var han offisielt gjeven ut som ein Beatles-song i 1996 på Anthology 3 etter å ha vore på forskjellige piratkopialbum.

Badfinger-versjonen[endre | endre wikiteksten]

2. august 1969 presenterte McCartney demoversjonen sin til Apple-bandet Badfinger (som då heitte The Iveys) og sa at dei måtte spele inn ein versjon som var nøyaktig lik. Han tilbaud seg å produsere denne songen og to andre Iveys-originalar for dei for filmen The Magic Christian. Bandet følgde instruksane hans.[2]

McCartney valde ut Tom Evans til å syngje songen, etter at alle i bandet hadde fått prøve seg.

Singelen kom ut på Apple Records den 5. desember 1969 i Storbritannia og 12. januar 1970 i USA.[3] «Come and Get It» vart ein hitsingel og nådde sjuandeplassen i USA,[4] og fjerdeplassen i Storbritannia.[5] Songen vart opningsmelodien for filmen The Magic Christian, med Peter Sellers og Ringo Starr.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beatles (Paul McCartney)-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Badfinger-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australia Kent Music Report 14
Canada RPM 100[8] 4
New Zealand (Listener)[9] 1
UK Singles Chart 4
US Billboard Hot 100 7
US Cash Box Top 100 6

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Canada[8] 64
U.S. Billboard Hot 100[10] 48
U.S. Cash Box[11] 45

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av Elton John vart gjeven ut i 2009 på albumet Spirit In The Sky: Rare Sessions 1969–70.

Songen vart sungen på fransk av Celine Lomez med tittelen «Ce que tu veux, je l'ai» (1970).

Songen vart spelt inn av Vic Lewis Orchestra and Singers som ein promosingel og gjeven ut i Storbriannia på NEMS Records i 1969, og i USA på Epic Records i 1970.[12]

Warrant spelte inn songen i 2001 for albumet deira Under The Influence.

Det alternative rockebandet Lazlo Bane spelte inn songen i 2007 på albumet Guilty Pleasures.[13]

Paul McCartney framførte songen live for første gongen i Bologna i Italia den 26. november 2011.[14]

Toots Hibbert og Sly and Robbie spelte songen på The Art of McCartney i 2014.

I nyare tid har Paul McCartney og Alice Cooper sungen songen i lag i supergruppa Hollywood Vampires på debutalbumet deira Hollywood Vampires, gjeve ut 11. september 2015. I tillegg til Cooper og McCartney på solovokal, piano og bass, bestod bandet av gitaristen Joe Perry, Johnny Depp og trommisen Abe Laboriel jr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 182. ISBN 0-517-57066-1. 
  2. The Beatles Anthology, p. 289
  3. Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). «1969 – «But If Paul's Alive, How Did He Die?»». All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 82. ISBN 0-345-25680-8. 
  4. «allmusic - Badfinger - Billboard singles». Henta 10. juni 2018. 
  5. «Chart Stats - Badfinger - Come And Get It». Henta 10. juni 2018. 
  6. «Come And Get It». beatlesbible.com. 14. mars 2008. Henta 10. juni 2018. 
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. januar 2017, henta 10. juni 2018 
  8. 8,0 8,1 «Songs from the Year 1972». Tsort.info. Henta 10. juni 2018. 
  9. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 10. juni 2018. 
  10. «Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970». Musicoutfitters.com. Henta 10. juni 2018. 
  11. «Archived copy». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 27. juli 2016. 
  12. «Vic Lewis Orchestra & His Singers* - Come And Get It / No Other Heart». Discogs. Henta 25. mars 2018. 
  13. «Lazlo Bane's Guilty Pleasures». cdbaby.com. Henta 10. juni 2018. 
  14. «Bologna; Set list». paulmccartney.com. 26. november 2011. Henta 10. juni 2018.