Baby Blue av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baby Blue
Singel av Badfinger
frå albumet Straight Up
B-side

«Flying»

Utgjeve 6. mars 1972 (USA)
Sjanger Powerpop[1]
Lengd 3:37
Selskap Apple
Tekstforfattar Pete Ham
Låtskrivar(ar) Pete Ham
Produsent Todd Rundgren
Badfinger-kronologi 
«Day After Day»
(1971)
Baby Blue «Apple of My Eye»
(1973)


«Baby Blue» er ein song av bandet Badfinger frå 1971 på albumet Straight Up. Songen vart skriven av Pete Ham, produsert av Todd Rundgren og gjeven ut på Apple Records. Han vart kjend fire tiår seinare då han vart nytta i siste episode av TV-serien Breaking Bad, der tittelen syner til den blå metamfetaminen som hovudpersonen Walter White produserer.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Baby Blue» kom ut på singel i USA den 6. mars 1972 i eit blått omslag. Fordi sjefen for Apple, Al Steckler, meinte at songen trengde ei sterkare opning miksa han og lydteknikaren Eddie Kramer songen på ny i februar 1972 med meir klang på skarptromma på første verset og mellomspelet.[2] Dette vart den siste singelen gruppa fekk på topp 20 i USA, då songen nådde 14. plassen på Billboard Pop Singles-lista.[3] Han nådde òg 18. plassen i Sør-Afrika.[4]

Kaoset som byrja å tre fram i den britiske avdelinga til Apple på denne tida kom sterkt til syne med omsyn til denne songen. Medan amerikanske Apple gav singelen eit biletomslag og ein remiks som sikra at han vart ein hit, var ikkje britiske Apple klar over det kommersielle potensialet. Sjølv om singelen fekk eit katalognummer i Storbritannia (Apple 42) vart aldri «Baby Blue» gjeven ut på singel der.[2]

Ny popularitet[endre | endre wikiteksten]

Songen vart populær på ny i 2013 då han vart nytta i TV-serien Breaking Bad under avslutningsscenen i siste episode.[5] Den digitale strøyminga auka raskt kort tid etter episoden var sendt og songen nådde 32. plassen på Billboard Digital Songs-lista veka som enda 19. oktober 2013.[6] Joey Molland, det siste gjenlevande medlemmet i den klassiske besetninga av Badfinger, skreiv kor begeistra han var på Twitter over at songen var brukt i finalen.[7] Han selde godt på iTunes etter sendinga og på grunn av det gjekk han inn på den britiske singellista for første gongen, på ein 73. plass. Han nådde då òg 35. plassen i Irland.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Aimee Mann spelte inn songen som B-side til singelen hennar «I Should've Known» i 1993.[9]

Songar-låtskrivaren Barbara Manning spelte inn songen med bandet sitt, S.F. Seals, i 1994 på albumet Nowhere.[10]

Phil Keaggy spelte inn songen på albumet Blue i 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Badfinger - Straight Up». Allmusic. Henta 20. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 Matovina, Dan. Without You: The Tragic Story of Badfinger. ISBN 0-9657122-2-2.
  3. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 42. 
  4. «Springbok SA Top 20». Henta 10. juni 2018. 
  5. "Why 'Breaking Bad' Chose Badfinger's 'Baby Blue' Arkivert 2014-02-26 ved Wayback Machine., rollingstone.com
  6. Caulfield, Keith (30. september 2013). «'Breaking Bad' Finale's Last Song Surges With 3,000% Sales Gain». Billboard. Henta 1. oktober 2013. 
  7. Molland, Joey (29. september 2013). «Thank you #BreakingBad for choosing Badfinger's original recording of BABY BLUE for the final song. First, the Departed film ... now THIS!». Twitter. Henta 10. juni 2018. 
  8. Suddath, Claire (4. oktober 2013). «Breaking Badfinger: Who's Getting the Baby Blue Money?». Bloomberg Businessweek. Henta 10. juni 2018. 
  9. Aimee Mann – «I Should've Known», Discogs.
  10. Barbara Manning with the San Francisco Seals – Nowhere, Discogs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]