Say No More av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Say No More
Studioalbum av Badfinger
Språk engelsk
Utgjeve 1. januar 1981
Innspelt November 1979, oktober - november 1980 i Miami
Sjanger Powerpop[1]
Lengd 37:04
Selskap Radio/Elektra
Produsent Jack Richardson, Steve Wittmack
Badfinger-kronologi 
Airwaves
(1979)
Say No More Day After Day: Live
(1990)
Singlar frå Say No More
  1. «Hold On»
    Utgjeve: 1981
  2. «I Got You»
    Utgjeve: 1981
  3. «Because I Love You»
    Utgjeve: 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Say No More er det siste studioalbumet til den britiske rockegruppa Badfinger. Det kom ut i januar 1981 på Radio Records, og var det andre og siste forsøket til Tom Evans og Joey Molland på gjenskape suksessen Badfinger hadde hatt ti år før. Albumet vart spelt inn i Miami i Florida av Evans, Molland, klaverspelaren Tony Kaye (tidlegare i Yes), gitaristen Glen Sherba og trommeslagaren Richard Bryans. Albumet vart produsert i lag med Jack Richardson.

Airwaves var meir rocka enn det førre albumet til Badfinger og inneheldt ein halvvegs suksessrik singel med songen «Hold On», som nådde 56. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1981. Sjølve albumet nådde berre 155. plassen på den amerikanske Billboard-lista.

Evans-songen «Rock 'N' Roll Contract» var opphavleg spelt inn av bandet for albumet Head First, men dette albumet kom ikkje ut før i 2000.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Got You»Joey Molland3:39
2.«Come On»Tom Evans3:24
3.«Hold On»Evans/Joe Tansin3:24
4.«Because I Love You»Molland2:49
5.«Rock 'N' Roll Contract»Evans5:37
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Passin' Time»Molland3:30
7.«Three Time Loser»Evans3:30
8.«Too Hung Up on You»Evans3:21
9.«Crocadillo»Evans/Roach4:29
10.«No More»Molland3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Evans – bass, gitar, vokal
  • Joey Molland – gitar, piano, vokal
  • Tony Kaye – klaverinstrument
  • Glenn Sherba – gitar
  • Richard Bryans – trommer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Badfinger - Say No More». Allmusic. Henta 20. januar 2015.