Tom Evans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Evans

Fødd5. juni 1947(1947-06-05)
FødestadLiverpool i England
Død19. november 1983 (36 år)
DødsstadLondon i England
FødenamnThomas Evans Jr
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–1983
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistarBadfinger, The Iveys, The Dodgers, The Calderstones, Them Calderstones, The Inbeateens
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar

Thomas Evans jr. (5. juni 194719. november 1983) var ein engelsk musikar og låtskrivar, mest kjend som medlem av Badfinger. Han var medlåtskrivar på songen «Without You».

Han song i Them Calderstones i Liverpool då han erstatta Dave Jenkins i The Iveys i august 1967. I 1968 fekk dei kontrakt med Beatles-selskapet Apple Records, og dei skifta namn til Badfinger året etter. Badfinger fekk stor suksess tidleg i 1970-åra med singlar som «No Matter What». «Day After Day» og «Baby Blue». Evans og Pete Ham skreiv òg «Without You», som varat ein stor hit for Harry Nilsson og seinare andre artistar. I 1975 utførte Ham sjølvmord, etter at bandet hadde hamna i alvorlege pengeproblem. Badfinger spelte sidan inn to album til med Evans i 1979 og 1981.

Død[endre | endre wikiteksten]

I 1983, etter ein bitter krangel med gitaristen Joey Molland om honorara for «Without You», hengde Evans seg i eit tre i hagen sin. Dei som kjende han sa at han aldri hadde kome over sjølvmordet til Ham.[2] Han etterlét seg kona Marianne og sonen Stephen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

(med Badfinger, utanom der andre er nemnde)

Evans var òg gjesteartist på

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]